Monthly Archives: september 2013

Tur: Kløvjavegen til Fjærlandsete

Kløvjavegen-FjærlandseteFjærlandsete er ein støl som ligg nordom Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandsetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det, på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen, lettare å nå Fjærlandsete frå Leikanger. Det forutset at ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug. Her er det to alternativ:

  1. Gå via Hottadalen over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen like heimom Kalvavatnet.
  2. Gå Kløvjavegen som startar i Geitadalen og kjem saman med stien frå Øvstedalen, litt over Furusete.

Det første alternativet fører deg ein del høgare i terrenget, slik at du må gå ned att på Fjærlandssete.

I dette innlegget tek eg for meg Kløvjavegen som er ein lett familietur på ca 4,5 km. På denne distansen skal du berre opp i underkant av 150 høgdemeter. Det er under halvparten av stigninga til Bjørgahaug frå Njøs. Fordelt over ein mykje lenger distanse betyr det at turen er svært slak. Det næraste eg vil samanlikna han med er turen fram i Henjadalen til Fivelshola (Flotande) eller Flya. Parkerer du ved bommen Henjadalen er distansen og stigninga mykje lik.

Skilnaden mellom turen fram i Henjadalen til Fivelshola (Flotande) eller Flya og Kløvjavegen til Fjærlandsete er at førstnemnde går på grusveg og krev ikkje anna enn gode gåsko. Kløvjavegen går over lyng, myrer samt moldete og fuktige parti. Her er det einaste som gjeld gode fjellsko, fjelljoggsko eller støvlar som kan halda veta ute. Ein lettskya dag vil du på eit godt stykke av stien sjå direkte mot Hurrungane i Jotunheimen, samstundes som du ser Gautastølen over Svartavatnet i Øvstedalen. Etter halvgådd tur vil du sjå Furusete, litt nedom Kløvjavegen. Eit kort stykke etterpå går Kløvjavegen saman med stien som kjem opp frå Øvstedalen.

Det er god plass på sælbøen til å setje opp telt eller lavvo, om du vil ta helga der. Har du kjøpt fiskekort, kan du fiske i vatnet. På ein varm sommardag kan du ta turen ned til vatnet og bade frå ei sandstrand. Ver i det minste budd på at det kan bli ei frisk oppleving, spesielt om det er tidleg på sommaren.

Tåkelegg skya for godt

Som eg har vore innom i tidlegare innlegg, kan tryggleiken til filer lagra på nettet vere so som so. Eg viser til:

For å vere heilt sikker på at ingen kan lese dine data, må du kryptere alle data som blir lasta opp. Sjølv om aviser hevdar at NSA knekker kryptering, har eg ikkje sett konkret dokumentasjon på det. Med utgongspunkt i Dropbox, vel eg likevel å skissere ei totalløysing med EncFS. Du vil fort forstå at ho er enkel å tilpasse alle skytenester som SkyDrive, GoogleDrive osv. Formålet er å ikkje gi ut nokon informasjon om di sikring av filene dine.

  1. Det første du må gjere er å installere programvare i innlegget EncFS sikrar dine filer på nettet.
  2. Sett standardinnstillingar slik som skissert i EncFS sikrar dine filer på nettet.

Når alt er installert og du har starta EncFS for Windows, vil det kome opp ein nøkkel i systemfeltet (system tray) nede til høgre i skjermbilete av Windows:

  1. Høgreklikk på nøkkelen
  2. Vel Open/Create
  3. Opprett ei mappe under ditt brukarnamn med t.d. namnet Skya
  4. Vel stasjon, i mitt eksempel brukar eg stasjon S,  som skal vere “redigeringskanalen”. Stasjonen gir tilgang “on-the-fly” til den dekryptert versjonen av filene.
  5. Lag eit godt passord eller setning

Det som har skjedd no er at det er oppretta ei fil .encfs6.xlm i mappa Skya. Du skal aldri kopiere filer eller mapper over i mappa Skya. Alle mapper og filer som blir skrivne via den virtuelle stasjonen (stasjon S i mitt eksempel) i EncFS, blir kryptert etter innstillingane i .encfs6.xml og lagra i mappa Skya. Fila .encfs6.xml  inneheld ikkje passordet/setningen i klartekst, men i lys av udokumenterte påstandar i media, vel eg å fjerne informasjonen frå likninga. Utan fila eliminerer ein fleire variablar som gjer det umogleg å få tilgang til informasjonen i filene du lastar opp. Eg treng vel ikkje minne deg om at du må ta backup av .encfs6.xml? Utan fila får du ikkje tilgang til dine data. Ikkje eingong NSA eller høgare makter kan hjelpe deg.

  1. Monter mappa til stasjon ved å klikke på nøkkelen system feltet og velje Mount
  2. Opprett ei mappe Dropbox på stasjon S
  3. Flytt alt frå den originale Dropbox-mappa til S:\Dropbox
  4. Vent til Dropbox-appen slettar alle filer
  5. Når Dropbox-appen er ferdig, avslutt Dropbox-appen
  6. Når Dropbox-appen er avslutta, slett mappa Dropbox frå brukarmappa di i Windows, ikkje S:\Dropbox

Dropbox-appen har hardkoda Dropbox som mappenamn. Uansett kor du peikar han slenger han på Dropbox. Om du ser under mappa Skya vil du sjå det krypterte namnet til mappa S:\Dropbox. Her ser du korleis det ser ut hjå meg:

enfsdropbox

Det du må gjere er å lage ein link med namn Dropbox under brukarområdet ditt til det krypterte namnet til Dropbox-mappa under mappa Skya. Dette må gjerast frå kommandolina/Ledetekst i Windows:

  1. Opne Ledetekst under Alle programmer\Tilbehør i Start-menyen
  2. Skriv mklink /J Dropbox «C:\Users\<brukarnamnet ditt>\Skya\<Kryptert namn til Dropbox-katalogen>»
  3. Sjekk at lenka fungerer frå Windows utforskar
  4. Når alt fungerer, start Dropbox-appen
  5. Opplasting av krypterte filer startar

Når det gjeld punkt 2, er det viktig at du bruker hermeteikn rundt stien som linken skal peike til. Årsaka er at det kan kome bindeteikn tilsvarande mellomrom frå krypteringa av mappenamnet. Utan hermeteikn kan linken bli feil.

Alt som du lagrar i S:\Dropbox\ bli lasta opp kryptert. Her ser du korleis det set ut hjå meg:

dropbox

Det siste du bør gjere er å logge deg på http://www.dropbox.com og slå på visning av sletta filer og mapper og fjerne desse for godt.