Tur: Friksdal

Etter å ha gått Henjadalen til endes og kome til Nyastøl, kan du ta vestover, inn Friksdalen. Det er vel ein kilometer på tydeleg sti til stølsområdet. Her framme er vegetasjonen mindre og dalen føles vid og open. Etter stølsområdet byrjar Friksdalen å svinge mot nord og endar opp i Vogga, ca 3 km lenger inne. Vogga er enden av dalen og ligg under Voggevatnet som får tilsig frå Voggebreen, den vestre delen av Myrdalsbreen.

I vest tronar Kjeringafjell, Kaldekletten og Friksdalseggi. Det ser rimeleg greitt ut å gå opp til Kjeringafjell frå stølsområdet, men du vil nok merke at vel 10 km inn dalen sit godt i beina når du går opp dei litt over 600 høgdemeterane frå Friksdalen.

Ved stølsområde finn du ei bru over Friksdøla. Over på nordsida av dalen, litt lengre framme i dalen, kan du gå opp i Røsebotn. Her kjem du opp til Vogge- og Myrdalsbreen eller på Svolsetfjellet som ligg nordaust stølsområdet. Etter sauebonde let det seg gjere å krysse Myrdalen for å kome bort til Trastadalen eller opp til Synnevaskjer. Då kan du å gå ned att austre side av Henjadalen. Til ein slik tur må du setje av heile dagen og ha med masse mat og energi. Vassflaska treng du ikkje fylle før i Friksdalen. Det er ein klar fordel å ha ein sykkel ståande på Flya slik at du kan trille heim.

Turen til Friksdal er delt i tre deler:

  1. Fram Henjadalen til Filvelshola (Flotande) og Flyane
  2. Flyane til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal

Tur: Nyastøl

Nyastøl er eit stort ope område i enden av Henjadalen. Løer og sæl som har stått her har for lengst kollapsa. I vest kjem elva Friksdøla ned frå Friksdalen som går i vestleg retning frå Henjadalen. I nord renn Myrdalselvi ned frå Myrdalsvotni over Slettabotnen. I aust kjem Traståna frå det vesle og store Trastadalsvatnet. På Nyastøl kjem dei saman for å danne Henjaelva.

Tidlegare var det lagt bruer slik at ein kunne krysse over Friksdøla og Myrdalselvi for å koma over på austsida av elva. Då var det det mogleg å koma seg over til stiane som førte opp til Åsenosi, Pipehaug og opp mot Trastadalen, Synnevaskjer med meir. Diverre har elvane sopt med seg bruene. Den tørraste måten å kome seg over å gå ned til Flya for å kryssa elva på brua der. Elvane kjem frå bre og temperaturen er ikkje høg. Til tider kan vassføringa vere for stor, men det skal gå å vasse over dei for å kome til austsida.

Stien fram frå Flya, på vestsida av elva, er ikkje merka men er svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssar han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien vekslar med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder i dalen.

Som med turen til Flya treng du ikkje ta med vatn. Her er det berre å stikke hovudet eller handa ned i elva og drikke det du er god for. Vatnet er det same som kjem i springen heime. Med fiskekort kan du finne mange gode plassar for å fiske med både makk, fluge og sluk.

Turen til Nyastøl frå Syril stadion er i underkant av 9 km. Vel halvparten kan du sykle på traktorveg. Turen er slak og passar for dei fleste. Sidan du går nær elva, som medfører kjølig trekk, kan turen vere eit godt alternativ ein varm sommardag.

Turen er delt i to deler:

  1. Fram Henjadalen til Filvelshola (Flotande) og Flyane
  2. Flya til Nyastøl