Monthly Archives: mai 2008

Tur: Kvålen via Haoahaug til Skagasete

Skagasete er ein støl på 589 moh på Hermansverk. Du kan skimte sæl/hytter mot himmelen frå Njøs og frametter Gjerde og Moene. For å kome opp på Skagasete eksisterer det minst 3 alternativ. Den vanlegaste turen er å starte på Kvålen og gå via Haoahaug. Eit lengre alternativt er å følgje traktorvegen til Skagasete. Eit tredje alternativ er å starte på toppen av Dalenfeltet.

På turen via Haoahaug følgjer du ikkje traktorvegen, men tek av, opp skogen, like etter grindene ved starten av Njøsadalen. Litt over Haoahaug møter du på stien som kjem opp frå Dalenfeltet. Stien til Skagasete frå Haoahaug er tydeleg. På turen passerer du gamle kvilesel/kvilehytter, løer på attgrodde teigar, nyrydda teigar, kraftliner og forbi gamle almar. Seinvåres og på seinsommaren kan du møte sauer. Dei er van med at eigarane kjem med noko til dei, så det kan verte litt styr når lam og sauer kjem deg brekande i møte. Om sommaren kan det gå kyr eller hestar ved stien. Dei er meir beskjedne og bryr seg lite om at du kjem pesande forbi.

Turen er eit godt alternativ for dei som synes at Bjørgahaug blir litt for bratt og luftig eller dei som ønskjer at turen skal ta litt lenger tid. Her er det ingen stupbratte berg du må gå langs og turen har noko svakare stigning. Bjørgahaug ligg på ca 300 moh med 240 høgdemeter å gå. Skagasete ligg på 589 moh og frå Kvålen skal du opp i underkant ca 450 høgdemeter. Dei skal fordelast over ein dobbel så lang tur, men eg skal lova deg at du vil få sveitte. Du bør rekne med 45 min til timen, som er vel dobbel tid av turen til Bjørgahaug. Frå Skagasete kan du halde fram vidare til Lusaskard på 1000 moh eller du kan gå mot Hottadalen.

Turen til Skagasete er delt opp i to deler:

  1. Kvålen til Haoahaug
  2. Haoahaug til Skagasete

Tur: Hangsete

Har du teke turen til Bjørgahaug, bør du vurdere om du vil gå til Hangsete. Hangsete er ein støl som ligg eit stykke over der Fatla-elvi stuper ut over fjellet. Stien er lett å følgje og er ikkje så bratt som første delen opp til Bjørgahaug. Frå Bjørgahaug går du innover og i sikk sakk opp til Anhovden. Dette er den brattaste delen. Etter Anhovden går turen innover mot Fatlaelva i slak motbakke. Ved Ste er det rydda for eit utsiktspunkt med gapahuk i 2014. Ta deg ein pause her og nyt utsikta over fjorden. Har du med deg kikkert og er der på det rette tidspunktet kan du studera nærare på cruiseturistane som kjem inn og ut frå Flåm.

På Hangsete er det god tilgang til vatn, så du treng ikkje ta med drikke. Frå Njøs bør du rekne med at turen tek 1 time og 30 minutt. Hangsete treng ikkje vere endestasjon for ein turgåar. Du kan gå over til stølen Kråkesete, på motsett side av Fatleelva, i Sogndal kommune. Frå Kråkesete skal det vere ein sti ned til Slinde.

Du kan halde fram innover bak Mjellhaugane til nokre vatn og/eller gå til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Går du langs Mjellhaugane, på vestsida, kan du gå ned Kvannskar eller Moldbakken og kome ned Njøsadalen. Frå Havrane eller Kvannskar kan du gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs.

Turen frå Njøs til Hangsete har eg delt inn 2 deler:

  1. Frå Njøs til Bjørgahaug
  2. Frå Bjørgahaug til Hangsete

Frie og opne standarar for å sikre informasjonsflyt må sikrast!

The Hague Declaration
Adopted and proclaimed
by the founders of the Digital Standards Organization
in The Hague on 21 May 2008.

