Monthly Archives: september 2015

Flytte frå WordPress.com

Bloggen min hamna på WordPress.com etter at Windows Live Spaces vart lagt ned. Eg er godt nøgd med WordPress.com. Eg stiller ikkje store krav til funksjonalitet og skreddarsaum, men eg ser at WordPress.com er noko begrensa med kva ein kan legge inn. Eg byrja å sjå på korleis det ville vere å flytte til ein anna nettstad alt eg hadde på WordPress.com

Wordpress ExportWordPress.com har to eksportversjonar. Den eine tek dei seg godt betalt for og flyttar alt til ein partnars løysing. Då er ein ikkje heilt fri på kor ein flyttar det. Den andre moglegheita for eksport gir berre det tekstlege innhaldet ditt. Du får ikkje kopiert ned bilete og andre mediafiler du har nytta. Har du ein del liggande berre på WordPress.com og ikkje ein kopi lokalt, har du ein stor jobb framfor deg med å hente ned alt.

ArrieraEtter litt søking fann eg Arriera. Det er eit verktøy som brukar xml-filene frå den gratis eksportfunksjonen og hentar ned alle mediafilene som er lasta opp.

Ulempa er at det krev at du har køyrer det på ein Debian-basert linux-versjon, t.d. Ubuntu eller Debian. Det set visse krav til brukaren, men for min del gjekk det greit.

Erfaringane er at eg fekk henta ned alt, men at det var lurt å gjennomføre økta to gonger. Eg la merke til at på nokre få filer fekk eg ei feilmelding som etter det eg kunne sjå var relatert til nettverk. Til slutt sat eg att med 2,1 GB med filer som stemmer med det teljaren på WordPress.com seier.

Filene får ein ut, men å bygge opp at bloggen på ein anna nettstad med alle bilete og album vil likevel vere ei solid oppgåve.

Samsung S4 Active har framleis sceneskrekk (Stagefright)

S4A-StagefrightDet er nokre månadar sidan Stagefright vart varsla og stadfesta. Eg har ein Samsung S4 Active. Det er enno ikkje komen ei oppdatering som rettar svakheita.

Vi er snart i oktober, 4 månadar sidan svakheita vart stadfesta. Samsung S4 Active er ein 2 år gamal modell, men det var ikkje ein billeg telefon i bruk-og-kast-sortimentet. For dyre modellar må ein kunne forvente at produsenten tek grep og rettar feil så raskt som mogleg. Eg veit at Samsung S5 er oppdatert og får berre håpe at S4-serien ikkje blir gløymt. Spesielt viktig er det å få retta dette når angrepskoden er slept laus. Uansett, automatisk nedlasting av MMS er deaktivert for å unngå overraskingar.

Deaktivering av lydkort i BIOS fjerna FireWire-problemet

FS Scaleo Pi 2660Her kjem ei oppdatering av saka om den gamle Fujitsu Siemens Scaleo Pi 2662 eg ville ha over på Windows 7 og vidare til Windows 10.

Eg diskukterte problemet mitt med nokre kollegaer og fekk forslag om å deaktivere lydkort eller nettverskort i BIOS. Eg holdt ein knapp på å deaktivere nettverkskortet, sidan eg meiner ein kunne kople saman maskiner med FireWire.

Først ut var deaktivering av lydkortet i BIOS, som eg hadde minst tru på. Etter at Windows 7 hadde starta, gjekk eg over Enhetsbehandling eit par, tre gonger. 1394-referansen var søkk vekk. Eg sette i gong oppgraderinga til Windows 10 og no var det ingen problem. Under prosessen lurte eg på om eg måtte kjøpe eit lydkort til maskina, men når Windows 10 var ferdig installert var det lyd. Ikkje i min villaste fantasi kunne eg tenkt meg at det å deaktivere lydkortet i BIOS slo av FireWire-kontrolleren. Klart språk er det ikkje.

FireWire skapar utfordringar for Windows 7 og 10

FS Scaleo Pi 2660Eg har ein gamal travar ståande, ein Fujitsu Siemens Scaleo Pi 2662. Ho vart kjøpt inn i 2008 for redigering av film i AVCHD med Intel Core 2 Q6600 (Quad Core), Ho ber sin alder med verdigheit, som ein godt trent pensjonist. Over tid har ho fått eit par oppgraderingar som SSD og eit Nvidia Geforce GT650, men Windows Vista dreg på åra.

Komplett selde ut Windows 7 til ein rimeleg pris og eg såg mitt snitt til å gå via Windows 7 og så til Windows 10 gratis. Det viste seg å by på større utfordringar enn forventa med eit hovudkort av MSI G31-familien.

Første forsøk med rein installasjon frå DVD hang seg opp heilt på slutten. Alt skal vere så pent når du installerer Windows. Ein får ikkje mykje meldingar om kva som skapar problemet. Av gamal erfaring med bygging av PCar, gjekk eg over BIOS og prøvde alskens innstillingar, men det virka ikkje. Maskina hang på same punkt under installasjonen. Eg la tilbake diskbilete med Windows Vista eg hadde teke med CloneZilla og prøvde ei oppgradering derifrå utan hell. Eg prøvde Windows 10 rein installasjon, men der hang det med ein gong og kunne ikkje vorte verre.

Siste forsøk måtte gjerast via VirtualBox. Eg oppretta ei virtuell maskin med rett innstilt diskkontrollarar og installerte Windows 7. Når det var gjort, tok eg diskbilete med CloneZilla. Diskbilete la eg inn på Fujitsu Siemens Scaleo Pi 2662 og starta ho. Som forventa starta ho med å installere drivarar sidan maskina ikkje er heilt lik maskina VirtualBox. På eit punkt hang ho. Eg restarta og tok eg opp boksen som viser kva for drivarar som vert installert. Syndaren var FireWire-kontrollaren. Når maskina skulle ha på plass 1394 OHCI-drivaren hang ho. Eg restarta til sikker modus og deaktiverte kontrolleren i Windows Enhetsbehandling. Ved omstart til vanlig Windows 7 var alt såre vel. Eg har fått på plass alle andre drivarar, aktivert Windows 7 og oppdatert det til dags dato.

I etterkant ser eg at dette er eit kjent problem. Her er ei lenke som omtalar akkurat det same. Windows 7 installerer 1394 OHCI Compliant Host Controller, men skulle installert 1394 OHCI Compliant Host Controller (Legacy). Ein ting som er sikkert er at eg skal vere nøye på å ta eit nytt diskbilete når eg skal oppdatere til Windows 10. Eg har notert meg at Microsoft har ein drivar som skal støtte maskinvaren, men eg veit ikkje om eg kjem til å bruke den. Kven har bruk for FireWire i dag?