Monthly Archives: august 2014

Tur: Nordtoppen av Stav

Stav nordspiss 023

Med utgangspunkt i Stavsete vil du ved å svinge nordvestover, opp lia mot Stavafjellet, kome til det eg anser for å vere den mest spektakulere oppturen i Leikanger.

Frå Stavsete følgjer du eit rekkje/sti opp over mot Stavafjellet frå det vestlegast sælet. Omtrent halvveges opp i lia forsvinn det, men du held berre fram oppover. Den første knubben du går opp på ligg på 1168 moh og deretter er det å jobbe seg fram, i nordleg retning, til Stavafjellet på ca 1400 moh.

Her startar den store utfordringa. Mellom Stavafjellet og nordtoppen på Stav går det ei egg. Denne eggja er grensa mellom Leikanger og Balestrand kommune. Etter kvart som du nærmar deg Stav blir det smalare. Til slutt er det ca 4 meters breidd og loddrett ned på kvar side. På nordsida vil du kunne falle inn i Balestrand på snø. På sørsida ned i steinur. Her gjeld det å ha stålnerver og la tankane svive rundt noko heilt anna.

Eg gjorde nokre forsøk, men kom berre eit stykke inn på det smale partiet før det låste seg mentalt. Ein del av meg bad meg om å halde fram, men delen som styrte beina protesterte vilt og eg vart ståande frosen i ein posisjon. Det enda med at eg fann det best å setje meg ned og heller krabbe eit stykke tilbake. Det var heller ikkje hjelp at eg på veg tilbake til sikrare posisjon trakka på ei stor helle som balanserte og vippa litt. Restane av mot fordufta som dogg i sommarsol.

For oss med aversjonar mot visse typer høgder, fins det alternativ. Etter å ha sett området frå alle vinklar på mine turar, ser det ut til at ein i stadenfor å legge turen opp til Stavafjellet, kan ein halde seg nedom knubbane og gå inn sør om Stav og kome seg opp frå vestsida. Som du ser av bilete slepp du å gå på ei skarp egg:

Engjasete-Hella-039

Turen til nordtoppen av Stav via Stavafjellet er delt i tre deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete
  3. Stavsete til eggja mellom Stavafjellet og Stav

Tur: Skarholten

Skarholten 035

Skarholten er eit av dei høgaste punkta i Leikanger kommune på 1543 høgdemeter. Fjelltoppen ligg i nordaustleg del av kommunen, nord for vassreservane våre.

Den enklaste måten å gå til Skarholten er via Huks-/Grindsdalen der du går fram til Stavatjørni før du går opp ryggen til Skarholten. Stavatjørni ligg på ca 1000 høgdemeter og du går borti i lia til aust for vatnet og følgjer eit tydeleg rekkje/sti oppover eit stykke. 500 meter opp i lia blir det meir utydeleg, men det er enkelt å følgje ryggen oppover. Cluet er å følgje gras og mose oppover til du kjem til «steinørkenen». På den første delen av stigning er det lurt å halde seg i nordleg del av ryggen. Går du for tett på Fossadalen, i sør for Skarholten, vil du risikere å gå litt opp og ned. Det er betre å halde ei jamn stigning oppover enn å tape høgdemeter.

Når du er i starten på «steinørkenen», vil du legge merke til områder med snøkvit kvartstein. Mot slutten kan du ta ein titt ned i Fossadalen og går du over på nordleg side av ryggen kan du sjå ned i Ryssebotn og bort på Ryssebotnrana. I austleg ende av Ryssebotnrana, som ligg nord for Skarholten, kan du skimte varden på 1604 høgdemeter. Det er «tre-punkten» der grensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger kommune møtes. Omtrent rett aust for Skarholten, bak vestlege delen av Myrdalsbreen, kan du skimte varden på 1570 høgdemeter der grensa mellom Sogndal og Leikanger kommune møtes. Om du kunne ha gått ned breen på baksida av varden, ville du kome ned i Gunvordalen i Sogndal kommune. Vender du deg gradvis mot sør har du utsyn over Myrdals- og Voggesbreen i søraust. Nedanfor Voggebreen kan du skimte Friksdal. Vest for Friksdal ser du heim Friksdalseggi mot Kaldekletten og Kjeringafjell.