……

We call on all governments to:

  1. Procure only information technology that implements free and open standards;
  2. Deliver e-government services based exclusively on free and open standards;
  3. Use only free and open digital standards in their own activities.

Venlegast signer dette oppropet

Nok ein meingslaus debatt på Redaksjon EN

Dagens tema er noko så viktig som bensinpris i Noreg.

Vi har hatt gode lønsøkningar og låg arbeidsledigheit dei siste åra, og så tåler vi ikkje ein pris på 13-14 pr liter? Folk har store hus, fleire bilar, heimekino, pcar, klede, dyre feriar og gjerne hytte og/eller båt. Vi har aldri hatt det betre. No kan til og med dessertgenerasjonen gå av med AFP ved 62 år og i tillegg halde fram i full jobb med full løn. Dessertgenerasjonen bygde hus når moms vart innført og fekk refundert momsen. Renta var statstyrt og langt under prisstiginga slik at prisstiginga åt opp lånet deira. Foreldrene deira sleit seg ut for å bygge opp landet sidan 30-talet og etter krigen. Dessertgenerasjonen klagar over at dei er utslitne. Dei veit vel ikkje kva utslitne er. Når ein fekk innført alderspensjon ved 67 år, var vel levealderen noko over 70 år. La oss sei 73 i snitt for menn og kvinner. Det var ikkje mange år før snittnordmannen vart lagt under torva. Oppteninga var ikkje stor og mange var minstepensjonistar. Totalkostnaden vart ikkje høg.

SSB sin befolkningsstatistikk avslører at levealderen har endra seg gradvis. I 2006 kunne nyfødte jenter forvente å leve i nesten 83 år og nyfødte gutter vel 78 år. For tjue år sidan (1986), var dei tilsvarende tala 79 og 73 år. Går ein person av med pensjon ved 62 år, kan ein forvente at vedkomande i snitt vil gå 18 år på pensjon. 18 år kontra 6-7 år er mykje. Dei som kjem til å betale rekninga er meg og deg og våre barn. Ikkje kom med at vi brukar oljefondet til dette for det gjer vi. Er det rett bruk av oljefondet?

Politikarane har store vyer om at vi skal bygge opp ei kunnskapssamfunn. Foreldre går med stjerner i augene og forventar at avkommet skal gå lenge og vel på skule og få seg viktige, godt overbetalte stillingar med store moglegheiter for vidare utvikling og sjølvrealisering. Eg berre spør, kven skal utdanne desse? Er vi villig til å betale slik at dei beste utdannar våre håpefulle? Er lærarjobben noko samfunnet ser på som eit kall? Sang ikkje nokon om «losing my religion» for nokre år sidan? Er det ikkje marknaden som styrer? Kvifor skal ikkje marknaden styre dei som vi vil skal bygge Norge til nye høgder? Er Noreg på veg til å bli som Spania etter alle erobringane og plyndringane for fleire 100 år sidan? Når alt er brukt opp, sit vi att som fattiglus utan å ha investert noko for framtida.

Redaksjon EN må vere NRK sitt absolutt dårlegaste program. Til og med finsk fjernsynteater er betre. Debattane er populistiske og direkt førande. Naturlegvis vil alle ha billegare bensin. Ingen vil betale meir enn nødvendig så heile tema er ledande. Helst skulle ein hatt det gratis. Ein skulle ikkje hatt behov for å gå på jobb. Ein skulle hoppa i fallskjerm, klatra Mount Everest og alt anna uvesentleg. Kom an gi Dykk!!!!!!! Her svelt folk i verda fordi matprisane, ifølgje Al Jazerah, har auka ein 4 gonging i fattige land sidan år 2000. Var det ikkje på Haiti ein laga sølekaker og åt for å stille svolten? Om bensinprisen er 13, 15, 16 eller 17 bør vi gi blanke i.

