Tok på meg langrennsskia i dag og gjekk til Fagreggi. Sjølv om det har vore vått nær sjøen, er forholda noko heilt anna på 1000 meter. Masse snø vil kome godt med til neste helg då Sognefjordrennet går av stabelen. Vi får krysse fingrane og håpe at vergudane er på vår side den 15.03.2008.