Du må rekne med 3 til 4 timar på turen opp til Skarholten. Eg parkerte i nærleiken av Myklebru og brukte noko under 3 timar. Hadde eg parkert heilt heime ved den gamle skytebana, reknar eg med at det ville teke 4 timar og 30 minutt. Når eg no kjenner ruta, kan eg nok korte ned på gangtida noko. Første gongen blir det ofte pausar for å vurdere alterative trasear.

Etter bileta mine skal det ikkje vere store utfordringa å gå nord om breen og bort til Synnevaskjer, ned Trastadalen og heim Henjadalen. Vel du ein slik tur må du setje av ein heil dag og ta med godt med niste og godsaker. Drikke kan du fylle mange stadar på turen.

Turen til Skarholten er delt i fire deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete
  3. Stavsete til Stavatjørni
  4. Stavatjørni til Skarholten

Tur: Stavatjørni

Oversiktsbilete

Stavatjørni under med Stav, Stavafjellet og Sevrisbotn i horisonten

Stavatjørni ligg nesten til endes i Grindsdalen på ca 1000 meter over havet. Du har berre eit lite stykke att å gå nordover før du er på veg ned i Strupen og Rommedal.

Turen fram dalen frå Stavsete går i eit flott, ope turterreng. Sauene har gått opp eit tydeleg rekkje eller sti heilt fram. For å kome inn på stien går du opp til den vestlegaste hytta, gråblå på bileta og tek 90 grader mot høgre, passerer nokre gamle steinmurar og så er du meir eller mindre på stien. Den første bakken er kort før det flatar ut frametter dalen.

På austsida av elva, framover dalen frå Stavsete vil du sjå Kaldekletten, nord for Kjeringafjell. Nord om Kaldekletten ha du Svinadalen, Svinadalseggi, Fossadalen og til slutt Skarholten. I vest kan du sjå nordspissen av Stav, Stavafjellet, Sevrisbotn og Husbyggjefjellet. I nord/nordvestleg retning ser du Romhesten. På toppen av desse fjella går grensa mellom Leikanger og Balestrand.

Dalen er ein stor U-dal og sidene innbyr til turar. Her er det mange toppar som er lett tilgjengelege. Dyrelivet på sommaren er spredte sauer og det er lett å gå på ryper opp etter sidene. Desse luringane kan setje ein støkke i deg sidan dei først lettar når du nesten kan trakke på dei.

Turen fram til Stavatjørni passar ypperleg som ein litt lengre tur for nybyrjarar og familiar. Betal 50 i bompengar og køyr eit stykke fram Huksdalen. Det er ein klar fordel om du har bil med noko bakkeklering. Vassflasker kan fyllast der elva kjem ned frå Gildalen, Stavsete eller i elva frametter dalen. På Stavsete passar det med ein liten rast før ein går dei ca 2,5 siste kilometerane som berre stig 200 høgdemeter fram til Stavatjørni. Ved vatnet tek du ein lengre rast. Her er det ingen mobildekning og roen senkar seg fort.

Turen til Stavatjørni er delt i tre deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete
  3. Stavsete til Stavatjørni

Google styrkar ikkje tilliten til amerikansk nettlagring

Eg har forsøkt etter beste emne å forsøke å organisere bilete på Google+ Bilder, men i veka 4 – 8 . august gav eg opp. Google+ Bilder støttar ikkje korleis eg ønskte å organisere bileta mine på. Eg sletta alle bileta og tømte papirkorgi på Google+ Bilder. Ingen bilete er lenger tilgjengeleg for meg der.  Totalt hadde eg lagra 1,07 GB med bilete. I dag, 24.08 eller snart 3 veker etter, viser kvota på Google Drive at eg framleis brukar 1,07 GB på Google+ Bilder:

20140824 Gphotos tek framles plass

Problemet har eg lagt merke til tidlegare. Etter mitt første forsøk på å prøve å bruke Google+ Bilder som lagring eit år eller to tilbake, la eg merke til at sjølv om eg sletta alle bileta, fekk eg aldri frigitt 0,25 GB lagringsplass.