Indiana Jones og Krystall-hodeskallenes rike er ein dårleg reklamefilm

Indiana Jones-filmene var ein del av mi ungdomstid og eg har samlingen av dei 3 første på DVD. For meg er desse 3 dei einaste Indiana Jones-filmane. Den fjerde er skikkeleg dårleg handverk. Filmen framstår som ein reklamefilm for George Lucas sitt spesialeffektselskap Industrial Light and Magic Ltd. Historien er for heseblesande og totalt utan sjarm. Hendingar som Indy må gjennom er så lite truverdige at det berre ville gått i ein teiknefilm og det er logiske bristar i forteljinga.

Mi første bange aning til at dette kunne blir ein skikkeleg dårleg film kom allereie i starten. Filmen byrjar med ein hot rod som tek att ei militærkolonne. Dei utfordrar ledarbilen til å kappkøyre. For meg ser det ut til at det skjer ei kappkøyring. Når ho vert avslutta ved at bilen svingar inn til avkøyringa til Area 51, så held lastebilane følgje med leiarbilen i kolonna som har kappkøyrt.

Filmen er sett på slutten av 50-talet. Litt fram i filmen når Indy saman med ei russisk kjempe dett ned til ei rakkettdriven testkøyretøy på skinner. Nedteljinga blir sett i gong og eg reagerte på at ho vart vist på ei tavle med lysdiodar eller led. Etter det eg har funne ut vart led først oppfunne av 4 uavhengige forskargrupper i 1962.

Det neste er atombombetesten. Indy gøymer seg i eit blyskjerma kjøleskåp. Eksplosjonen og trykkbølgja smeltar alt og bles husa til pinneved. Kjøleskåpet blir kasta langt av stad, men er ikkje merkbart påvirka av varmen som elles svir av det meste. Bly har lågt smeltepunkt og isolasjonen i kjøleskåp er vel KFK-basert skum på dette tidspunktet. Ingen ting skulle tilsei at kjøleskåpet kan tåle noko slik. Det går kast i kast og skåpet er like intakt. Ikkje er det rammeskeivt og det opnar seg ikkje før Indy kastar opp døra innafrå. Han er like heil og ikkje fortumla etter rundkasta. På dette tidspunktet byrja filmen å irritere i stadenfor å underhalde.

Eg vel å spole fram mot slutten. Indy med fleire er tekne til fange av russarane og vert transportert gjennom jungelen i Amazonas med ei ryddemaskin som kappar og kvernar tre først for så å frese og valse vegen som bilane køyrer. Farten er høg og lite truverdig, men kan takast med ei solid klype salt. Det blir slåsskamp. Indy med hjelp av dei andre får kontroll over den eine lastebilen. Han hentar fram ein bazooka og skyt sund ryddemaskina. Etter dette blir det forrykande slåss og fektescener i ein jungel der ein held fram å køyre på vegar. Korleis kan det vere veg i jungelen når rydde- og vegleggingsmaskina er borte? Og ikkje nok med det. Korleis er det plutseleg plass til fleire køyretøy i breidda?

Mot slutten må dei ned tre fossefall i ein amfibiebil. Det er høge fall og dei krabbar opp att i bilen kvar gong ikkje nemneverdig påverka av forholda. Det er så lite truverdig at det ikkje er underhaldande men direkte irriterande. Eg vil ha pengane igjen.

Mitt terningskast til filmen er 1 som spelefilm. Som reklamefilm for Industrial Light and Magic Ltd kan eg nødig strekke meg til 2. Vi har sett effektane før og dei er ikkje godt utførte i denne filmen. Det verste er at det blir berre eit laaanngt gjesp. Til alle som tenkjer seg å gå på filmen:

  • Spar pengane, fornekt at filmen er ein Indiana Jones-historie. Kjøp DVD-samlinga med dei 3 filmane frå 80-talet og kos Dykk med dei.

Til Steven Spielberg og George Lucas:

  • Var denne filmen nødvendig?

Det var ikkje så mykje eg fekk med meg. MovieMistakes har funne langt fleire feil i filmen.

