Monthly Archives: juni 2009

Berbart utstyr utgjer ein risiko, spesielt i ferietida

Acer Aspire One. Bilete henta frå http://www.acer.no/ Det siste året har det vorte selt mange rimelege mini-berbare med Asus og Acer i leiinga. Ordinære berbare har også vorte rimlegare og kraftigare. Ein ønskjer berbart utstyr framfor stasjonere maskiner, med mindre ein har spesielle behov. I dag vil ein ha fridomen til å sitje kor som helst og vere kopla til internett når som helst. Med fridomen følgjer også ulemper og eit ansvar for å sikre at dine sensitive data, som passord på ulike nettstadar, bilete, e-post og dokument kjem på avvegar. Det er berre å tenkje seg litt om, så hugsar du sikkert personar som har hatt uheldige episodar. Ting har ein tendens til å spreie seg i dag som “eld i turt gras” i dag. Still deg spørsmålet:

Har eg noko på min berbare som eg vil at andre ikkje skal få tak i?
Er spørsmålet Ja, bør du lese vidare.

NA0388Før, når stasjonere maskiner var mest populære, stod desse i huset som du låste huset når du tok deg ein tur. Skulle nokon ha tak i dine data, måtte dei fysisk bryte seg gjennom ei sperre. Berbart utstyr blir teke ut av denne sikringa. Felles for produsentane av berbart utstyr er at dei ikkje tilbyr at dine data skal sikrast mot denne risikoen. Maskiner blir levert med operativsystem og oppsett som gjer at dine data er tilgjengeleg for den som får tak i maskina di. Sjølv med passord på kontoen og kontooppsett som privat i Windows er dine data ikkje sikra.

No vil dei som har kjennskap til Windows Vista hevde at Vista vert levert med eit slikt verktøy. Ja, versjonane Vista Business og Vista Ultimate har eit slikt verktøy: BitLocker. Problemet er at dei maskinene vi som privatpersonar kjøper vanlegvis har Vista Basic eller Vista Home Premium som ikkje har BitLocker. Windows XP, som blir levert på dei aller fleste mini-berbare, har heller ikkje slik funksjonalitet.

Verksemder og offentlege etatar krypterer heile disken for å sikre seg mot at data kjem i feil hender. Det same bør du også gjere og det er ikkje farleg eller vanskeleg. Einaste forutsetninga er at du tek backup av alle dine data før du startar, dersom uhellet skulle vere ute. Med så mange gode tilbod på eksterne platelager, er det inga orsaking å ikkje ta backup. Med systemkryptering blir heile disken kryptert og ikkje separate filer. Det er ikkje mogleg å lese innhaldet på disken utan å ha passordet eller kodesetningen. Den som prøver å undersøke disken, vil sjå han fyllt med tilfeldige data.

Truecrypt

truecryptEg har tidlegare teke for eit verktøy i eit innlegg her på bloggen. Eg har valt å gå over til Truecrypt som, sidan februar 2008, har vorte utvida til å omfatte full systemkryptering. Truecrypt hadde frå før moglegheit til å generere virtuelle diskfiler, kryptere minnepennar, minnekort, eksterne platelager og andre deler av disken som ikkje er systempartisjonar. Kort og godt eit komplett, gratis verktøy for å sikre data på ein enkel måte. Truecrypt er også optimalisert til å dra nytte av dagens prosessorar med 2 eller fleire kjerner. Du vil ikkje merke nokon vesentleg hastigheitsreduksjon.

Før du byrjar med systemkrypteringa bør du hugse:

  1. Har du laga gjenopprettingscd/-dvdane til maskina?

    Mange maskiner blir levert med verktøy for å lage gjenopprettingscd/-dvdar. Alltid opprett desse CD/DVDane slik at du kan gjenopprette maskina til fabrikkstandard når du skal selje ho eller om Windows får ein skikkeleg vondsinna infeksjon av virus eller anna dritt.
  2. Backup av dine data for sikkerheits skuld.Tøffe gutar tek ikkje backup, tøffe gutar gret mykje. Ta backup av data med jamne mellomrom!
  3. Ein CD-R med mindre du legg inn eit mellomrom og /n i snarvegen til Truecrypt.Det siste gjerast dersom du skal kryptere system på ein berbar eller mini-berbar uten CD/DVD/BlueRay-brennar. Årsaka er at Truecrypt prøver å vere idiotsikker ved å krevje at du lagar ein rednings-cd, som Truecrypt verifiserer, slik at du kan få tilgang til dine data dersom seinare eit virus rotar til oppstartsdelen av disken. Denne idiotsikringa kan vere litt tungvinn. Ein måte å sikre at fila ikkje blir liggande på ein kryptert disk, fanga til evig tid, er at du legg fila på ein minnepinne eller ekstern disk. Ein rednings-cd kan seinare lagast av fila på ein anna pc. Berre pass på å ikkje mikse saman filer. Ei redningsfil/-cd er IKKJE universell, men spesifik for kvar pc som du krypterer disken på.
  4. Tenkt ut ein god kodesetning.

