Monthly Archives: august 2011

Tur: Nyastølen

Nyastølen er den første stølen du kan kome til etter å følgt vegen på Huke-sida i til endes. Over elva, i aust, ser du nordlegaste ryggen av Kjeringafjell. Ved foten ligg Nyastølen. Opp dit er det ein tur som tilsvarar turen frå sentrumsplassen Borgaren til vegsentralen i Hagane.

Frå parkeringsplassen går du vel 100 meter til du kjem til der skilt som peikar veg mot Nyastølen eller Stavsete. Akkurat denne distansen er prega av vere moldete og generelt våt. Snur du deg mot elva vil du legge merke at det går ein sti ned mot ho. Etter ca 25 meter kjem du til ei solid bru over elva. Over på den andre sida er stien opp til Nyastølen tydeleg i terrenget og du følgjer han opp på venstre/nordleg sida av elva Nyastøla. Det er god stigning første del av stien, mykje likt som om du ville gått opp Gjertrudbakken frå Borgaren. Etter kvart som du stig oppover blir det slakare samtidig som du kjem over skoggrensa, i ope terreng, for til slutt å ende opp på Nyastølen.

Bak ruvar Kjeringafjell og bak til venstre (nordaustleg) retning stig Kaldekletten. Mellom desse ligg Eitrebotn som du kan følgje inn og i enden gå i sørleg retning opp på Kjeringafjell. Eg trur det skal gå rimeleg greitt å gå rett opp sida på Kjeringafjell for å kome opp på vestre del. Det er bratt sidan ein må forsere meir enn 600 høgdemeter på relativ kort distanse. Ein vil nok merke det i beina. Det kan vere like greitt å ta nedturen via Eitrebotn etterpå.

Snur du ryggen til Kjeringafjell og ser i vestleg retning vil du sjå øvre del av Gildal. I enden ser du austre del av ryggen til Hest/Hestfjellet. Vender du gradvis mot nord ser du Sauaholten og vidare nordspissen på Stav og Stavafjellet. Under ligg Stavsete, litt høgare enn Nyastølen. Eit rundtur i Huksdalen utan for mange høgdemeter er å gå vidare nordover under Bleiehaug, ryggen som går opp til Kaldekletten, i retning Stavsete og følgje dalen heim att frå Stavsete.

Eit anna alternativ til dei som vil opp i høgda er å gå opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.504 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdalsbreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå nordover frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i Leikanger kommune på 1.604 moh, eller nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Nyastølen er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Nyastølen

nyatølen_wide

Microsoft Security Essentials dreg masse ressursar

Eg har sidan jul gått over til å bruke for det Microsoft Security Essentials på maskinene sidan den ligg der stille og ikkje plagar deg med unødige meldingar. Eg har av og til stussa litt over kor lang tid det tek å starte maskiner og no sat eg på ei maskin å kopierte over data til ekstern disk med SyncBack for å klargjere maskin for å setje 3 diskar i RAID.

Medan kopieringa pågjekk var eg innom Youtube for å sjekke ut om eg fann ein video av Serious Sam 3. Det hakka noko voldsomt og video i ordinær kvalitet var meir som eit lysbileteshow. Maskina er over 5 år, men med AMD X2-prosessor og eit Radeon X800GT har det aldri vore problem tidlegare. Etter forsøk med eit par videoar sjekka eg Oppgåvebehandling/Task Manager. Til mi store overrasking oppdaga eg at det var Microsoft Security Essentials som hadde mesteparten av skulda:

Bilete viser at det er 3 prosessar som stel alle kreftene. SyncBack.exe er kopieringsprogram. MsMpEng.exe er Windows Defender. Men så har du ein liten prosesses som heiter System som tek 3/4 av alt. Eg har mistanke om at System blir brukt aktivt av Microsoft Security Essentials og Windows Defender. Dersom eg slår av Microsoft Security Essentials blir ressurskravet til System kraftig redusert:

Eg fjerna Microsoft Security Essentials og installerte Avira AntiVir Personal – Free Antivirus som skal vere blant dei lettaste på ressursar av dei tradisjonelle antivirusprogramma. Kopieringa til SyncBack tek endå mindre ressursar:

Sidan eg har opplevd tregheit på fleire maskiner har eg no skifta ut Microsoft Security Essentials med andre program. Av tradisjonelle antivirusprogram har eg valt Avast Antivirus og Avira AntiVir Personal – Free Antivirus. Av dei skybaserte har eg valt Panda Cloud Antivirus.

