Monthly Archives: januar 2008

Tur: Lusaskard

LusaskardLusaskard er det høgaste punktet mellom Njøsadalen og Henjadalen. Ein kan nå toppen frå ulike kantar, men den mest brukte er nok turen frå Skagasete på 589 moh opp forbi Sjonarhaug, Rjupeskar, Stortistelen til Lusaskard på 1.004 moh.

Til Skagasete kan ein kome seg på ulike måtar. Den mest komfortable er nok å ta bilen og køyre fram Njøsadalen og opp til Skagasete, ein tur på 5 km. Har du ikkje bil eller ein låg bil kan du gå fram vegen, men det blir langt i forhold til å ta turen opp frå Kvålen til Haoahaug og vidare til Skagasete. Turen er går gjennom skogen med ei kraftigare stigning, men er er berre på ca 2 km. Ein føler seg betre når ein snur seg på nederste Skagasete og nyt den frie utsikta ned mot Hermansverk og over fjorden til Borlaug. Ho blir ikkje den same utan eit snev av mjølkesyre i beina.

På Skagasete finn ein skilt som peikar til Lusaskard. Stien går opp svaberga nord for skilta og boksen med turboka. Den første og brattaste biten går opp til ein foringsplass for sauer før stien går inn i småskog opp til ein nærmar seg myrene under Rjupeskar. Her går den offisielle stien i ein boge mot vest før den rundar nord og til aust att over ei større myr. Sjølv meinar eg at her må ein bruke kortaste veg mellom punkta bogen startar og endar i. Eg vel å gå tvert over og sparar 2/3 av distansen på dette. Mitt alternativ går gjennom ein liten skog og kryssar eit par små avrenningsgrøfter for myra. Du treng berre ta eit litt lengre steg for å kome over. Slike må du også passere på den lange turen i myra. Mitt alternativ er tørt eller i det minste garantert tørrare, noko som er ein klar fordel om du går i joggesko. Eg meinar stien burde på vore merka om slik at ein kan kome seg tørrskodd forbi myra.

Når du har kome opp ved Rjupeskar, går du ut av småskogen og får Lusaskard. Turen frå Rjupeskar til foten av toppen til Lusaskard er den slakaste av turen. På stien går du forbi ein liten bekk som kjem frå toppen av ryggen frå Skagasetfjellet til Lusaskard. Her pleier eg å ta meg ein slurk eller fylle vassflaska. Kjem du forbi på seinsommaren kan det godt hende at han er nærast tørka ut. Som eit alternativ, kan du gå opp på Skagasetefjellet når du har kome over skogen og følgje ryggen opp på Stortistelen før du går ned litt og opp att på Lusaskard. Det er nokre myrer i dette alternativet, men dei er ikkje vanskelege å ta seg rundt. Risikoen for å bli våt med joggesko er der, men du får i bytte utsikt mot Kjeringafjell, Kjeringi, Sevi, Stokksete og Voggebreen.

Ved foten av toppen på Lusaskard er det fritt fram å velje korleis du vil kome deg opp til varden. Du kan følgje stien, men du kan også velje å gå rett på eller ta runden og gå opp på baksida. Bileta som eg har lagt ut er når du følgjer den vanlege stien opp, men du ser sjølv at det ikkje er farlege heng eller noko anna som hindrar deg frå å gå opp kor hen du vil.

Turen til Skagasete er delt opp i tre deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til og med bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
    Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen
  3. Skagasete til Lusaskard

Dine data på avvegar?

Før var det vanleg å ta bakcup til tapar og plater. Å øydelegge desse var enkelt. Ein CD brenn bra og tapen kan lett gjerast så pass øydelagd med ein kraftig magnet og saks at kostnaden med å rekonstruere dataene vil vere av liten interesse for enkeltpersonar. I dag baserer vi oss på minnepinnar, minnekort, interne og eksterne platelager. Lever du i trua at at filene og innhaldet er borte for alltid når du slettar dei i utforskaren eller hurtigformaterer mediumet Windows, må du tru om att. Det einaste du oppnår er det same som å rive ut innahaldslista i ei bok. Sidene er der framleis og kan lesast. Innhaldslista kan enkelt gjenopprettast.

For å vere sikker på at det ikkje ligg att restar av dine data på utstyr du kvittar deg med, bør du bruke program som Eraser til overskrive mediumet. Eraser har fått plass i lista mi over essensiell programvare.

Er det ei komplett maskin med systemdisk du sel, er det berre å installere Windows på nytt og så Eraser. Installasjonen av Windows vil overskrive ein del av dataene dine. Eraser kan ta seg av ubrukt plass slik at alt det gamle blir borte.

Ta og gjenopprette diskbilete med CloneZilla

Når du får problem med Windows, tilbyr leverandøren gjenopprettingprogram på platelageret, -cdar eller -dvdar som tilbakestiller maskina til same stand som då du kjøpte ho. Over tid installerer du program og tilpassar programma eller Windows ditt bruk. Det er svært irriterande å måtte resette ho til kjøpsdagen dersom ein ikkje hugsar halvparten av installeringane og tilpassingane som er gjort. Det kan ta dagar å få alt tilbake på plass att.

Eg har i fleire år nytta Norton Ghost 2003 til å ta eit diskbilete frå tid til anna slik at eg slepp å reinstallere, oppdatere og tilpasse frå t.d. 2003. Eg tek diskbilete av maskinene sin disk med operativsystemet utan brukarfiler. Eksterne diskar er svært billige og det er lurare å ha ei eiga rutine på å sikkerheitskopiere brukarfiler som dokument, bilete og videoar oftare. Eg tek sikkerheitskopi dagleg eller med få dagar mellom til ein nettverksdisk. Ca ein gong i månaden vert sikkerheitskopiane lagt på ekstern disk.

I 2007 stod valet om å oppgradere til ein nyare versjon av Norton Ghost, som er tilpassa dagens maskinvare, eller prøve noko anna. I løpet av 2007 har eg testa Clonezilla kombinert med Gparted. Begge er gratis. Dei første versjonane var lite brukarvenlege. Hausten 2007 har det blitt langt betre. Dei fleste vil kunne bruke denne løysinga.