Tur: Dalhjedla til Stokksetesti

Mellom Dalhjedla og stien som går frå Skahaug forbi Raumålsgrinda til Stokksete er det ein sti som let deg raskt koma opp frå Henjadalen til Stokksete. Det er eit skilt på stien til Stokksete som peikar ned mot Dalhjedla. Sidan stien frå Dalhjedla ikkje inngår som ein naturleg del av nokre av turane til trimpostane er han svært lite brukt, dårleg eller ikkje merka og lett attgrodd. Mi erfaring er at første gong du vil gå stien er det lettare å gå han frå Dalhjedla og opp.

Når du startar på Dalhjedla, må du passe på å stå i sørenden, dvs. i motsett ende av der du finn postkassen med turboka. I sørenden er det ei løe som du går opp forbi og inn i lauvskogen. Etter litt skal det gå an å sjå ein sti eller dyrtrakk som du går sikk sakk i lett sørleg retning. Dette følgjer du til du kjem til bekken som renn ned sørom Dalhjedla. Her snur stien og du skal sakte, men sikkert skråe mot bekken som renn ned nordom Dalhjedla. I eit kort parti er stien vanskeleg å sjå, men etter litt skal du nærme deg ei steinrøys der du går gjennom opninga i eit steingjerde til det eg trur har vore ei grind ein gong i tida.

Etter steingjerdet kjem du til svaberg det står ei stor furu ved. Her kan det passe å ta ein pause og snu seg for å sjå over mot andre sida av dalen og heim mot Bjørgahaug. Etter pausen held du fram lett skråande i nordleg retning inn i lauvskogen. I denne siste delen av turen er det vanskeleg å sjå stien. Etter litt skal du kunne høyre bekken som kjem ned nordom Dalhjedla. Du skal ikkje heilt bort til han eller over han, men ta deg opp tilnærma paralellt med han slik at du kjem opp ved skiltet på stien til Stokksete som peikar mot Dalhjedla.

Stien frå Dalhjedla opnar for at ein kan variere på turane i Kleppaområdet. Eit eksempel er å gå frå Henjadalen til Dalhjedla og opp til Stokksetestien for å gå ned til Raumålsgrinda og traktorvegen som kjem inn til kraftlina. Der følgjer ein ikkje den vanlege stien ned til Skahaug, men går inn i kraftlinetraseen og følgjer han eit kort stykke før ein går inn i skogen og kjem ned i enden av Hovdavegen. Her går det ein sti inn i skogen, eit stykke over vegen inn Henjadalen. Denne stien endar opp på Dalhjedla og du har gjennomført ein solid rundtur. Diverre har eg ikkje skildra eller bilete av denne turen enno.

Ein lengre tur er å parkere sykkelen nede ved den nordlege oppgangen til Dalhjedla, gå til Stokksete og vidare mot Kallbakk, forbi Rjupeskar og Fagreggi og kome seg opp på Kjeringi og gå fram til austlegaste varden på Kjeringafjell. Her går du ned til Sevi, til Fivelhola/Flotande og heim Henjadalen. Å klive på sykkelen under Dalhjedla og trille heim dalen er ei nyting etter ein slik tur.

Eg har lagt opp mange bilete som eg håpar kan vere til hjelp for å kjenne seg att i terrenget. Dessverre er stien vanskeleg å sjå på mange av bileta. Ein lyt difor sjå etter tre eller andre kjenneteikn som kan vere til hjelp.

Turen frå Henjadalen opp til Stokksetestien via Dalhjedla er delt i fleire deler:

  1. Dalhjedla
  2. Dalhjedla til Stokksetesti

 

Tur: Mjellhaugane

Når du først er komen til Bergsete på 983 moh, kan du like godt legge på 14 høgdemeter og gå opp på Mjellhaugane òg kalla Mælatoppen på 997 moh. Stien dit startar like nordaust for Bergsete og er svært tydeleg i terrenget. Det tek deg cirka 10 minutt å gå opp. Frå Mjellhaugane har du god utsikt i 360 grader og kan jamvel sjå Hurrungane på ein klar dag.

Mjellhaugane gir god oversikt over Hangsetedalen, som endar opp i Kalvavatnet mellom Mjellhaugane og Skriki. Terrenget i Hangsetedalen har svak stigning med unntak av Skriki. Det syner deg at turar frå Njøs via Hangsete vil ha den verste stigninga er unnagjort på Anhovden, litt over Bjørgahaug. Ved å følgje foten til Skriki kan du gå mot stølane som ligg over Slinde og Ølmheim.

