Tur: Hottadalen via Skagasete

I 2011 vart den gamle stien frå Skagasete til Hottadalen rydda og merka. Stien startar ved slutten av vegen som endar på Skagasete. Starten er markert med skilt og elles merka med raude flekker her og der. Nokre stadar heng det små gule plastbitar i trea.

Det er ca 2,5 km frå Skagasete til Hottadalen. På denne distansen skal du berre opp ca 150 høgdemeter. Turen fram og tilbake er ikkje for krevjande og kan vere ein grei, lettare tur for born og vaksne. Sidan du er litt oppe i fjellsida får du, i motsetning til å å følgje traktorvegen til Fadnastølen, mykje meir utsikt over dalen.

For dei som ønskjer å parkere bilen på Kvålen vil ein få seg ein god tur på nesten 5,5 km ved å gå opp via Haoahaug til Skagasete og vidare til Hottadalen. På Skagasete er du halveges til Hottadalen og har gjort unna ca 500 høgdemeter. Med berre 150 høgdemeter igjen blir turen frå Skagasete til Hottadalen vesentleg lettare.

For å sleppe å gå tilbake same vegen, vil eg tilrå at ein i Hottadalen går mot Tuftahaug og vidare nedover til Fadnastølen og ned att på Kvålen. Då vil du ha gått fram vestsida og heim att austsida av Njøsadalen. Samla sett blir turen på ca 10 km. Den tyngste biten har du gjort unna frå Kvålen og opp til Skagasete.

Ein lettare «rundtur» er å køyre 3 km fram i Njøsadalen, gå ca 1 km etter vegen opp til Skagasete for så gå fram stien til Hottadalen. Frå Hottadalen går du mot Tuftahaug til du treff på vegen i Geitadalen. Vegen følgjer du nedover, tilbake til bilen. Eg vil anslå ein slik tur til ca 5 km.

Turen til Hottadalen via Skagasete er delt inn i fleire deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
  3. Skagasete til Hottadalen

Lus i luckyBackup 0.4.4

Eg har ein nokre år gamal nettverksdisk av typen Maxtor Shared Storage II. Slike er ein slags mini fil- og skrivetenar der ein ved hjelp av brukarar og rettar kan skilje mellom kva den enkelte skal ha tilgang til. For å synkronisere data mellom linux-maskina og nettverksdisken brukar eg luckyBackup.

LuckyBackup er eit grafisk grensesnitt for rsync-kommandoen i Linux. Problemet er at det har ei lita lus i innstillingane for kvar oppgåver som kan inngå i ein profil. Maxtor Shared Storage II vil ikkje ha innstillinga Preserve permissions påslegen. Du får ikkje kopiert over filer til nettverksdisen frå maskina og får følgjande feilmelding:

rsync: mkstemp «/sti/filnamn» failed: Operation not supported (95)

Du kan tilsynelatande klikke vekk innstillinga Preserve permissions. Krysset blir fjerna men etter å ha klikka Okay for å kome tilbake til lista over oppgåver i profilen, kan du opne oppgåva att og konstantere at Preserve Permissions framleis er avkryssa.

Det er berre ein måte å løyse problemet på. Du må redigere tekstfila som inneheld innstillingane for alle oppgåver i ein profil manuelt eller ved hjelp av søk og erstatt. Berre pass på at du har avslutta luckyBackup først. Ein framgangsmåte i Xubuntu 11.04 er som følgjer:

  • Opne Heime-katalogen med utforskaren
  • Slå på vising av skjulte filer
  • Opne katalogen .luckyBackup
  • Opne underkatalogen profiles
  • Høgreklikk på default.profile eller ei anna .profile-fil som du brukar
  • Vel Åpne med «Mousepad»
  • Søk og erstatt OptionsPermissions=1 med OptionsPermissions=0
  • Lagre fila
  • Lukk Mousepad

Ver merksam på at for kvar gong du gjer ei endring på ei oppgåve i profilen, vil du måtte gjere dette på nytt. LuckyBackup set ved ein feil alltid OptionsPermissions=1 på ei oppgåve du redigerer.