Daily Archives: 13. oktober 2013

Tur: Lauparfjellet

LauparfjelletNamnet gir inntrykk av at ein må høgt til fjells, men dette ein bonus til turen til Hamrestølen framom Høgehaug. Etter at du har kome ut frå skogen og byrja på skogsvegen, kan du etter eit par 100 meter ta ein avstikkar ned til utsiktspunktet. Det heng eit skilt med svak raud skrift som indikerer starten på stien. Det er ikkje meir enn 100 meter å gå før du klatrar over eit gjerde og kjem ut på ei hylle over Hanahaug med utsikt over Leikanger og Sognefjorden.

Om du har valt å gå frå Eggja er det berre å halde fram turen på skogsvegen. Hamrestølen er omtrent halvveges til utsiktspunktet Lauparfjellet.

Tur: Hamrestølen frå Eggja

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Kortaste fotturen dit tek du frå Eggja. Han er på mellom 700 – 800 meter slik at du knapt kan rekne med å bli sveitt. I så måte er det ein ypperleg tur å ta med seg små ungar på.

For å kome til Eggja må du køyre forbi Hamre og fruktlageret i retning Hella. Etter 400-500 meter tek du av frå Sognefjordsvegen og startar klatringa opp mot Eggja. Vegen slynger seg oppover bak Fosshagen og er til tider smal. Ver budd på å rygge, her er det sjeldan plass til to køyretøy. Du skal nesten heilt til endes på Eggja. Ca 100 meter før bilvegen endar, startar skogsvegen som går opp til Hamrestølen.

Etter ca 2/3 av turen etter skogsvegen kjem du til ei grind som markerer starten på eit granfelt. Legg merke til orkanen Dagmar sine herjingar i området. Ute i terrenget rundt skogsvegen ligg mykje gran flat. Like etter Dagmar, for snart eit par år sidan, var skogsvegen uframkommeleg. Området likna meir på pinnespelet der ein slepp pinnar og skal plukke dei opp ein og ein utan at dei andre pinnane rører seg. Det var ei utfordring og passere og til tider ikkje heilt trygt sidan ein ikkje kunne vere viss på kva for spenn som var att i trea. Herjingane her var etter mi vurdering verre enn på stien til Skoparsete frå Skjer.

Tur: Kleppa til Hamrestølen framom Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen framom Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang. Det er same lengda som turen bak Høgehaug frå Kleppa. Ein rundtur rundt Høgehaug blir då på 5 km.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen til du kjem til Husabøstølen. Der skal du ta til venstre opp gjennom skogen. I enden vil du sjå eit skilt som pekar til Eggja. Du passerer eit gamalt sel og vil like etter gå inn i granskogen på framsida av Høgehaug. Mykje av stien går langs gjerdet som går over Frækaland. Trea står tett, men du kan skimte litt fjord og terreng gjennom dei. Dagmar har velta ein del tre.

Omtrent halvdelen av turen går i skogen, før du kjem ut på ein skogsveg som kjem frå Hamrestølen og Eggja. Har du tid vil du etter nokre 100 meter på skogsvegen kunne ta ein avstikkar ned til eit utsiktspunkt kalla Lauparfjellet. Skiltet er litt utydeleg. Det er ein kort avstikkar på ca 100 meter som tek deg til eit luftig utsiktpunkt rett bak og over Hanahaug.

Vil du ikkje sjå på utsikten er det berre å følgje skogsvegen til du kjem ut på Hamrestølen.

Tur: Kleppa til Hamrestølen bak Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen bak Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør kan du gå opp på Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Frå dette skiltet og til Hamrestølen er det att ca 800 meter som hovudsakleg går gjennom tett granskog. Tre er med ujamne mellomrom merka, men det er ikkje vanskeleg å sjå kor stien går. Når du nærmar deg Hamrestølen, vil du sjå at orkanen Dagmar har sett sine spor. Store mengder med tre er velta og stien har vorte rydda. Ca 50 meter frå sælet og løa der ein finn turposten, kjem ein ut av skogen og inn på traktorvegen som går på framsida inn til under Høgehaug.