Monthly Archives: november 2012

Innleiande erfaringar med Windows 8 – korkje fugl eller fisk

win8startEg installerte Windows 8 reint. Alle partisjonar vart sletta og Windows 8 vart installert. Soleis fekk eg standard installasjon med fliser som ver, nyhende, e-post osv. Unnskyld meg, men kven var det som avgjorde at ein skal lese e-post eller for den del andre ting i fullskjerm PÅ EIN PC?! Ofte er det slik at eg har e-posten opne og sjekkar på internett eller skriv noko.

Eit anna eksempel er Leser. Etter litt tid oppdaga eg at Leser plukkar opp PDF og lastar fila i fullskjerm. Som Mail vart Leser avinstallert. Eg har heller ikkje bruk for Nyheter eller Ver.  Nyhende finn eg på mange ulike plassar og er det noko interresant, vil eg ha moglegheit til å starte eit anna program og ha både nyhende og programmet opent ved sida av kvarandre.  Ver er enkelt tilgjengeleg på www.yr.no eller www.storm.no. Eg treng ikkje fullskjerm-appar for dette PÅ EIN PC.

Som lang tids brukar www.irfanview.net til å vise bilete, er Windows 8 irriterande. Windows 8 aksepterer eg i instillingane i IrfanView på det skal ta alle typar bilete. Første gong eg klikkar på ein type bilete, så skal Windows 8 på likevel spørje meg om kva for program eg skal bruke. Eg har ikkje testa med VLC enno, men eg ser for meg at den same utfordringa kan oppstå her òg.

Så har vi det nye på venstre og høgre side av skjermen. Har du oppe ein eller to appar vil du merka det. Når du jobbar med eit tradisjonelt Windows-program vil det, når du kjem litt for nær øvre venstre del av skjermen, kome opp liste over opne program.  Brått kan du kome til å skifte til ein open app ufrivillig. Totalt unødvendig og irriterande når du berre vil ha tilgang til øvre, venstre del av eit maksimert vindauga til eit ordinært program. Det same skjer i øvre høgre del av skjermen. Skal du avslutte eit program så kan ikona glidande inn frå høgre sida og hindre deg å lukke det med meir.

Start-menyen er borte, eit gjenkjennande element sidan Windows 95. 17 år og bort med han. Du endar opp med fliser, sjå bilete, på Start-skjermen. Eg gjer dykk merksam på at eg har fjerna appar som eg ser inga nytte av. Eg er skeptisk til levande fliser, synes dei unødigt fangar merksemda mi. Det er forholdsvis enkelt å kome til Start-skjermen ved å trykke Windows-tasten,  men kor er den velkjende organisering i undergrupper for kvart program? Jau, då må du høgreklikke og velje Alle Apper og bla deg mot høgre i flisgrupperinga. Det blir noko meir tungvint. Eg har heller ikkje funne att i Windows 8 det at Windows 7 legg opp ofte brukt programvare raskt tilgjengeleg i Start-menyen .

For meg virkar det som om Microsoft har prøvd å gjere alle til lags med Windows 8 og enda opp med ein hybrid som korkje er fugl eller fisk. Eit febrilsk forsøk på å prøve å kome seg inn på nettbrettmarknaden ved å introdusere dr Jekyll og mr Hyde. Ein del er (kanskje) optimalt for nettbrett, medan bak ligg restande frå ei lang Windows-arv. Noko er frustrerande nytt, medan ein del er velkjent og utprøvd. Oppfatninga om at Windows 8 er eit operativsystem som ikkje er optimalt for pcar er ikkje svekka.

Lenovo IdeaPad Z380 trackpad og Ubuntu 12.04

Asus X32U med sin AMD E-450-prosessor vart litt for blodfattig. Eg skifta ho ut med ei Lenovo IdeaPad Z380 med Intel Core i3-2370M. Eg registrerer at batteritida er noko dårlegare, men til mitt formål er ho betre. Den ekstra krafta kjem til tider godt med. Førstnemnde, med ei batterid på opp mot 8 timar takka vere eit større batteri, passar best for studentar til notering under forelesingar.

Den største utfordringa med Lenovo IdeaPad Z380 etter installasjonen, er at høgreklikkinga på trackpaden ikkje fungerer. Med litt søking fann eg ein diskusjon i forumet som såg ut til å vere løysinga. Sidan september har det vore nokre oppdateringar av kjernen. Han er i dag versjon 3.2.0-33-generic-pae, om du brukar 32-bit versjonen av Ubuntu 12.04. Eg har lagt opp ein modifisert versjon som let seg kompilere og installere for noverande kjerne her: psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2

Det eg gjorde med psmouse-3.2.0-30-generic-pae.tar.bz2 frå forumet var at eg pakka ho ut, redigerte dkms.conf ved å endre PACKAGE_VERSION=»3.2.0-30-generic-pae» til PACKAGE_VERSION=»3.2.0-33-generic-pae». Deretter lagra eg dkms.conf, endra namnet på katalogen og pakka katalogen ned att slik at eg fekk fila psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2.

