Monthly Archives: februar 2010

Tur: Havrane

Havrane består av to vatn: Eit av vatna ligg i Leikanger kommune og eit større ligg i Sogndal kommune. For meg er Havrane synomymt med vatnet i Sogndal kommune, det fremste Havravatnet. Vatnet som ligg i Leikanger kommune har eg berre vage minner om var svært lite og med ein del siv. Turen skildra her er til det fremste Havravatnet, eit fint lite fiskevatn. Det er ikkje stort som Fjærlandsetevatnet, men fiske er minste like bra. Dette er i tillegg den raskaste turen til fots inn i nabokommunen Sogndal.

Den kortaste måten å koma seg til Havrane er å køyre opp Njøsadalen ca 1,5 km til Dalsete og gå rett opp til Fadnastølen. Her må du passe på å gå opp til sæla på vestsida av groa/bekken og krysse over til austsida. Du skal ikkje følgje stien fram mot Tuftahaug.

Stien på austsida av bekken skal du følgje i om lag 400 m. Du går over ei myr og kjem til ein liten bakke ved sida av eit granfelt. Litt oppe i bakken, tek du til høgre inn mellom lauvskogen og går mot Kvannskar, skaret som kjem ned frå Mjellhaugane mot Fadnastølen. Etter ca 100 meter er du ved stigninga som tek deg opp til platået som Havravatni ligg på. Det er ei kort og kraftig stigning før du er opp ved elva eller bekken som kjem frå heimste Havravatnet. Her svingar du og går på langs, men gradvis frå fjellveggen.

Stien er ikkje den tydelegast, men rimeleg grei å følgje. I løpet av turen vil du få auge på eit par halvdaue eller daue furuer. Begge skal du passere vandrande i nordleg retning. Etter den siste skal du ikkje gå så mykje lengre mot høgspenttraseen, men etter litt svinge inn mot fjellveggen og det fremste Havravatnet. Eg har valt å legge ut ein rimeleg komplett serie med bilete for at du skal greie å finne vegen fram til denne vesle perla.

Turen er splitta i fleire deler og album:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
  2. Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  3. Fadnastølen til Havrane

Interesse for Leikanger….hmmmm

Vår nabokommune viser interesse for oss. Det er sikkert mange årsaker til at det kan vere lurt. Ein av dei lurer eg på om kan ha noko med at det nok vil bli eit kraftverk i Leikanger kommune, der kommunen skal vere ein del av eigarane. Som eg har sagt tidlegare, vil energibehovet vårt ikkje bli mindre. Erstatning av fossil energi vil krevje sitt. Det er ikkje vits i å drøyme seg vekk i at ein ikkje vil trenge mindre elektrisitet. Vi kan effektivisere eksisterande elektrisitetsavghengige bruksområder, men når ein skal levere energi til områder som tidlegare drog nytte av fossil energi vil det uansett krevje meir utbygging og utnytting av energikjelder som vass-, bølge-, vind-, sol-, kjerne- og jordkjernekraft.

Uavhengig av motstanden vil nok det kome. Det blir gjort så mykje tilpassingar rundt Leikanger, for å ta styrke forsyninga til Midt-Noreg, at det vil vere direkte merkeleg om ein vel å ikkje gi konsesjon. De kan bli lett å sjå på Leikanger som ei grei inntektskjelde. Det eg lurer på er korleis ei slik samanslåing vil påvirke det geografiske området som i dag utgjer Leikanger. For meg er ei samanslåing heilt greitt dersom ein vert sikra at Leikangerkområdet blir utvikla. Endar vi opp med at vi blir ei inntektskjelde for utvikling av Sogndal sentralt, er eg i mot.