Daily Archives: 15. august 2009

Tur: Mælen

Mælen

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Helleseteberget / Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Helleseteberget / Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen.

Har du kome deg til Dalsbotnen, kan det vere like gjerne å ta seg ein halv time til og gå opp på Mælen på nesten 1000 moh. Framme på kanten kan du nyte utsikta ned på Supham og vegen ut til Hella samt over fjorden til Borlaug, Feios, Vangsnes, Vik, Balestrand og Hella. Opp frå Hella ser du Eitorn, Rud, stølane Skarde og Daurmålhaug. Nedanfor Mælen kan du skimte stølen Skopasete og retninga stien ut til Eitorn tek. I nordvestleg retning, over dalen der Kvinna renn og over Daurmålhaug, vil du sjå mot Storholten, Vassvarden og oppstiginga til Troeggi. I nordleg retning tronar fjellet Hest majestisk og kallar på deg. Neste gong du startar frå Engjasete er du klar for den turen.

Turen til Mælen er delt opp i fire deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa
  3. Hellesetberget/Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Mælen

Tur: Dalsbotnen

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Helleseteberget / Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. I korte trekk er desse to turane ei dobling i distanse.

Dersom du doblar distansen frå Helleseteberget / Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Stølen har seks bygningar og tufter etter to sel eller fjøs. Like før du kjem inn på stølsområdet renn ei elv forbi. Her kan du ta deg ein god slurk av friskt, kaldt vatn frå Fagereivatnet, over Dalsbotnen. Stølen ligg austvendt og har utsikt mot austsida av Grindsdalen; Huksdalen. Du ser mot Dalsete og Huksstølane. Av fjell ser du Smørkletten, som ligg nord for og mellom Kleppa og Eggja. Du ser mot Rjupeskar, Fagreggi, Discohola og Kjeringi og Kjeringafjell.

Dersom du er interessert i å fiske, kan du følgje ein sti gjennom stølsområdet og opp til Fagereivatnet, på ca 950 moh. Satsar du på ein skikkeleg langtur, er det berre å halde fram frå Fagereivatnet i retning nord/nordvest til fjellet Hest på ca 1350 moh. Frå Dalsbotnen må du rekne med ca 1,5 til 2 timars marsj dit. Om du berre vil nyte eit vidt utsyn over Sognefjorden, kan du følgje ryggen til Mælen i sørvestleg retning frå Dalsbotnen i ca 30 minutts tid.

Turen til Dalsbotnen er delt opp i tre deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hellesetberget/Hedlesetnipa
  3. Hellesetberget/Hedlesetnipa til Dalsbotnen