Alle tre har eg tidlegare testa og brukt i meir eller mindre grad utan eg har hatt dårlege erfaringar anna enn at både Avast og Avira har sine ulemper med at den eine snakkar og den andre av og til viser reklame. Heldigvis går det han å slå lyden av. Det kan virke som om litt støy i ulike former er ein akseptabel pris for at antivirusprogramvare ikkje skal få maskina di i kne på noko så enkelt som kopiering av filer.

Kanskje endar eg tilbake på F-prot som er rimeleg og ikkje gjer noko av seg. Einaste ulempa eg har hatt med F-prot i løpet av åra eg brukte han var at han av og til slo ut med falske positive, det vil sei reagerte på filer som ikkje var virus ein sjeldan gong. Uansett skal Microsoft Security Essentials ikkje tilbake på mine maskiner med mindre det blir drastisk endra.

Tur: Huksdalen

Huksdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Du kan kome deg fram dalen frå begge sidene, men å kome seg frå Grinde er vanskelegare enn frå Huke. Stien eller om ein kan kalla det for veg er så lite bruk at du vil måtte gå gjennom høgt gras og busker til du kjem fram til Myklebru der du kjem ut på vegen frå Huke.

Å starte frå Huke-sida er langt å føretrekkje. Her går det ein veg tilsvarande vegen fram i Henjadalen. Sidan dalen ikkje har inntak for drikkevatn er det ingen bom her. Har du ein bil med god bakkeklaring kan du køyre vel 6 km. For personbilar er det pr 24.08.12, takka vere stormen Dagmar og påfølgjande skogrydding, mogleg å køyre litt over 3 km frå det siste huset, Huksdalen 4. Nokre hundre meter før hytta/sælet ved stien opp til Dalsete kan du, i ytterkant av ein stor snuplass for tømmerbilane, parkere.  Vegen dit har vorte mykje opnare, takka vere skogryddinga, og har eit jamnt og godt dekke, i forhold til det du ser på mine bilete frå seinsommaren 2011.

Vel du å gå frå Huksdalen 4 eller frå den gamle skytebana som biletserien min startar på, må du rekne med vel 1 time ekstra marsj i forhold til å køyre 6 km inn i dalen. Ved pr 24.08.12 kunne køyre 3 km ekstra, sparar du ca 30 minutt gangtid. Eit siste alternativ er å sykle. Det er ikkje så langt frå Leikanger eller Hermansverk og som med Henjadalen er det alltid godt å ha ein sykkel for å trille mesteparten av vegen heim etter ein lang tur.

Framme ved enden av vegen er det ca 15 minutt opp til Nyastølen med Kjeringafjell kneisande bak. Rett nordover er det 30-45 minutt fram til stølen Stavsete. Mellom Nyastølen og Stavsete er det flotte, opne turområder utan store stigningar. Eller kva med å ta turen forbi Stavsete mot Skar og kanskje mot Øvre Rommedal?

For dei som ønskjer å kome opp i høgda er det fritt val både i aust og vest med Kjeringafjell, Kaldkletten, Svindalseggi, jamvel Friksdalseggi og Myrdalsbreen eller for den del gå opp Stavafjellet og til nordspissen på Stav. Frå der kan du gjerne gå over til sørspissen og gå ned Troeggi mot Vassvarden for å enda opp på Hella ferjekai.

