Monthly Archives: juni 2014

Tur: Grinde til Myklebru

Skogsveg GrindsdalenGrindsdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger, på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Den beste måten å koma seg inn dalen er på Hukesida, sidan ein kan kome seg inn forholdsvis langt med bil. Skal du fram på Grindesida har du to alternativ: sykkel eller «apostlane sine hestar».

Turen startar i krysset mellom vegen opp til Engjasete og Grindsdalen. Følgjer du vegen inn Grindsdalen endar han ut i ein skogsveg etter 400-500 meter ved eit gardsbruk. Skogsvegen er omlag 4,5 km og endar ut i skogsvegen frå Hukesida. Vegen på Grindesida er prega av å vere lite brukt. Du skal ikkje langt fram før du merkar at gamle traktorspor er på veg til å gi tapt for vegatasjon. På den siste delen har jamvel lauvskogen byrja å gjere sitt inntog. Det er sett opp namneskilt på ulike stadar langs vegen.

Dalen ligg ikkje langt frå Leikanger og sidan det er moglegheit å ta seg fram både på Grindesida og Hukesida, kan det vere ein ide å ta turen på sykkel. Sidan dette er skogsvegar må ha ein god hybrid- eller terrengsykkel. Girutveksling er ein absolutt fordel, om ikkje nødvendig. Vegen på Grindesida er dårlegast så eg tilrår at ein syklar fram den. Å køyre nedover i høgt og sleipt gras synes ikkje som nokon god ide. Du må rekne med å leie sykkelen på nokre parti. Det er ikkje lett å balansere og trø i høgt gras. Framme ved Myklebru, kan du trille heim Huksdalen før du returnerer inn Sognefjordvegen til Leikanger eller Hermansverk.

Tur: Luftig sti opp og over Kyrafossen

kyrafossen.jpgI bilete til høgre ser du Kyrafossen ein vårdag. Til venstre for fossen, i den graskledde, bratte lia snor det seg ein sti. Har du høgdeskrekk blir du frårådd å gå denne turen.

Du følgjer traktorvegen mot Hangsete. Etter å forsert det brattaste partiet av vegen, kjem du til skiltet som merker starten. I midten av bilete ser du ein del gran. Frå traktorvegen går stien opp til desse. Du går gjennom granfeltet og her vert det vesentleg brattare. Legg merke til hylla på skrå nedover i retning fossen frå granfeltet du ser mot himmelen, denne kjem du til å gå på. Stien er lite oppgått, men du har god hjelp av raudmerking.

Frå du går opp gjennom granfeltet i midten av bilete til du går inn i det øvste granfeltet, må du være budd på å takle høgder. Lauvskogen tilbyr berre svært varierande skjerming så du vil garantert kjenne suget frå “avgrunnen”. For meg er dette den mest utfordrande stien eg hittil har gått i Leikanger.  At han er bratt er ikkje noko fysisk problem i motbakken, men tittar eg ned på dei rette stadane kjem ubehaget. Her gjeld det å halde rett fokus så går det bra, men eg veit ikkje om eg kjem til å gå han ned. Stien i bratta vert kalla «Bjødnastien», men kvifor har eg ikkje fått klarheit i. Sidan eg til tider er mest komfortabel med å bruke alle fire, synes eg namnet er passande. Eg kjem oppover, som ein bjørn. Om ein studerer kartet vil ein sjå at høgda til venstre for biletkanten heiter Bjørnshovden og då har ein nok forklaringa på namnet.

Inne i granfeltet på toppen er det eit utsiktspunkt der stien snur tilbake, i retning Kyrafossen. Du vil finne fleire høver til å sjå bygda, men eg synes utsiktspunktet litt aust for fossen, Våkeldahaug, er langt betre.  I tørre og varme periodar om sommaren er det ikkje vasseføring i Kyrafossen. Ver ikkje overraska om du ikkje legg merke til elva.