Tur: Bjørgahaug frå Njøs

Dette må vere den mest populære turen på Leikanger. Ikkje er turen lett. Eg trur kombinasjonen av intensivitet over eit relativt kort tidsrom med utteljing i ei fantastisk utsikt er det som gjer han populær. Eit godt tips er å ta med ein god og lett kikkert i rumpetaska/sekken saman med litt drikke.

Ein kan kome seg til Bjørgahaug på minst to måtar. Den eine går frå Sanden, ca. 400 meter frå Fatla-elva. Den andre går frå Njøs via Hjedlene. Opp til Hjedlene byr ikkje turen på spesielle utfordringane. På Hjedlene går du inn på Kidlestigen. Stien er går i sikk sakk oppover fjellsida og er til tider svært bratt og luftig. Namnet til stien er ei blanding av geitekje og sti. Når du har gått han, vil du skjøne at namnet er svært treffande. Stien ber preg av mykje trafikk og er lett å følgje. Har du berre tid til å ta ein tur på Leikanger, er dette turen du skal ta. Frå start til toppen vil ein godt trena person bruke frå 15 – 20 minutt. Ein turgåar må rekne med 30 – 45 minutt. Smerten og slitet vert oppvegd av ei fantastisk utsikt, spesielt på den første halvdelen. Når du har kome til topps, får ei fantastisk utsikt over Leikanger kommune, Balestrand, Vangsnes, Feios og Borlaug på sydsida av fjorden.

Frå Bjørgahaug ligg fjellet ope for tur til Hangsete eller Kråkesete, to stølar som ligg over Fatla-elva. Du kan ta deg ein langtur til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Du kan gå over Mjellhaugane eller Bergsete og ned Moldbakken til Havrane. Frå Havrane kan du gå ned til Tuftahaug eller Fadnastølen i Njøsadalen og gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs.

Traktorvegen mot Hangsete er eit alternativ om Kidlestigen blir for luftig for deg:

Tur: Raumålsgrinda

Turen til Raumålsgrinda er ein kort tur etter gamal sti. Turen startar på Skahaug, ca 1,5 km frå parkeringsplassen på Kleppa. Du kryssar gamle vatningsveiter til gardane på Henjum. I 2012 vart det teke ut skog i området. Ein følgje av det er at turen er mykje opnare. Du har utsikt ned mot Hermansverk  på mykje av turen.

Det kan til tider vere ein del fuktigheit på stien som saman med røtter til tre, barnåler, kongler og svaberg gir ein viss risiko for å skli, spesielt på vegen ned att. Etter ca 1 km gange kryssar stien ein grusveg som vart laga til i samband med eit nytt høgspentstrekk for nokre år sidan. For dei som ønskjer å ikkje gå til Raumålsgrinda, kan ein gå 1 km tilbake til vegen som går til Kleppa for deretter å gå ned att ca 1 km til utgongspunktet. For oss som held fram til Raumålsgrinda, går ein ca 100 meter opp ein traktorveg før ein følgjer stien ut mot Henjedalen. Etter 50 meter kjem stien saman att med spor frå skogsmaskinene. Med andre ord kan du følgje spora til skogsmaskinene. Maskinene har køyrt opp Raumålsbakkane og nesten heilt fram til Raumålsgrinda.

For å sleppe å ta turen ned same vegen, kan du følgje stien tilbake til Kleppa og gå ned vegen til Skahaug. Du må gå ca 50 meter i retning mot Stokksete, før du går til venste og inn i skogen. Eg vil absolutt tilrå at første gongen du tenkjer på å ta ein slik rundtur så parkerer du på Kleppa går derifrå for å gjere deg kjent med kor stien startar over Raumålsgrinda.

Raumålsgrinda er ein mellomstasjon for tur til Stokksete. Frå Stokksete passar det å gå vidare og kome ned att på parkeringsplassen på Kleppa. Vil du ikkje til Stokksete, kan du følgje ein sti som går tilbake til parkeringsplassen på Kleppa frå Raumålsgrinda. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørkletten for deretter å gå ned att på Kleppa.

Turen til Raumålsgrinda gir deg med andre ord eit allsidig utgongspunkt for flotte turar i fjellområdet på vestsida av Henjadalen.