    Det er betre med ein god kodesetning, som er lett å hugse, enn eit langt intetsigande passord. Eksempel er setningen for å hugse tonane på strengene til ein 6-strengs gitar: “En Annen Dag Gikk Han Ensom” Bruk store og små bokstavar samt tal. Unngå norske bokstavar som æøåÆØÅ og andre teikn. Tastaturoppsettet er ikkje det same i først oppstartsfasen til maskina som i Windows.

meny Når 1-4 er klart, kan du setje i gong og velje menyen System > Encrypt System Partition/Drive og følgj instruksjonane. Etter at maskina har gjennomført ein del steg inklusive restart og Truecrypt har funne at alt fungerer som det skal, vil du kome inn att i Windows og kryptering av disken startar. Du kan arbeide med maskina medan dette pågår.

Kraftverk i Leikanger

Troeggi Det har vore ein del støy rundt kraftverket i Leikanger i Sogn i våren 2009. Motstandarar bruker eit kvart knep og eit av hovudargumenta er ofte naturopplevinga (i Henjadalen). Eg har gått i fjella frå Hella med Storholten og Troeggi i vest til Skriki i aust. Frå nord har eg vandra nesten til/frå grensa til Fjærland i Grindsdalen og frå Gunvordalen (nesten på Vatnasete) til Hermansverk. Sidan eg kjenner naturområda rimeleg godt, kan eg ikkje skjøne kva dei meinar er så flott med dalar med grusa veg. Å spasere på grusveg nede i ein dal er kort og godt kjedeleg. Takka vere at vi nesten ikkje har sauer att, til å halde vegetasjon nede, er sidene mykje grodd att eller på god veg til å bli det. Det er ikkje lett å finne att gamle stiar i liene.

Skrik Nei, skal ein ha ei naturoppleving, må ein opp over tregrensa. Ikkje noko er flottare enn Troeggi, Mælen, Hest, Kjeringi, Skrik, Lusaskard og Synnevaskjær. Og då sit eg ikkje å studerer Grindsdalen eller Henjadalen. Dei er berre nødvendige «transportetappar» for å kome opp eller ned. Eg har høyrt hjartesukk frå folk over kor lite spanande og interessant vandring det var frå Åsenosi, fremst i Henjadalen, til Syril stadion. Nei, eg har ikkje nøkkel til bommen så ein god marsj er einaste alternativet. Eg har heller ikkje suv, så Huksdalen (austsida av Grindsdalen) fordrar også ein lang marsj.

Energi er ikkje noko vi kjem til krevje mindre av. Etterkvart som olje og gassressursar går tomme eller dei ikkje blir politisk eller økologisk korrekte nok lenger, må vi erstatte dei med andre former for energi. Vindmøller skapar store stridar. Hundrevis av vindmøller plassert på land, så vel som i havet, ser ikkje bra ut. Det er store monster som produserer dyr energi. Eg kan heller ikkje sjå for meg at solfarmar, med titusenvis av kvadratmeter med solceller, skal vere betre. Dette er langt meir skjemmande enn nokre små inngrep, skjult langt inne i to dalar.

Kvinnafossen Ikkje vil inngrepa skjemme fronten mot Sognefjorden fordi dei skjer langt inn i dalar, som buktar kilometervis – om ikkje ei mil – nordover. Turistar på cruiseskip og private yachter vil vere uanande om kva dei djupe dalane skjuler. Elvene våre er knapt synlege frå der båtane passerer, like oppunder Borlaug, på veg til Flåm og Gudvangen. Og så var det fiske. I Henjaelva er det stopp etter ca 1 km opp elva, under ei demning, for fisk. Laksehøl var/er ein attraktiv plass, men sidan eg var barn var dette ein plass som ikkje var tilgjengeleg for ålmenta. Her vart ein jaga av grunneigar eller fiskar. Oppom og fram i Henjadalen er det for det meste fisk i storleiken “kattemat” å få. Fjærlandsetevatnet, Trastadals- og Myrdalsvotni er betre for fiske. Einaste elva vi må ta vare på er Kvinnafossen, ho er eit postkortmotiv.