Turen er opp og over Kyrafossen er delt i to deler:

  1. Traktorvegen mot Hangsete.
  2. Stien opp, over Kyrafossen (til Våkeldahaug).

Tur: Gildal

Gildal-057Gildal er ein sidedal i vestleg retning til Huks-/Grindsdalen. Du følgjer traktorvegen i  Huks-/Grindsdalen nesten heilt fram. Like før enden på traktorvegen stig det ein mindre, attgrodd traktorveg opp mot Gildal. Han endar etterkvart ut i ein sti som du følgjer fram til sælet til Sjur Huke. Distansen dit er ikkje meir enn til Nyastølen på austida av Huks-/Grindsdalen. Mesteparten av stigninga opp til Gildal er unnagjort på dette partiet.

Om du held fram vil du etter litt kome til eit nytt sæl. Snur du deg i austleg retning vil du sjå eit sæl til. Alle sæla du har passert er av nyare dato. Går du vidare, i retning av Storebotnen, kjem du til dei gamle stølstuftene. Ifølgje det eg har blitt fortalt gjorde eit snøras ende på stølen. Elva Gildøla renn i nærleiken slik at du enkelt kan drikke eller fylle flaska før du går vidare.

Kiker du opp i vestleg retning vil du registrere Hest/Hestfjellet. For å kome dit må du krysse elva. Kor du kryssar er avhengig av vassføringa, om du ikkje vil bli blaut på beina. Uansett er turen via Gildalen eit reelt alternativ til den lange marsjen frå Engjasete til Hest/Hestfjellet. Snur du ryggen til Hest/Hestfjellet og ser austover, ut dalen vil du sjå Rjupeskar i sør til Kjeringafjell i nord.

Turen til Gildal går fint i gode joggesko, gjerne med Goretex. Område ved dei gamle stølstuftne er litt myrete.

Turen til Gildal er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Gildal

Android 4.4.2 – tryggleik eller funksjonalitet?

Android442-OTP1Eg veit ikkje om eg skal le eller gråte. Telefonen vart nettopp oppgradert til Android 4.4.2 og eg sette nesten kaffien i halsen når eg oppdaga funksjonalitet som var slått på som standard etter oppgraderinga. Meldingar vert vist på låseskjermen din. Du slepp å slå inn koden din for å lese meldinga du nettopp fekk inn.

Ok, kva er problemet spør du. Lock screen eller låseskjerm, kva foventingar skal ein stille? Ligg det ikkje i ordet? Når noko er låst nede/inne skal du ikkje få tak i det. Det er meininga at du må gjere noko for å få tak i innhaldet eller informasjonen.

For vanlege meldingar som «Eg blir sein i dag», «Kan du kjøpe toalettpapir og kaffi?» eller «Trening kl 18.30» er det det ikkje så nøye. Mange har ei eller fleire tenester som sender ein kode via SMS til telefonen din når du har logga på med passord. Eksempel på dette er MinID for tilgang til dine offentlege tenester og ulike innloggingsløysingar for nettbankar. Årsaka er at tenesta eller du har stilt større krav for tilgang. Blir passordet kjent kan ikkje den framande logge seg på utan å ha tilgang til SMSane som kjem til mobilen din.

Som du ser av bilete mitt blir mine OTP (One Time Password) ukritisk vist på låseskjermen. Blir telefonen stolen av nokon som veit passorda på tenestene, vil dei kunne lese SMSen som kjem til telefonen utan at dei må bryte skjermlåsen. Så lenge dei greier å halde liv i telefonen med å lade den og SIM-kortet er aktivt, vil OTP tikke inn. Kva i svartaste natta har utviklarane tenkt på?

Heldigvis går det an å slå av dette gedigne svikta/blemma:

  1. Opne Meldinger,
  2. Trykker på Meny-knappen,
  3. Vel Innstilinger,
  4. Rull ned til Varselinnstillinger
  5. Fjern kryssetForhåndsvis melding

Android442-OTP2