Monthly Archives: januar 2011

Tur: Kjeringafjell via Sevi

Turen startar i Henjadalen og går på traktorveg med slak stigning fram til Fivelhola/Flotande. Denne delen passar godt å sykle. Å kunne trille heim att frå Fivelhola/Flotande er meir enn fristande etter å ha vore på Kjeringafjell. Ca 900 høgdemeter eller 1.800 høgdemeter tur/retur frå Fivelhola/Flotande sit godt i beina og 4 km ned Henjadalen fortonar seg lite lystig. På Fivelhola/Flotande tek du til venstre og følgjer ein sti som går sikk sakk opp skogen i fjellstida til stølen Sevi. Her finn du berre eit einaste sæl som høyrer til Johannes Henjum på Henjum. Det passar bra med ein matpause ved sælet før du gjer deg i kast med dei neste 500 høgdemeterane opp til Kjeringafjell. For å kome til stien som tek deg opp til Nuedalen, må du snu deg slik at du har sælet i ryggen og følgje stien opp til foringsplassen/saltsteinen for sauene. Her vil du sjå starten på stien som skråar bratt opp gjennom lia. Litt oppi splittar stien seg og då skal du følgje den med mest stigning. Vel oppe i Nuedalen kryssar du dalen i nordleg retning og går rett opp på platået mellom Skuledalen og Friksdalen på ca 1.100 moh. Her passerer du Blankavatnet på di venstre side mens du går mot foten av siste stiginga opp på Kjeringafjell. Opp mot den fremste eller austlege varden får du eit godt utsyn ned Friksdalen, Røsebotn og opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Snur du deg mot sørleg retning ser du ned over Blankavatnet mot Hermansverk og Sognefjorden. Frå fremste eller austlege varden går du mot vest nokre få hunder meter til den store varden. På nordleg side kan du ta ein titt ned i Eitrebotn mot Kaldekletten. I vestleg retning kan du gå mot Huks-/Grindsdalen og sjå ned mot Stavsete og over mot Stav, Hest og Gildal. På sørsida kan du sjå over Blankavatnet, ned i Skuledalen over Okslahaugen og Øvstestølen ned mot Hermansverk og Sognefjorden. Turen til Kjeringafjell er splitta i tre deler:

  1. Henjadalen til Fivelhola/Flotande til og med bilete 50 av 70
  2. Fivelhola/Flotande til Sevi
  3. Kjeringafjell

Andre alternativ er å ta turen frå Kleppa på sommarstid eller vinterstid.

AVCHD og Ubuntu 10.04

Eg har sidan mitt DV-kamera gav opp i slutten av 2007 nytta eit Panasonic HD-kamera som lagrar opptaka i AVCHD-format. AVCHD krev stor prosesseseringskraft og krev helst ein prosessor med 4 kjerner. Formatet var slitsamt nok i Windows i starten. Pinnacle Studio 11, som følgde kamera, skulle takle AVCHD. Men det var problem på problem som ustabilitet og filmar som kunne kome ut i DVD-format utan at lyd og bilete var korrekt synkronisert. Pinnacle Studio 12 som eg kjøpte ca 1 år etter var mykje betre, men Pinnacle var ei hårsbreidd frå å tape meg som kunde med den elendige 11-versjonen.

Eg har ikkje veldig aktivt søkt etter programvare for redigering av video i Linux, sidan eg er godt van med Pinnacle Studio og det fins ikkje i Linux-versjon. Av og til dei siste vekene har eg søkt litt rundt etter AVCHD og Linux. Dei fleste treffa er ulike «besvergelsar» på kommandolina for å få konvertert formatet til eit anna format som redigeringsprogram kan handtere.

I dag fann eg eit program som kan brukast: OpenShot. Instruksjonane for korleis du skal legge til programvarepakkebrønnen står på sidene. Fordelen med dette er at du får oppdatert til siste versjon når han er klar saman med dei andre oppdateringane frå Ubuntu.