Sidan det ikkje er trimpostar i Huksdalen, er ikkje dette ein dal som er eit førstval å ta turen i. Men Huksdalen har eit par ess opp i ermet om du har rett type bil/framkomstmiddel. Ved å køyre heilt fram kan du gå den kortaste turen til Kjeringafjell. Du går opp til Nyastølen, inn Eitrebotn og svingar sørover opp på Kjeringafjell. Ved å starte på ca 700 moh, tilsvarande litt under Sevi eller på Kallbakk over Stokksete, vil dette vere ein mindre slitsam tur enn frå Henjadalen eller Kleppa. Eit anna ess er at ein kan følgje traktorvegen opp Gildalen og halde fram mot Hest. Du vinn nokre hundre høgdemeter i forhold til Engjasete og du sparar nok ein del kilometer å gå. Totalt sett blir turen til Hest lettare. På den andre sida greier du ikkje å ta alle trimpostane i området Engjasete – Hest som inkluderer Mælen.

Lenovo Thinkpad Edge 11 og Linux

Eg har vore klar over at Ubuntu 10.04 ikkje har vore den beste for min Lenovo Thinkpad Egde 11 med Core i3-380um-prosessor. Årsaka er at han som standard er basert på kjerne nummer 2.6.32, men kjerne 2.6.35 kan òg brukast og har full støtte i Ubuntu 10.04. Etter det eg har fått med meg er ikkje støtta for Intel HD graphics som grafikkortet som er integrert på prosessoren, med i kjernen. Det er greitt at du kan bruke alle effektar takka vere uniforme drivarar frå intel på deira løysingar, men eg har ein mistanke om at straumstyring ikkje er under kontroll med ein gamal kjerne.

Eg har følgt med på batteritida i Ubuntu 10.04 med kjerne 2.6.35 kontra Ubuntu 11.04 med kjerne 2.6.38. Ubuntu 10.04 har ein del høgare straumforbruk. Eg er rimeleg sikker på at eg ikkje kan hugse at straumforbruket gjekk under 13 watt. Med Ubuntu 11.04 greier det seg rimeleg greitt ned mot 10 watt og dersom maskina får stå litt har det hendt at det duppar ned i 9 watt.

I praksis viste Ubuntu 10.04 sjeldan kalkulert batteritid til noko meir enn tett opp under 4 timar. I Windows 7 kunne kalkulert battertid vere opp i over 5 timar. Her var òg minste straumforbruk eg registrerte 9 watt. Det betyr at Ubuntu 11.04 skal vere på nivå med Windows 7 når det gjeld å utnytte straumsparingsmåtane maskinvara tilbyr.

Eg har prøvd kjerne 2.6.38 på Ubuntu 10.04 via backports. Han skapte småproblem for nokre applikasjonar på oppgåvelina. Verst var nok at drivaren på nettverkskortet, som ligg i den kjernen, ikkje kan brukast med Ubuntu 10.04. Ein må installere ein gamal versjon og svartelista (blacklist) den interne. Eg fekk det til og det fungerte nokre dagar, men etter å ha rydda opp i oppgåvelina, etter småfeil som oppstod med å gå over til kjerne versjon 2.6.38, stoppa det trådlause å fungere. Eg såg over svartelistinga og så at ho var på plass, såg etter om eg ved eit uhell hadde slått av nettverkskortet, rekompilerte den gamle drivaren og installerte han, men den tok ikkje som første gong.

Eg hadde litt motforestillingar med å gå over til Ubuntu 11.04 sidan dei hadde valt å gå sine eigne vegar med grensesnittet Unity. Med over 20 år i pc-verda og nesten like lenge i Windows-basert miljø er eg van med Windows-måten. Unity passar ikkje meg, men det er mogleg at «Fisher Price-generasjonen» taklar det betre. Heldigvis går det an å bruke det klassiske miljøet i Ubuntu 11.04.

