Monthly Archives: august 2009

Tur: Hest/Hestfjellet

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Helleseteberget / Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Helleseteberget / Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Tek du deg ein god pause på Dalsbotnen og igjen doblar turen, vil du kome deg opp på fjellet Hest eller Hestfjellet som ligg på 1360 moh. Samla bør du rekne med at turen frå Engjasete til Hest eller Hestfjellet tek deg mellom 3 og 4 timar opp. Nedatt går det raskare, ca 2 til 2,5 timar.

Hest eller Hestfjellet ser du frå Dalsbotnen. For å kome dit må du opp, det eg vil kalle, tre platå. For å kome til det første platået, følgjer du stien opp til Fagereivatnet. Stien er tydeleg i lia bak sela, eit stykke til høgre for elva som renn frå vatnet. Det blir ei kort stigning. Oppe ved Fagereivatnet, tek du peiling på Hest og siktar deg inn på austre ryggen. Hald til høgre for vatnet. Stigninga til det neste platået er nok ein del lengre enn frå Dalsbotnen til Fagereivatnet, men vel så bratt. Når du er oppe, er det igjen å ta peiling mot austre rygg fjellet Hest eller Hestfjellet. Ved å legge turen litt til høgre på den slake stigninga fram til det siste platået like under ryggen Hest eller Hestfjellet, kan sjå ned Gildalen og over mot Kjeringafjellet, Kaldekletten, Voggebreen m.m. på austsida av Huksdalen.

Ved foten av austre ryggen av Hest eller Hestfjellet, går du opp på gras/mose, som skil seg tydeleg fram frå steinørkenen. Cirka halveges opp ryggen, snur du nasen vestover mot varden på Hest eller Hestfjellet. No skal du kunne få auge på små steinvardar, som guidar deg mot varden. Går du tidleg på året, kan du satse på å gå opp snøen og kome opp nærare varden. Oppe på Hest eller Hestfjellet er det berre å nyte utsikta 360 grader. Her ser du i vest Storholten og Vassvarden. I sør ser du mot Vik og fjella der, Vangsnes, Mælen, Feios, Borlaug. Innover fjorden ser du langt inn til fjella på Frønningen, Storhugen, Bjørgahaug, Mjellhaugane, Skriki. Og austover langs ryggen på Hest eller Hestfjellet ser du Fagreggi, Smørkletten, enden av Eitrebotn, Kjeringafjellet, Kaldekletten og Voggebreen.

I nord ligg andre toppar å lokkar. Ved å følgje steinørkenen nordover over/ved Midteggi, endar du opp på sørspissen på Stav på 1456 moh. Frå der startar ei lang vandring ned Troeggi til Vassvarden, Storholten, Daurmålhaug, Skarde, garden Rud til du står på kaien på Hella. Totalt tid på denne turen frå Engjasete må du rekne 8 til 9 timar.

Turen til Hest eller Hestfjellet er delt opp i fire deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa
  3. Hellesetberget/Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Hest

Tur: Mælen

Mælen

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Helleseteberget / Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Helleseteberget / Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen.

Har du kome deg til Dalsbotnen, kan det vere like gjerne å ta seg ein halv time til og gå opp på Mælen på nesten 1000 moh. Framme på kanten kan du nyte utsikta ned på Supham og vegen ut til Hella samt over fjorden til Borlaug, Feios, Vangsnes, Vik, Balestrand og Hella. Opp frå Hella ser du Eitorn, Rud, stølane Skarde og Daurmålhaug. Nedanfor Mælen kan du skimte stølen Skopasete og retninga stien ut til Eitorn tek. I nordvestleg retning, over dalen der Kvinna renn og over Daurmålhaug, vil du sjå mot Storholten, Vassvarden og oppstiginga til Troeggi. I nordleg retning tronar fjellet Hest majestisk og kallar på deg. Neste gong du startar frå Engjasete er du klar for den turen.

Turen til Mælen er delt opp i fire deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa
  3. Hellesetberget/Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Mælen

Tur: Dalsbotnen

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Helleseteberget / Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. I korte trekk er desse to turane ei dobling i distanse.