For å teste OpenShot kopierte eg over nokre AVCHD-filer og starta. I forhold til Pinnacle Studio var måten å redigere på noko framand. Det tok ei stund før eg forstod korleis det skulle gjerast. Mellom anna må du bruke to videospor dersom du skal ha overgangar mellom klipp og du må passe på å justere retninga på overgangen mellom klippa. I bilete over ser du det første forsøk der pilene på fleire av overgangane går feil veg.

Eksport til filer i mpeg 2 (dvd-filer) gjekk greitt, men eksport til andre format som divx/xvid eller Youtube gav feilmeldingar. For meg kunne det sjå ut som alt var på plass i Ubuntu, men at Ubuntu brukte andre namn på codecane slik at OpenShot ikkje fann dei. Etter litt søking på nettet fann eg løysinga som var at eg måtte legge til Mediubuntu sin pakkebrønn. Når det var på plass, opna eg Synaptic programpakkebehandler og installerte libavcodec-extra-52. Etter dette kunne eg eksportere til dei fleste format som divx/xvid og h264.

Det var ein vesentleg svakheit med programmet. Som du ser av system monitor til venstre i bilete over, så brukar ikkje programmet meir enn ein kjerne av ein fleirkjerne prosessor. I bilete ser du at kjerne nummer 3 ligg på 100%, medan dei andre ikkje blir brukt av OpenShot. Det seier seg sjølv at det går tregare enn om alle ressursar vart utnytta.

Utklassing av Ubuntu 10.04 over Windows 7

Mitt inntrykk av Windows 7 er at det er raskt til å vise skrivebordet, men det er så mykje som startar opp i bakgrunnen at ein kan ikkje bruke maskina før etter ei god stund. Det er mange som hevdar at 7 er raskare enn Vista i oppstarten, men der er mitt inntrykk at 7 er flinkare til å vise fort skrivebordet, men ellers er det akkurat like gale.

Eg måttetesta kor raskt Ubuntu 10.04 var i oppstarten kontra Windows 7.  I min test gjorde eg ei forutsetning at Firefox og e-postprogrammet Thunderbird skulle vere starta, vise startsida og sjekke e-post. Maskina har siste teknologi med mellom anna ein Core i5-540M prosessor.

Resultatet av min test vart:

  • Ubuntu 10.04: 55 sekund
  • Windows 7: 2 minutt

Ikkje skuld på at eg ikkje har rydda opp i rusk og rask som følgjer med dagens pcar. På mine pcar køyrer ikkje noko som ikkje er nødvendig.

Merkje det stend, um mannen han stupa (Per Sivle)

So langt er det ikkje kome, men i dag, 28.01.11, er det 15 år sidan mi første posting på internett. Meinar å hugse at eg teikna meg for tilgang mot slutten av 1995 via Schibsted Nett. Om ikkje dei var pioneren på kommersiell tilgang for privatpersonar, så var dei rimeleg tidleg ute.

Det var i den tid at 4 MB internminne på pcen var mykje. Pentium gjorde susen, OS/2 var på veg i grava og Windows 95 var i sin spede barndom. Tilgang «for oss dødlege» var eit 28.800 kbps modem som omrekna tilsvarar 0,028 Mb i dag. Ikkje ein gong webarkivet har spor etter www.vg.no så tidleg.

Feilmeldingar relatert til Intel HD og språkpakke i Ubuntu 10.10

Eg har installert Ubuntu 10.10 med dobbel oppstart Windows/Linux. Maskina er av siste teknologi og har mellom anna ein Core i5-540M prosessor med Intel HD grafikkort på prosessoren samtidig som ho har eit separat Nvidia kort for tyngre oppgåver.

