Monthly Archives: oktober 2013

10 månadar med Android

Samsung S2I januar gjekk eg over frå Nokia N8 med Symbian Belle til Samsung S2 med Android 4.0.4 og seinare 4.1.2. Før du les vidare skal eg gjere deg merksam på at mine erfaringar med Samsung S2 og/eller Android er på ingen måte fordelaktige. Det har vore sagt og skrive mykje i forhold til Nokia og Symbian, men eg har ikkje noko å utsetja på det. Symbian gjorde jobben sin utan «dikkedariar».

Batteritid

Eg skal vere like kort. Batteritida er dårleg. Sjølv med mininal bruk må du lade kvar dag.

Android

Eg og for den del andre har opplevd eit par problem med telefonen og/eller Android som i det minste er kjedelege, men for meg er i klassen med «show-stoppers».

Kryptering av telefon

Telefonane no til dags er meir enn eit verktøy å ringe med. Dei skal krypterast slik at data ikkje kjem uvedkomande i hende om du misser han. Første gong eg krypterte telefonen såg alt ut til å gå som planlagt, men når han var ferdig hevda Android at han hadde vorte avbroten og måtte nullstillast. Heldigvis hadde eg teke sikkerheitskopi, men det tek alltid ei tid å få sett opp at telefonen slik ein vil ha han.

Aktivering av kryptering på ein anna Samsung S2 medførte ikkje den same meldinga, men telefonen måtte nullstillast til eigaren sin irritasjon då krypteringa hang seg opp.

Datapartisjon fylles sakte, men sikkert opp

Eg er på ingen måte ein aktive brukar av applikasjonar. Eg har ikkje spel, berre nokre få, nødvendige applikasjonar av eige val installert. Telefonen har ein partisjon til applikasjonar og data til desse. Nokre applikasjonar kan ein flytte over på SD-kortet, men det er heller få. Sakte men sikkert fekk telefonen i løpet av 6-7 månadar fyllt opp applikasjon- og datapartisjonen. Det var att mellom 100 og 200 MB som førte til at eg ikkje fekk oppdatert applikasjonar og telefonen klaga over at han hadde lågt med minne.

Problemet har andre opplevd mykje meir enn meg, med gjentekne nullstillingar av telefon som følgje. Eg har sett dette problemet på ein anna fabrikant sin telefon og anna modell av Samsung med eldre versjonar for Android. For meg tyder det på at eit eller anna med Android må vere riv ruskande gale når det ikkje greier å rydde opp etter seg. Ein skulle trudd at dette var på plass i versjon 4.1.2, men den gang ei!

Google Play Music applikasjon

Eg har ein del musikk på telefonen. For spelelister generert frå PC i t.d. m3u-format er det ikkje problem. Problemet er spelelistene eg lagar med applikasjonen. Ved ein restart av telefonen blir alle desse tømde. Spelelista er der, men ho innehald ikkje spor. Det verste med det er at det ikkje er noko nytt problem. Søk på Google etter google play music playlists empty eller google play music playlists disappear.

Konklusjon

Eg er i sterke tvil om min neste telefon blir basert på Android. På meg virkar Android som eit system som ikkje er mogent nok. Det er altfor mange lus og store fundamentale problem som fører til at ein utan dei rette forholdsreglane kan ende opp med store tap av data og bortkasta tid med å setje opp att telefonen.

Tur: Lauparfjellet

LauparfjelletNamnet gir inntrykk av at ein må høgt til fjells, men dette ein bonus til turen til Hamrestølen framom Høgehaug. Etter at du har kome ut frå skogen og byrja på skogsvegen, kan du etter eit par 100 meter ta ein avstikkar ned til utsiktspunktet. Det heng eit skilt med svak raud skrift som indikerer starten på stien. Det er ikkje meir enn 100 meter å gå før du klatrar over eit gjerde og kjem ut på ei hylle over Hanahaug med utsikt over Leikanger og Sognefjorden.

Om du har valt å gå frå Eggja er det berre å halde fram turen på skogsvegen. Hamrestølen er omtrent halvveges til utsiktspunktet Lauparfjellet.

Tur: Hamrestølen frå Eggja

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Kortaste fotturen dit tek du frå Eggja. Han er på mellom 700 – 800 meter slik at du knapt kan rekne med å bli sveitt. I så måte er det ein ypperleg tur å ta med seg små ungar på.

