Daily Archives: 21. desember 2007

Dårlegare sikra mot virus enn for eitt år sidan

Plukka opp ein liten artikkel frå Heise Security der ein har testa 17 ulike pakkar med anti-virusprogramvare.

Eg beit meg mest fast i korleis anti-virusprogramvara takla «behavioural blocking», dvs. sperre for uønska aktivitet frå ein eller anna infeksjon der programvara ikkje har vorte identifisert som virus eller ei anna plage. Berre F-Secure greidde dette. Nokre program kunne unntaksvis takle nokre av dei 12 infeksjonane. Medan meir enn halvparten av pakkane ikkje greidde det i det heile.

Alle skal ha lik tilgang til offentleg informasjon

Regjeringa har vedteke å satse på opne standardar:

  • HTML skal vere primærformatet for publisering av offentleg informasjon på Internett.
  • PDF (1.4 eller nyare eller PDF/A – ISO 19005-1) er obligatorisk i tilfelle der ein ynskjer å ta vare på opphavleg utsjånad på eit dokument.
  • ODF (ISO/IEC 26300) skal brukast til å publisere dokument som skal kunne endrast etter at du har lasta det ned, til dømes skjema som skal fyllast ut av brukaren.

Krava vil tre i kraft 1. januar 2009 for statlege verksemder.

Informasjon skal ikkje vere avhengig av at du må kjøpe programvare for 1000vis av kroner. Skjemautfylling kan skje i pakkar som støttar Open Document Format. I dag gjer StarOffice, OpenOffice og Lotus Symphony dette. Dei to siste pakkane er gratis, medan den første kostar nokre få kroner. Har du ein Google-konto får du StarOffice i engelsk versjon, men med norsk stavekontroll tilgjengeleg, gratis med Google Pack. Pakkane inneheld all kontorprogramvare du treng: teksthandsamar, rekneark, presentasjonsverktøy, database (StarOffice og OpenOffice) med meir. Pakkane er fullverdige Word-, Excel- og Powerpoint-erstattarar. Databasen er pr v 2.3.1 i enklaste lage med omsyn til import og eksport, men fungerer greitt til eigenutvikla databasar eller som brukarfront for andre databasar.