Eg går utifrå at du kan gjere tilsvarande om du hentar fila ved eit seinare høve, etter at Ubuntu 12.04 har fått ei nyare oppdatering av kjernen. Du finn kjerneversjonen ved å opne ein terminal og skrive uname -r. Eg har ikkje testa det med 64-bit versjonen av Ubuntu 12.04, men eg går utifrå at du brukar uname -r for å finne versjonsnavnet på kjernen og legg det inn i PACKAGE_VERSION=»»xxxxxxxxxxxxx». Tilsvarande må du tilpasse alle kommandoane under der teksten 3.2.0-33-genereic-pae er brukt.

For å få på plass drivaren er framgangsmåten slik (med linjeskift etter kvar kommandoline):

  1. Last ned fila psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2 til katalogen Nedlastinger under din brukarkonto.
  2. Opne ein Terminal
  3. cd ~/Nedlastinger
  4. Skriv sudo apt-get install dkms build-essential
  5. Skriv tar jxvf psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2
  6. Skriv sudo mv psmouse-3.2.0-33-generic-pae /usr/src
  7. Skriv cd /usr/src
  8. Skriv sudo chmod -R a+rx psmouse-3.2.0-33-generic-pae
  9. Skriv sudo dkms add -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
  10. Skriv sudo dkms build -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
  11. Skriv sudo dkms install -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
  12. Skriv sudo modprobe -r psmouse
  13. Skriv sudo modprobe psmouse
  14. Skriv sudo dkms status

Tilbakemeldinga på den siste kommandoen skal vere omtrent slik:
«psmouse, 3.2.0-33-generic-pae, 3.2.0-33-generic-pae, i686: installed»

Deretter restartar du maskina og sjekkar om høgreklikk er på plass. For å avinstallere drivaren:

  1. Opne ein Terminal
  2. Skriv sudo dkms uninstall -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
  3. Skriv sudo dkms remove -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae –all

Datogjenkjenning i Libreoffice 3.6.3

I Libreoffice 3.5.7 og tidlegare gjenkjente Calc ein dato dersom eg skreiv 12.11 i ruta og flytta markøren. Eg fekk då datoen 12.11.2012 (inneværande år). I Libreoffice 3.6.3 fungerer ikkje dette lenger.

Etter å ha studert og testa språkinnstillingane kan du, ved å endre «Godkjente datomønstre» frå D.M.Y. til D.M, få tilbake den gamle datogjenkjenninga:

Symbolske lenker er gull verd med ssd

For ei lita stund sidan oppdaterte eg mi hovudmaskin med SSD. Fordelen er responsen og farten frå SSDen. Ulempa er at eg fekk vesentleg mindre plass tilgjengeleg. Filer som til dømes musikk og råvideo måtte f lyttast til ekstern disk. Å flytte mapper og filer skapar utfordringar. Musikk er linka opp i mediaspelaren via spelelister som peikar til feil plass. Videoprosjektfilene i Pinnacle Studio peikar til filer med råvideo som ikkje lenger ligg der.

Ordinære snarvegar, som du dreg og slepp i Windows utforskar, kan ikkje løyse dette. Dei er filer og ikkje lenker/peikarar på filsystemnivå. For å opprette slike lenker/peikarar må du bruke kommandoen mklink:

MKLINK [[/D] | [/H] | [/J]] Kobling Mål
        /D      Oppretter symbolsk kobling for katalog. Standard er 
                symbolisk kobling for fil. 
        /H      Oppretter en fast kobling istedenfor en symbolsk kobling. 
        /J      Oppretter et katalogknutepunkt. 
        Kobling angir navnet på den nye symbolske koblingen. 
        Mål     angir banen (relativ eller absolutt) som den nye koblingen 
                refererer til.

Eg tek musikken som eksempel. Han låg i felles-mappa under Musikk. Når det gjeld Windows 7 og Vista, må ein ha på minne at ting ikkje er slik det ser ut på overflata. Filsystemet har engelske namn som i det grafiske grensesnittet blir overlagt med eit språk. Du ser det enklast ved å bruke utforskar og navigere deg inn på stasjon c, så dobbelklikker på Brukere. Dersom du klikkar deg inn i adresselina, på toppen av utforskarvindauga, vil du sjå at adressa endrar seg til C:\Users\.

