Far Cry 2 blir øydelagt av DRM

Eg syntes Far Cry var skikkeleg bra. Spela første delen på ein heller blodfattig pc. Siste del vart spelt på ein litt sprekare pc og grafikken var fantastisk. Hadde sett fram til Far Cry 2 som eit av dei svært får spel eg kunne tenkt å spele men nok ein gong øydelegg foreleggar det med DRM som også blir inkludert på Steam:

Some of you have been asking about the copy protection used in Far Cry 2. Here’s a summary of how it will work:

  • You have 5 activations on 3 separate PCs.
  • Uninstalling the game “refunds” an activation. This process is called “revoke”, so as long as you complete proper uninstall you will be able to install the game an unlimited number of times on 3 systems.
  • You can upgrade your computer as many time as you want (using our revoke system).
  • Ubisoft is committed to the support of our games, and additional activations can be provided.

We’ll keep an eye out for any other major questions on this matter and update this sticky accordingly.
________________
Ubi.Vigil
Community Manager Ubisoft UK

Ser på papiret ut til å vere betre enn anna DRM. Han skal «gi tilbake» ein aktiveringa når du avinstallerer. Hovudankepunktet er mange år fram i tid. Eg spelar Half Life 10 år etter det kom ut og treng berre CD og nøkkelen (koden) for å installere og spele det. Eit godt spel kan besøkast mange gonger. Star Wars Jedi Knight: Jedi Outcast og Medal of Honor (det første) har eg spelt 2 eller 3 gonger over fleire pcar etter kvart som tida går. Blir eg ikkje ferdig på ein pc med eit spel, kan eg installere/flytte det fritt på ein anna og flytte lagringane over. Slik får eg spela det ferdig samtidig som eg kan skru grafikk og effektar på topp og nyte det i all si prakt.

Far Cry 2 må på same måte som Windows aktiverast. Har vi ikkje lært av Windows Media Audio DRM-format? Kva skjer når nettbutikken går konkurs eller legg ned og du går tom for aktivering etterkvart som musikken er flytta til stadig nyare pcar eller spelarar? Kjøp musikken ein gong til du og musikkbransjen gnir seg i hendene og tenkjer: «For ein fantastisk måte å omsette ei vare mange gonger.»

Kva skjer når Ubisoft er konkurs og/eller dei legg ned aktiveringsserverane sine?

Du er fanga og vil aldri kunne spele Far Cry 2 att fordi det ikkje er noko der som kan aktivere spelet.

Kor korttenkt går det an å bli i underhaldningsbransjen?

Går dei rundt med skylappar og ikkje registrerer det som skjer med nettmusikk: Bort med DRM.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.