Etter ei oppdatering av kjernen oppdaga eg at eg fekk ei feilmelding ved oppstart:

failed to get i915 symbols…

Eg kom over ein tråd i Ubuntu-foruma om dette som krev at eg redigerer eit par filer:

  • Opna ein terminal (kommandoline).
  • Skreiv sudo gedit /etc/modprobe.d/blacklist.conf
  • La til «blacklist intel_ips» i botnen utan hermeteikna
  • Lagra fila
  • Lukka gedit
  • Skreiv sudo edit /etc/rc.local i terminalen.
  • På lina over exit 0, legg til ei line med «modprobe intel_ips» utan hermeteikna
  • Lagra fila
  • Lukka gedit

Feilmeldinga er borte frå starten no og modulen er lasta.

Når eg kom tilbake til terminalen, oppdaga eg ein haug med feilmeldingar:

error: line xxxxxx: bad flag alias index: 0
error: line xxxxxx: bad flag vector alias

xxxxxx er eit stigande nummer. Det ser ut som det er relatert til språk/lokalisering. Nokon rapporterer at det er den sørafrikanske ordboka, installert som ein del av engelsk språkpakke, som skapar problemet. Men det ser ut til at det gjeld alle språk, i det minste òg bokmål. Eg prøvde å ta vekk den sørafrikanske, men det var ikkje til hjelp.

Eg må også sjekke ut batteritida på pcen. Under 2 timar synes å vere kort i Linux. Er usikker på om det er lengre i Windows. Det får vere ei oppgåve for dei komande dagane.

Tur: Sevi

Stølen Sevi ligg på nesten 800 moh i Skuledalen over Fivelhola/Flotande i Henjadalen som er omtala tidlegare.

Like før du kjem til turposten i Fivelhola/Flotande, tek du til venstre og passerer eit sæl som har kollapsa. Inne i skogen, like bak sælet, kjem du inn på stien som du følgjer opp til Sevi. Du må rekne med ca 45 minutt frå Fivelhola/Flotande.

Første 1/3 av turen går du sikk sakk opp over, inn mot Skuleåna (utalast Skuleaonao). Ho renn frå Svartavatnet og ned heile Skuledalen og endar ut i Henjaelva ved Fivelhola/Flotande. Deretter går stien i sikk sakk litt i frå elva, og litt nærare Flyane, for å unngå eit berg og ein bekk som kjem ned frå Sevi. Du går gjennom skog og utsikta er so som so. Turen byr heller ikkje på problem for dei med høgdeskrekk. Det er ingen luftige parti med tvilsamt fotfeste som forserast. På vegen opp vil du merke at det på nokre plassar alternative ruter å ta seg opp. Desse har nok kome til når turgåarar har ønskt å ta eit kortare og brattare alternativ for å kome inn på stien att litt over.

Tregrensa går på nedre del av Sevi. Sjølve stølsområdet er fritt for skog. Sevi er ingen stor støl. Her finn du berre eit einaste sæl som høyrer til Johannes Henjum på Henjum. Frå sælet kan du skoda i austleg retning mot Lusaskard på austsida av Henjadalen. I sør kan du sjå ned Henjadalen mot Sognefjorden og på motsett sida Fresvik. Frå sør mot nord vest går Skuledalen. På motsett side av den har du Okslahaugane og Kjeringi. Om ikkje eg hugsar heilt feil skal det vere ei lita bru i sør vestleg retning du kan gå over til Okslahaugane for så å gå til Stokksete og så evt. vidare ned på Kleppa, Raumålsgrindi eller ned på Dalhjedla.

Turen til Sevi kan gjerast som ein kombinert sykkel og spaseringstur. Første delen fram til Fivelhola/Flotande gjer du unna til sykkel for å gå opp til Sevi. Fordelen er at du etterpå kan trille heim att Henjadalen. Eg kan lova deg at det kjennes bra etter at du har vore ein tur på Kjeringafjellet via Sevi. Ca 900 høgdemeter sit godt i beina og 4 km ned att Henjadalen fortonar seg lite lystig.

Turen til Sevi er splitta i to deler:

  1. Henjadalen til Fivelhola/Flotande til og med bilete 50 av 70
  2. Fivelhola/Flotande til Sevi