For å vere sikker på å ha alle rettar ved oppretting av lenker, må du starte Ledetekst frå Start-knappen – Alle programmer – Tilbehør – Ledetekst. Det er viktig at du høgreklikkar på Ledetekst og veljer Kjør som Administrator. Deretter brukar du kommandoane cd og dir for å navigere deg rundt og sjå deg om.

cd.. gå eit nivå opp, t.d. frå C:\Windows\system32 til C:\Windows\
cd \ tek deg til rotnivå, t.d. c:\
dir listar filer og mapper
cd «mappenamn» plassere deg inne i mappa. Pass på hermeteikn dersom det er mellomrom i mappenamnet.

I mitt tilfelle flytta eg meg til C:\Users\Public ved å skrive cd \Users\Public\. Sidan Musikk eller i realiteten mappa  Music er standard i Windows og inneheld ei skjult fil, er det enklast å fjerne mappa i utforsrkaren i Windows. Pass difor på at mappa er fjerna før du køyrer mklink. Musikken har eg flytta til D:\Musikk. Lenka opprettar eg slik:

C:\Users\Public>mklink /J Music D:\Musikk\

Eg har valt å bruke /J og ikkje /D fordi eit katalogknutepunkt vil virke om du deler mapper med andre. Når eg startar min mediaspelar, trur han framleis at musikken ligg i C:\Public\Users\Music\ og alle spelelister er intakte.

Kabel eller mobilt breiband

stolpefallNatt til fredag 2. november 2012 greidde eit høgt køyretøy å rive ned telelina. Det same skjedde ca 1 år tidlegare. Ein lastebil med traktor på planet, utan senka frontlessar, reiv med seg luftspennet. Det har i tillegg kome meg for øyra at det har vore ein episode i mellomtida. Lina vart hekta, men bilen stoppa, lina holdt og stolpen vart retta opp. Med andre ord tre episodar på eitt år. Saman med det faktum at huset er langt unna sentralen, som gir maks 3 Mb, får det meg til å lure på om mobilt breiband kan vere løysinga.

Fordelar med mobilt breiband:

  • lastebilar riv ikkje ned lina,
  • høgare hastigheit enn ADSL.

Ulemper med mobilt breiband:

  • KVOTE,
  • KVOTE,
  • KVOTE…..

Her eg bur er det berre Telenor som kan levere mobilt breiband, men dei tilbyr abonnement med maksimum 30 GB kvote. Hadde Netcom vore eit alternativ, kunne eg teikna eit abonnement med kvote på 100 GB. Låge kvotar kan by på vesentlege problem:

  1. Fleire komponentar er tilknytte nettet som tv, telefonar, nettbrett og pcar og alle desse hentar data eller blir oppdaterte via nettverket. Til tider kan det vere snakka om store oppdateringar. Det tek av kvoten, men er nok ikkje det mest vesentlege.
  2. Surfing på nettsider med nyhende, bank og småspel osv er heller ikkje det store problemet heller.
  3. Synkroniseringstenester som Google Drive, SkyDrive osv dreg litt av kvoten.
  4. Sal av spel frå t.d. Steam eller Origin kan ete ein god del av kvoten med opptil fleire GB å laste ned, gjerne på fleire maskiner.
  5. Strømming av musikk frå Beat, Wimp osv er ei av dei store utfordringane for kvoteavgrensa tilbod.
  6. Den største utfordringa er nok film, serie og tv-tilbod som breiar om seg på nettet.

Det verste eg veit er tv-kanalar fulle av reklame. Eg har aldri likt å sjå film eller program fulle av reklamepausar og vil ta konsekvensen av det. Ordinært tv-tilbod planlegg eg å redusere kraftig på vårparten.

I sommar starta eg å leige filmar over nettet og testar no ut tenester som Netflix.  Når eg har skikkeleg tv, vil eg ikkje bli avspist med VHS-kvalitet. Eg vel HD-kvalitet, om det er tilgjengleg. No kan ikkje det samanliknast med BluRay-plater, men det er godt nok. Ein HD-film frå tenester som CDon og iTunes ligg i dag på 3 og 4 GB. Omrekna held ei kvote på 30 GB til ca 7 filmar i månaden. Strør ein på med litt Netflix innimellom er brått 30 GB borte.

Når eg tenkjer over vår bruk av nettet i løpet av ein månad, trur eg at 30 GB er nok. Hektar ein høg bil lina i løpet av kort tid, er kanskje saka så godt som avgjort.