Monthly Archives: november 2007

Gratis sikring av berbar

Berbare maskiner er rimelege og populære. Ein dreg dei med seg over alt. Risikoen for å miste ho eller at ho blir stolen er vesentleg høgare enn for ei stasjoner maskin. Med tap av maskin følgjer tap av data. Er du som dei fleste, vil dine data vere opne og tilgjengelege for dei som startar maskina. Sjølv med passord på kontoen og konto oppsett som privat i Windows er data ikkje låst mot dei rette verktøya.

Verksemder og offentlege etatar betalar for programvare som krypterer heile disken. Data er sikra sjølv om maskina går tapt. Den som prøver å undersøke disken vil sjå han som uformatert og fyllt med tilfeldige data. Som dei fleste har ikkje eg lyst til å betale meir enn det som er nødvendig og har funne fram til ei løysing som er gratis for privat og for verksemder:

CompuSec

Før du installerer bør du passe på nokre ting:

  1. Du MÅ ha administrative rettar til systemet. (Vanlegvis køyrer dei fleste Windows frå ein konto med administrative rettar.)
  2. Køyr ein disksjekk slik at du får retta evt. diskfeil.
  3. Slå av anti-virus i BIOS (Vanlegvis er dette avslått.)
  4. Slå av anti-virusprogramvara i Windows før du installerer.
  5. Ikkje køyr anna programvare når du installerer.
Programmet er fullpakka av funksjonar, men du treng ikkje installere meir enn:
  • Pre-boot authentification
  • Hard disk encryption

Dersom du har fleire maskiner, kan du bruke dei same krypteringsnøklane på alle maskinene. Ein krypteringsnøkkel er ikkje det same som passord. Du kan ha forskjellige passord for kvar maskin. Passorda fungerer som ein sjekk på at du har lov å bruke krypteringsnøkkelen. Installer CompuSec på den eine maskina og ta vare på fila securityinfo.dat. Under installasjon på maskin nummer 2, 3 osv passar du på importere «Hard disk key». «Diskette key» og «Removable media key» frå den første securityinfo.dat. Fordelen er då at du kan kryptere eksterne diskar med den same nøkkelen slik at du kan sikre desse og flytte dei mellom maskinene. Berre pass på å ta vare på alle securityinfo.dat-filene. Dei treng du når du skal fjerne diskkrypteringa.

Eg har brukt programmet sidan versjon 4.16 SP3 og det har aldri vore problem med heng, kræsj eller systemhavari.

Nytt innhald på plass og nye idear

Det blir fleire offentlege album. Eg har tenkt å legge ut bilete og informasjon om fjellturar i lokalområdet. Eg kjem til å legg opp kart slik at ein får eit inntrykk av ruta som er gått. Leikanger gir store moglegheiter for frilutsliv både sommar og vinter. Eg kan ta på meg fjellskorne heime og etter ca 3 timar kan ein vere oppe i 1300 – 1500 meters høgd. Sommaren er beste tida for lange fjellturar, men dei som likar seg om vinteren har like bra vilkår. Om sommaren er det er lagt ut mange turpostar i fjellet. Eg er ikkje slave av desse og tek gjerne ein tur der eg ikkje har gått før. I år har eg mellom anna vore i Trastadalen, opp til vatna som Fatlaelva renn frå, Stav og gått Moldbakken ved Havrane over Mjellhaugane til Hangsete og ned att på Njøs.

Har fått testa ut litt forskjellig funksjonalitet med Spaces og har valt å legge opp lenkjer til nettstadar som eigendefinerte html-modular. Desse har ei avgrensing på 2048 teikn, men i forhold til å bruke lister er det mykje enklare sidan eg har kjennskap til html. Eg hadde håpa eg kunne bruke JavaScript som eg kunne lenke inn frå andre serverar, men det kan sjå ut til at dette ikkje kan gjerast av tryggleiksgrunnar. Eg håper listefunksjonaliteten blir betre. Det hadde det vore mogleg å importere excel-rekneark eller tabulator eller komma-separerte filer hadde dei blitt enklare å legge opp og vedlikehalde. Hadde ein kunne valt korleis ein skulle presentert listene som t.d. utvidande lister eller nedtrekkslister, ville det har gjort det mindre monumentalt enn at ein skal presentere rubbel og bit i lista med ein gong.

Oversikt over favorittspel er på plass

Dataspel har eg alltid vore interessant og det ser ikkje ut som om eg skal greie å vekse det av meg, heller. Eg fekk mitt første dataspel rundt 1980, eit Phillips G7000. Hugsa dei skraut på nokre av kassettane at dei var utvida med 2 eller 4 kB. Det var tider det. Ferda gjekk vidare om Spectrum med t.d. Atic Atac og Commodore 64 med karateklassikaren The Way of the Exploding Fist. Det vart ein liten pause i spelinga mellom slutten av 80-talet og midten av 90-talet då eg investerte i min første IBM PC, men sidan har interessa teke til att.

Strategispel med kampar som utviklar seg over lang tid er ikkje noko for meg. Nei, eg må ha action, fart og spenning. 3D-actionspel er favorittane mine. Eg har vore innom det meste frå og med dei gamle Wolfenstein, Spear of Destiny og Doom. Bilspel er òg blant favorittane mine. Ikkje tunge seriøse som t.d. Microprose Grand Prix-serien, med finjusteringar og tilnærma 100% realisme. Nei, ei lett blanding av realisme og moro må det vere.

Sommaren 2002, året Per kom til verda, vart det heller dårleg tid til speling, men interessa byrja å vakne til livet for ei stund sidan. Har ein Xbox, men han står og støvar ned. Eg har vore gjennom eit nokre få spel som t.d. Halo og Need for Speed Hot Pursuit II, men har nok ikkje fått heilt taket på kontrollarane. Tastatur og mus er og blir best i spel. I vår plukka eg fram ein gamal klassikar; Far Cry. Ulempa er at slike spel krev meir av grafikkortet enn det eg hadde i utgongspunktet. Fekk oppgradert til eit Geforce 7600GS som gav ei heilt anna oppleving av spelet. Har for 1 veke sidan byrja på Half Life 2. Har kome eit stykke og storkosar meg. Ei god historie og rimeleg fritt spelerom med masse utfordringar er skikkeleg morosamt.

Pr. 08.11.07 har albumet med favorittspel eit historisk sus. Det nyaste spelet som er lagt inn er Soldier of Fortune II.

Gamal nettbok blir flytta gradvis til Spaces

På slutten av 1990-talet og fram til 24.10.2004 hadde eg eiga "nettbok" med 100vis av sider. Mot slutten strakk ikkje tiden til. Det var lenge mellom kvar redigering og tilpassing og eg valde å fjerne nettboka. I løpet av 2007 har vurdert å gjenopprette ho, men sidan Microsoft FrontPage ikkje eksisterer lenger var eg usikker. Eg kjende FrontPage rimeleg godt og har ikkje tid til å lære meg eit nytt program frå grunnen av og bygge om sidene til dette programmet.

Eit space ser ut til å vere grei nok til å legge ut deler av den gamle nettboka.