Monthly Archives: februar 2011

Tur: Skoparsete til Eitorn

 

Skoparsete-Eitorn-110Istadenfor å ta turen tilbake same vegen som du kom, ned til Skjer, kan du halde fram mot vest over elva Kvinna og kome ned i Eitorn. For å kome dit er det berre å passere postkassen med turboka slik at du har han på høgre hand og halde fram inn mellom trea.

I motsetning til turen frå Skjer er turen til Eitorn ein lengre og slakare bakke. Første delen tek deg ned til elva Kvinna, like over Kvinnafossen. Her kan du gå ut på kanten og kike ned. Personleg likar eg mykje betre å stå nede i vegen og kike opp.

Utanom utsikta frå toppen av Kvinnafossen er ikkje turen til Eitorn den aller mest spanande. Du går for det meste i skog, til tider tett på kvar side av stien. Men det hender at du kan få deg utsikt mot Sognefjorden her og der.

Grendalaget har sett opp skilt med litt historie på ulike plassar. Det opnar seg litt opp etterkvart som du kjem ned mot Eitorn, sjølv om naturen et seg godt inn på tidlegare slåtteteigar. Du passerer krysset på Trodlahaugen der stien til Myrsete, ein støl på vestsida av Kvinna, skil lag frå stien til Skoparsete. Om du føler deg sterk kan du gå opp til Myrsete og vidare opp til Vassvarden før du går ned på Hella.

Nede i Eitorn passerer du gjennom eit tun med hus, stabbur og fjøs som tidas tann gneg på. Du bør nok lytte og sjå etter om det er ting som kan dette ned frå det største huset der. Vegetasjonen held plassen og stien ned til Sognefjordvegen i si klamme hand. Ut på sommaren kan det godt vere at du ikkje ser over graset om du er under 1,60 m høg. Når du er komen ned til vegen, følgjer du han eit par kilometer tilbake til Skjer og bilen.

Rundturen frå Skjer opp til Skoparsete, ut til Eitorn og tilbake har eg delt i to:

  1. Skjer til Skoparsete
  2. Skoparsete til Eitorn

Tur: Skoparsete frå Skjer

skoparsete

Skoparsete er eit stølsområde som gøymer seg aust for Kvinnafossen i ei høgd av ca 450 moh. Det er fleire måtar å kome opp dit. Den kortaste, men brattaste stien startar ved utkøyringslomma der saktekøyrande bilar som kjem frå Hella kan sleppa køen forbi, ca 4 km innom ferjekaien. Her må ein passe på at det er strengt forbudt å parkere i sjølve lomma, men utanom ho er det plass i graset. Eit anna alternativ er å starte på Hella eller Eitorn og gå mot Skoparsete over Kvinnafossen.

Stien startar på oppsida av vegen, i austlege enden av lomma. Stien er merka med varierande kvalitet, men er for det meste tydeleg i terrenget. I starten vil du sjå at det er lagt opp stein som sti/veg. Stien buktar seg sikk sakk opp fjellsida innimellom høge tre så nakne trelegger får du ein god dose av. Av og til kan du sjå over på sørsida av fjorden til Vangsnes eller få eit glimt av Balestrand. Gradvis nærmar du deg Skopargilet med bekken som kjem ned i s-svingen like vest om Skjer. Bekken kryssar du først når du nesten er på høgd med Skoparsete. Han er ikkje store saken, for det meste tørr, så du kan gå i joggesko. Turen til Skoparsete frå Skjer kan samanliknast med turen til Skagasete via Haoahaug frå Kvålen i lengd og høgdeskildnad.

Om Skoparsete er det ikkje stort å sei anna enn at det er eit gamalt stølsområde som ikkje er i bruk. Det står eit gamalt sæl men det har sett sine beste dagar med god margin.

Advarsel: Turen kan verte ei blodig affære om du ikkje med ein gong du kjem heim fjernar kleda, dusjar og sjekkar deg grundig for flått. Eg har gått svært mange plassar i Leikanger kommune, men har aldri opplevd flåttangrep. Heldigvis har eg ikkje søtt nok blod til at flåtten bryr seg med meg. Eg har meir inntrykk av at han vil ha haik. Er du plaga av blodsugarar er mitt råd å ta turen til Skoparsete tidleg om våren, like etter at snøen har kome seg over 500 moh, eller seinhaustes.

Oppdatering 10.05.2014

Lagt inn bilete som viser stien rydda etter Dagmar.