Eg har også vore innom Lubuntu 11.04, Xubuntu 11.04 og sist Linux Mint Debian Edition 201108 Releace Candidate. Sistnemnde hadde kjerne 2.6.39 og straumforbruket låg opp rundt 17 watt så godt som heile tida. Eg registrerte ikkje prosessar som kunne føre til dette og konkluderte med at det måtte vere feilen som har plaga dei siste 2.6-kjernane. Eg har prøvd andre versjonar som Fedora og OpenSuse tidlegare, men er blitt for van med Ubuntu- eller Debian-baserte versjonar.

Tur: Trastadalen

Trastadalen er ein liten dal heilt nord i Leikanger kommune. Vatnet ligg på ca 1.000 moh. I aust og nord går grensa til Sogndal over toppane på Blåfjell, Nonsholten og Synnevaskjer på 1.380 – 1.540 moh. Nordom ligg Gunvordalen som endar ut ved Dalavatnet i Sogndalsdalen.

Frå Leikanger er den enklaste tilkomsten å gå fram Henjadalen over Traståna og opp til Åsenosi. Frå bommen i Henjadalen er det ca 9 km til Åsenosi. For å kome til det største og innerste vatnet i Trastadalen må du gå ca 1,5 kilometer til.

Frå Åsenosi går du i nordaustleg retning. Du snur ryggen til inngangspartiet på hytta og går slakt oppover ryggen på Åsenosi. Stien er lett å gå og rimeleg tydeleg. Etter litt kjem du opp slik at du ser bort på det heimste Trastadalsvatnet. Ved vatnet ligg hytta til jakt og fiskelaget som ein kan leige. Det største vatnet ligg derimot litt lenger inne i dalen. Du følgjer berre stien inn skaret, der elva renn ut. Etter litt vil du sjå demningen i enden av det fremste vatnet.

Vel framme er det verd å legge merke til at det er svært lite småbusker og vekster som kransar det. Vatnet er krystallklårt. Sit du i ro, ved munninga, skal det ikkje vere umogleg å sjå aurekjøer mot den lyse bergbotnen. Går du rett vest skal det vere mogleg å gå ned i Myrdalen. Der er det tre vatn som får tilførsel frå Myrdalsbreen i Leikanger kommune.

Turen til fremste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flyane
  2. Flyane til Åsenosi
  3. Åsenosi til Trastadalen

Tur: Åsenosi

Åsenosi er ryggen inst i Henjadalen som skil Myrdalen frå Trastadalen. Vatna i begge dalane er gode fiskevatn. Følgjer du ryggen til topps endar du på Synnevaskjer, som ligg over Gunvordalen. Denne dalen endar ut ved den siste garden på vestsida av Dalavatnet på vegen mot Fjærland frå Sogndal.

Frå bommen i Henjadalen er det ca 9 kilometer til Åsenosi. Når du står ved brua på Flya, sjå nordover, inn Henjadalen. I midten ser du kanten på Myrdalen i enden av Slettabotn, men dersom du ser på ryggen til høgre for Slettabotn, vil du sjå ei hytte som ligg framme på Åsenosi som er målet for turen.

Flya må du over brua til sela. Like etter du stig av brua er det ta til venstre og gå over marka ved elva mot gjerdet og skogen. Området er vått. Ordinære joggesko er ikkje noko for denne delen av turen. Stien framover dalen er litt av ei utfordring. Utanom mange våte områder er stien full av steinar som stikk opp uregelmessig. Innimellom kan det vere hol som følgje av vatn eller gliper mellom steinar. Med andre ord er det ikkje ein sti der ein bør gå og samtidig sjå seg rundt. På den andre side er det heller ikkje så mykje å sjå på turen utanom nokre stryk og fossar i elva. Utsikt får du ikkje før du er framme på Åsenosi.