Du treng ikkje gå ned att Moldbakken og tilbake til Kvålen. Gå ned i Hangsetedalen og følg stien heim til Hangsete, ned til Bjørgahaug for å ende opp ved transformatorstasjonen på Njøs.

Turen til Mjellhaugane er splitta i fleire deler:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
    Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  2. Fadnastølen opp Kvannskar til Bergsete
    eller ein lengre tur via Havrane og opp Moldbakken til Bergsete.
  3. Bergsete til Mjellhaugane

Tur: Raumålsgrinda frå Kleppa

Raumålsgrinda ligg i aust/nord-austleg retning frå parkeringsplassen på Kleppa. Du går mot klubbuset og leirduebana til Jakt og Fiskelaget før du går inn i skogen. Ved hytta til Jakt og Fiskelaget har stien vorte lagt om slik at ein no slepp å gå gjennom leirduefeltet og kan gå turen uavhengig om det er skyting. Biletserie min er frå 2009 og viser stien som startar i utkanten av leirduefeltet. Etter det eg hugsar kjem den omlagde stien, som startar sør om hytta, samen med den gamle omlag på bilete 11 og 12 i min serie.

Sidan mesteparten av stiginga er unnagjort ved å starte frå Kleppa, har turen relativ slak stiging. Du går gjennom til tider tett skog i lett skråande terreng. Turen er kort og ikkje krevjande som gjer at han passar for alle som kan gå. Utsiktsmessig er det ikkje mykje å skryte av, med mindre du synes trelegger er interessante. Litt utsikt får du når du kryssar to trasear med kraftliner. Fellinga av tre i desse dei siste åra gir rimeleg fri sikt. Etter å ha passert den siste traseen kjem du ut av skogen ca 50 meter over Raumålsgrindi, på stien som går mot Stokksete.

Turen er ikkje noko perle i seg sjølv, men som ein start og i kombinasjon med andre turar med utgongspunkt på Kleppa eller Skahaug fungerer han greitt. Du kan t.d. parkere bilen din på Skahaug og gå opp gjennom skogen til Raumålsgrinda. for så å krysse mot Kleppa og gå ned vegen tilbake til Skahaug. Eit anna alternativ er å starte på Kleppa og gå til Raumålsgrinda for å gå ned til og følgje traktorvegen, som kjem inn på vegen til Kleppa høgare oppe enn Skahaug. Det sparer deg for ein del høgdemeter i forhold til å måtte ta turen ned til Skahaug og opp att til Kleppa. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh ved å gå via Stokksete. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørkletten for deretter å gå ned att på Kleppa.

Tur: Tuftahaug inn Njøsadalen på gamal sti

Stølen Tuftahaug ligg over den austre enden av Njøsadalen. I dag er den enklaste måten å koma dit å følgja traktorvegen i Njøsadalen til endes til fots eller med bil. Eg hugsar når traktorvegen gjekk fram til snuplassen, ca 400 meter framom Dalsete. Kort sagt var det veg halvveges fram til brua over elva på vegen opp til Skagasete. No er det slik at den gamle stien til Tuftahaug ligg parallelt med traktorvegen fram dit.

For å oppleve deler av den gamle stien til Tuftahaug må du gå over brua på vegen opp til Skagasete. Like etter går du av vegen og går opp Botnabakken. Den første delen er ikkje berre den gamle stien til Tuftahaug, men òg den gamle stien til Hottadalen. Etter ca 400 meter deler stien seg og du må gå ned mot bekkene/elvene som kjem frå Hottadalen og Geitadalen for å gå over til den austre sida på Njøsadalen. Etter å ha kryssa elva frå Geitadalen må du gå krysse traktorvegen og gå opp til du kjem opp til stien som går mellom Hottadalen og Tuftahaug. Tuftahaug ligg like nedom ei større tjern. Råd eg har fått er at du ikkje skal fylle vassflaska eller drikke av vatnet som renn ut av tjerna. Står du ved boksen med turboka må du gå ca 100 meter og passere den sørlege hytta for å kome til oppkomma. Vatnet er reint, kaldt og friskt heile året.