For å sjå om dette er vanlig oppførsel i nettlagring, har eg testa å laste opp bilder til OneDrive, slette dei og tømme papirkorga. På OneDrive vert lagringskvoten umiddelbart justert.

Eg har meldt problemet inn på Google sine forum:

Picasa: https://productforums.google.com/forum/?utm_medium=email&utm_source=footer#!msg/picasa/bxY6cTxTWGE/f5Ew6vJ6HTQJ

Drivehttps://productforums.google.com/forum/#!msg/drive/vQ5UpKg_xcc/J-fj6wgKmn8J

I tillegg er det meldt via tilbakemeldingar i Google+ til Google, men eg har ikkje høyrt noko derifrå.

Eg ser i foruma at andre har det same problemet. Det kan vere eit problem eller lus i kvotekalkuleringa som gjer at kvoten ikkje blir nulla ut. Når ein ser det i lys av Edvard Snowden sine avsløringar, aukar ikkje min tillit til amerikanske nettlagringstenester.

Tilliten er pulverisert og ligg på eit tilnærma nullnivå. Uansett kor gode erklæringar og vilkår er skrivne på slike tenester, tek eg lærdom av historia. Ho har vist at amerikanarane gjer som dei vil.  Eg har teke konsekvensen av min mistillit og brukar berre ei sikker, ikkje-amerikansk teneste for å sikre mine viktigaste filer. Eg har òg så smått byrja å tenkje på å kutte ut e-post på amerikanske tenester.

I tillegg har spørsmålet om Windows 8, der ein loggar seg på ein Outlook/Live-konto byrja å ulme. Windows 8 og for den del ChromeOS er knytt til tenester styrt av amerikanarar. Er det på tide å melde overgang til open kjeldekode og ein linux-variant?

Kva med Android, Windows Phone og iOS-baserte telefonar og nettbrett som er kopla mot amerikanske tenester?

Crucial v4 byr på utfordringar

v4-ssdEg fekk inn ei maskin med ein Crucial v4 SSD på 128 GB. Maskina hadde Windows 7 installert, men i motsetning til mine maskiner med SSD var oppstart og generell bruk av Windows 7 svært tregt. Crucial v4 er ingen racer i utgangspunktet. Andre SSDar har langt betre spesifikasjon, men dette minte om Windows Vista på ei underdimensjonert maskin i si tid.

Eg såg over Windows-installasjonen, men fann ikkje noko som skulle tilsei denne tregheita. Prosessaktiviteten var låg, minne var det meir enn nok av. Her måtte det vere eit eller anna med SSDen.

Etter søk på nettet inkludert foruma for brukarar på Crucial, såg eg at firmware 22 var utruleg treg. Eg lasta ned den etterfølgjande og siste oppdateringa som er 25. Programpakken for å lage ein oppstartbar minnepinne som Crucial hadde laga var spesiell. Han ville berre akseptere visse minnepinnar, utan at nokon var nemnt. Ingen av mine og dei eg fekk låne passerte nålauga. Eg greidde ikkje lage ein oppstartbar minnepinne med den offisielle firmwaren for å oppdatere SSDen.

Eg byrja å sjå etter andre måtar og oppdaga at det var referert til ein konkurrent sin firmware som passa til kontrolleren på Crucial v4. Eg er, og du, skal alltid vere skeptisk til å bruke firmware frå andre produsentar. For min del hadde begge alternativa ti løysing på problemet same utgang for eigaren: Crucial v4 måtte skiftast om eg ikkje oppgraderte eller oppgraderte og øydelagde SSDen. Eg innhenta løyve til å gjere forsøket.

Oppdatering av firmware nullstiller heile SSDen så det første eg måtte gjere var å ta eit bilete av installasjonen med CloneZilla. Då slepp eg å installere Windows 7 og programvare frå grunn av. Det tok ca 20 minutt å ta bilete. Eg følgde rettleiinga til punkt og prikke og oppdateringa av firmware gjekk perfekt. Deretter var det å legge tilbake Windows-installasjon med CloneZilla som tok ca 10 minutt.

Maskina starta og Windows lasta. No var opplevinga noko anna. Som sagt er ikkje Crucial v4 nokon racer, men no fungerte Crucial v4 vesentleg betre enn ein ordinær, treg snurredisk. Eigar vart godt nøgd med resultatet.