For å kome til Eggja må du køyre forbi Hamre og fruktlageret i retning Hella. Etter 400-500 meter tek du av frå Sognefjordsvegen og startar klatringa opp mot Eggja. Vegen slynger seg oppover bak Fosshagen og er til tider smal. Ver budd på å rygge, her er det sjeldan plass til to køyretøy. Du skal nesten heilt til endes på Eggja. Ca 100 meter før bilvegen endar, startar skogsvegen som går opp til Hamrestølen.

Etter ca 2/3 av turen etter skogsvegen kjem du til ei grind som markerer starten på eit granfelt. Legg merke til orkanen Dagmar sine herjingar i området. Ute i terrenget rundt skogsvegen ligg mykje gran flat. Like etter Dagmar, for snart eit par år sidan, var skogsvegen uframkommeleg. Området likna meir på pinnespelet der ein slepp pinnar og skal plukke dei opp ein og ein utan at dei andre pinnane rører seg. Det var ei utfordring og passere og til tider ikkje heilt trygt sidan ein ikkje kunne vere viss på kva for spenn som var att i trea. Herjingane her var etter mi vurdering verre enn på stien til Skoparsete frå Skjer.

Tur: Kleppa til Hamrestølen framom Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen framom Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang. Det er same lengda som turen bak Høgehaug frå Kleppa. Ein rundtur rundt Høgehaug blir då på 5 km.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen til du kjem til Husabøstølen. Der skal du ta til venstre opp gjennom skogen. I enden vil du sjå eit skilt som pekar til Eggja. Du passerer eit gamalt sel og vil like etter gå inn i granskogen på framsida av Høgehaug. Mykje av stien går langs gjerdet som går over Frækaland. Trea står tett, men du kan skimte litt fjord og terreng gjennom dei. Dagmar har velta ein del tre.

Omtrent halvdelen av turen går i skogen, før du kjem ut på ein skogsveg som kjem frå Hamrestølen og Eggja. Har du tid vil du etter nokre 100 meter på skogsvegen kunne ta ein avstikkar ned til eit utsiktspunkt kalla Lauparfjellet. Skiltet er litt utydeleg. Det er ein kort avstikkar på ca 100 meter som tek deg til eit luftig utsiktpunkt rett bak og over Hanahaug.

Vil du ikkje sjå på utsikten er det berre å følgje skogsvegen til du kjem ut på Hamrestølen.

Tur: Kleppa til Hamrestølen bak Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen bak Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør kan du gå opp på Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Frå dette skiltet og til Hamrestølen er det att ca 800 meter som hovudsakleg går gjennom tett granskog. Tre er med ujamne mellomrom merka, men det er ikkje vanskeleg å sjå kor stien går. Når du nærmar deg Hamrestølen, vil du sjå at orkanen Dagmar har sett sine spor. Store mengder med tre er velta og stien har vorte rydda. Ca 50 meter frå sælet og løa der ein finn turposten, kjem ein ut av skogen og inn på traktorvegen som går på framsida inn til under Høgehaug.

Tur: Kleppa til Vålamyri

VålamyriVålamyr er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør går du opp til Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Det er 100 meter ned og du vil sjå nokre gamle plastfiller som er knytt på greiner i trea. Du vil skimte grasvegetasjonen nede i Vålamyri gjennom trea.

Nede på Vålamyri finn du benker sett opp og bålplass. Det kan hende at det er spent opp ein gapahuk under trea. Pass på når du nærmar deg vatnet eller tjernet. Prøv å gå på tuer og hald eit auga med kor du set foten. Å gå to kilometer tilbake til Kleppa i suppande blaute sko er vel ikkje fristande?

Tur: Kleppa til Høgehaug

HøgehaugHøgehaug ligg over Husabø på Leikanger. Turen frå Kleppa til Høgehaug er like i underkant av 1,4 km og går på traktorvegen opp til svingen der ein kan velje å svinge opp mot Øvstestølen eller gå rett fram i retning av Vålamyri/Hamrestølen eller til venstre opp til Høgehaug. Du stig i underkant av 200 høgdemeter frå parkeringsplassen på Kleppa. Eg vil tru alle kan greie denne turen.

Sidan Høgehaug er eit utsiktspunkt kan det vere like greitt å gå opp her, nyte utsikta og gå ned på andre side i retning Hamrestølen. Då slepp du å gå i myrane bak Høgehaug eller i skogen under Høgehaug til eller frå Hamrestølen. Ingen av desse turane gir det det beste av utsikt. Investeringa i dei ekstra høgdemeterane det er å gå over Høgehaug er vel verd det.