Henjadalen Vi skal vere glade for vi har ressursar tilgjengeleg som vi kan hauste av. Det blir ikkje mykje i kassa av ein byråkrat som tek på seg det siste i treningsantrekk og joggar, syklar eller går på ski i dalane. Eg trur løypene på Øvstestølen er betre til det siste. Ein får i det minste sol der, ein godversdag. Det blir klaga når grunneigarar ønskjer å forlenge skogsvegar, for å kome fram til sine områder. Men i ettertid får ein enno lengre vegar å jogge på. Ser ein på Njøsadalen har det blitt lettare å ta seg inn i dalen og kome seg opp over tregrensa til opnare turterreng. Heldigvis krev ingen bompengar enno.

Det er godt mogleg at slik som det blir ordna no ikkje vil gi optimal avkasting for kommunen sine ressursar. Men når ikkje kommunen sjølv har økonomisk ryggrad til å vere med å etablere kraftverk, får vi ta til takke med det som er mogleg å få til. Vi må satse på selskap som baserer inntening på realverdiar. Mang ein kommune har svidd seg på dansen rundt gullkalven dei siste åra. Verdiane og avkastinga har forsvunne som dogg for sola. Nokre har valt å satse på hasardspel med godkjenning av departement. Andre har festa som om det var siste dag i tidsrekninga. Dei hadde det kjekt og har i det minste fått minner att for pengane, sjølv om prisen var høg.

Hest frå SmørklettDet eg håpar er at ein kan bruke bygging av kraftverk til å utvikle dalane i Leikanger. Vi må sjå til Kjeringi Open og Sognefjordrennet og bygge vidare på arbeidet eldsjeler har lagt ned. La oss også sjå til Voss og kva dei gjer med Ekstremsportveka. La meg ta nokre eksempel:

  1. Leikanger har ikkje ein god skibakke. Det er berre tilfeldigheitar om ein greier å halde han open og han er svært kort. Bakken ligg for lågt i høve det varmare veret. Snøkanoner kan ikkje brukast fordi ein ikkje har nok tilførsel av vatnen ovanfrå. Kva med ein skikkeleg slalombakke ned frå Hest (ca 1350 moh) til Grindsdalen eller at ein bygger opp om dette frå Kjeringi (ca 1300 moh) og ned i Grindsdalen eller evt. ned mot Friksdalen?
  2. Kva med eit skianlegg fremst i Grindsdalen, i området Eitrebotnen til framom Stavsete? Mykje av området her er ope og vil ha tilgong på sol om vinteren. Snøforholda ser veldig bra ut for meg.
  3. 0413002 Austsida av Henjadalen grensar til populære skiløyper som går over Høgehaug til Fjærlandsete og tilbake til Hodlekve. Dette er ypperleg skiterreng som no ikkje er lett tilgjengeleg frå Leikanger. Ein må til Sogndal for å kome dit om ein ikkje vil kjempe seg fram ei mil i Henjadalen og så opp liene i tett skog.
  4. Kva med ei snøskuterbane i Friksdalen, slik at ungdom og vaksne kan herje frå seg utan at vi risikerer å møte dei i full fart i skiløypene om vinteren?
  5. Kva med å kombinere nye skibakkar og anlegg med terrengsykkel osv?
  6. Kva med moglegheit for paragliding og hanggliding frå toppen av nye skibakkar, t.d. frå Hest eller Kjeringi?

Skal vi gjere Leikanger attraktiv for aktive unge og vaksne i distriktet og på Vestlandet, må vi kunne tilby eit vidt aspekt av friluftaktivitetar i attraktive områder. Attgrodde dalar har ikkje stor verdi.

Måle fart på kast eller skot

Å få målt fart på skot eller kast er alltid populært. Ein treng ikkje radar for å få det til, berre:

  • distansen
  • stoppeklokke med 100-delar
  • skjema for omrekning av tid til km/t
  • vegg

Dei som deltek kastar eller sparkar ballen og ein tar tida frå ballen forlet hand eller foten til han treff veggen. Det er alltid ein fordel med noko som gir lyd frå seg, slik at det blir enklare å få med seg når ballen treff. Målinga blir ikkje like korrekt som med radar, men det er likevel underhaldande.

Eg har lagt opp eit rekneark i Excel som du kan bruke. Det du må gjere før arrangementet er:

  • Mål opp distansen ballen vil gå i rett line og sett det i feltet for distanse.
  • Sett detaljnivået mellom kvar utrekning i 100-deler.
  • Legg inn første tid du meiner er realistisk.