Dersom du doblar distansen frå Helleseteberget / Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Stølen har seks bygningar og tufter etter to sel eller fjøs. Like før du kjem inn på stølsområdet renn ei elv forbi. Her kan du ta deg ein god slurk av friskt, kaldt vatn frå Fagereivatnet, over Dalsbotnen. Stølen ligg austvendt og har utsikt mot austsida av Grindsdalen; Huksdalen. Du ser mot Dalsete og Huksstølane. Av fjell ser du Smørkletten, som ligg nord for og mellom Kleppa og Eggja. Du ser mot Rjupeskar, Fagreggi, Discohola og Kjeringi og Kjeringafjell.

Dersom du er interessert i å fiske, kan du følgje ein sti gjennom stølsområdet og opp til Fagereivatnet, på ca 950 moh. Satsar du på ein skikkeleg langtur, er det berre å halde fram frå Fagereivatnet i retning nord/nordvest til fjellet Hest på ca 1350 moh. Frå Dalsbotnen må du rekne med ca 1,5 til 2 timars marsj dit. Om du berre vil nyte eit vidt utsyn over Sognefjorden, kan du følgje ryggen til Mælen i sørvestleg retning frå Dalsbotnen i ca 30 minutts tid.

Turen til Dalsbotnen er delt opp i tre deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa
  3. Hellesetberget/Hedlesetnipa til Dalsbotnen

Tur: Hellesetberget/Hedlesetnipa

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. For nybyrjarar eller familiar med små ungar, finn ein kanskje dei beste turane her; turen til stølen Orrasete. Han er kort og tek 15-20 minutt.

Når du har gått lei av å gå til Orrasete, kan du strekke turen litt lenger og gå til Helleseteberget / Hedlesetnipa. På svaberget, litt over stølsplassen, er det berre å snu ryggen til Orrasete og halda fram til øvre del av stølen, Stølshaugane. Der går du inn i skogen og følgjer ein tydeleg sti forbi stadar med namna Knoa, Vandalsreset, Øvste Vandalsreset og Budeielyftet. Det er berre eit kort stykke frå Orrasete til Stølshaugane, som har motbakke å snakke om. Elles går stien i slak stiging, over svaberg, gjennom skogen fram til Helleseteberget / Hedlesetnipa. Gradvis på turen vil du sjå at ryggen på fjellet Mælen kjem meir til syne over lauvskogen.

Hellesetberget skal figurere i eit gamalt sagn om to jenter som kom over ein huldrekar som spela fele. Han spelte så vent at jentene tok til å danse. Men før han var ferdig med den tredje slåtten, slutta jentene å danse og sprang derifrå. Sagnet har eg funne referet av Unndis Oppedal på Grinde.

Alternativ rute ved Vegaskiljet som går utanom Orrasete:

Turen til Hellesetberget / Hedlesetnipa er delt opp i to deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa

Tur: Orrasete

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. For nybyrjarar eller familiar med små ungar, finn ein kanskje den beste turen her; turen til stølen Orrasete. Han er kort og tek 15-20 minutt. Stien er tydeleg og godt merka. Systrond sogelag har sett opp skilt med gamle stadnamn som du kan bruke som pausepostar. Du får eit variert terreng å gå med slak skogsveg, ei kort stigning og slak sti gjennom skog. Til slutt endar du opp på eit stølsområde med god utsikt mot Feios, Borlaug og inn Sognefjorden frå øvre den delen av stølsområdet. Eg meinar kven som helst, uavhengig av form, kan gå turen. Berre ta turen i ditt tempo.

Orrasete er gamal heimastøl. Han vart brukt vår og haust av gardane på Grinde og Engjasete. Det er ikkje mykje som står att. Du finn eit sel, restar av ei høyløe og nokre steinmurar.

Når du har gått lei av å gå til Orrasete, kan du strekke turen litt lenger og gå til Hedleseteberget / Hedlesetnipa. Her får du ei endå finare utsikt mot Vangsnes, Balestrand og utover Sognefjordvegen mot Hella. Når du er lei den turen, kan strekke deg til Dalsbotnen og deretter Mælen. Når du føler deg i bra nok form, kan turåret avsluttast med å gå opp på Hest / Hestefjellet. Alle desse turane vil bli teke for seg kvar for seg i bloggen.