Etter eit par kilometer kjem du til Reiseteåi som kjem ned frå Sumhaug og Fjærlandsete. Her kryssar du to små bruer. Like etter den siste kjem du til krysset der stien opp til Sumhaug skil lag med stien framover dalen. Du held fram vidare mot Nyastøl der du nærmar deg Traståna som kjem ned frå Trastadalen og kjem saman med elva frå Myrdalen. Du følgjer Traståna litt opp frå botnen. Ho er todelt når ho treff elva frå Myrdalen og du skal litt over der ho splittar seg. Her ligg det ei lita bru som er laga av to solite bjørker som det er spikra plankar på tvers av. Kanskje ikkje verdas mest robuste bru, men ho fungerer sjølv om ho er litt skeiv. Du må over ho om du skal til Åsenosi. Sidan stien opp til Pipehaug skil lag her, kan du også følgje denne opp og gå under Høgehaug mot heimsta Trastadalvatnet.

Etter kryssing av «den robuste brua» kjem du inn i eit svært vått, men relativt kort området. Her er det berre å bruke buskaset for å kome seg fram. Stien held fram sikk sakk gjennom skogen, oppover mot Åsenosi. Sidan området ikkje er ein del turpostane er stien lite brukt. Han er likevel rimeleg grei å følgje, men det er nokre parti der ormegraset skjuler han. Det skapar litt utfordringar både med å sjå han, men helst med at ein ikkje greier å sjå heilt kva ein trakkar på. Ver difor forsiktig gjennom slike deler. Ein kan lett kome til å vrikke foten.

Gradvis går du opp mot tregrensa og etter kvart som du nærmar deg Åsenosi blir det litt opnare og du kan sjå inn mot Slettabotnen som ligg under kanten til Myrdalen. Tregrensa går like under hytta på Åsenosi. Frå hytta har du utsikt ut Henjadalen mot Flya og elles Nyastøl og Friksdalen. På austida av Henjadalen ser du over haugane heim mot Pipehaug, til Lusaskard og Skriki i horisonten.

Turen er delt i to deler:

  1. Henjadalen til Flyane
  2. Flyane til Åsenosi

Tur: Hottadalen etter gamal sti

Hottadalen er ein liten dal på nordvest-sida av Njøsadalen. I 2011 er det ingen utfordring å nå Hottadalen sidan du kan køyre nesten 5 km til parkeringsplassen i Geitadalen og gå dei få hundre meterane.

Dersom du vil ta ein litt lengre tur, kan du prøve å følgje den gamle stien. Dersom du ikkje vil gå frå Kvålen kan du som siste alternativ å parkere på parkeringsplassen ved krysset der vegane frå Skagasete og Geitadalen/Tuftahaug kjem saman. Her skal du gå over brua på vegen til Skagasete, men like etter ta av oppover Botnabakken.

Stien opp Botnabakken er ein del av den gamle stien som splittar seg til Hottadalen eller til Tuftahaug etter eit stykke på oppi på ei flate. Du skal ta til venstre og følgje Marievegene til Hottadalen. I 2011 er stien lite brukt og like etter krysset kan det vere vanskeleg å sjå kva du skal gå, men legg merke til steinar og kubbar med bjørk som er lagt i det våte terrenget du skal krysse. Det blir ei lita stiging opp før det slakar ut. Stien går gjennom små myrer eller våte områder og det er difor ikkje lurt å ta turen med ordinære joggesko.

Når du er ved brua over elva/bekken som renn ut frå Hottadalen kan du, i standenfor å krysse brua, snu tilbake og prøve å følgje stien som tidlegare gjekk til Skagasete frå Hottadalen. Denne er svært vanskeleg/umogleg å følgje, så eg tilrår ikkje at du prøver.

Like ved inngangen av Hottadalen kan legge du merke til ei brei fure opp lia mot Hottanosi, som fjellet lokalt vert kalla, på di venstre hand. Denne lia kan du følgje opp for å kome opp til Lusaskard frå Hottadalen. Eit anna alternativ er å gå meir inn Hottadalen og vende opp bak Hottanosi til Skitbrekkene for å gå tilbake mot Lusaskard. Vil du til Fjærlandsete,er det berre å halde fram inn Hottadalen til du går ned mot stien som kjem opp frå Øvstedalen forbi Furusete, snu mot nord og følgje han fram til stølsområdet.