Monthly Archives: januar 2016

SSD kan ikkje slettast som HD

octane s2Tradisjonelle harddiskar har magnetiske plater som snurrar og armar som les og skriv til samlingar med sektorar. For å viske ut innhaldet er må ein overskrive med vilkårlege data. Då er ein sikra at ein ikkje kan gjenopprette gamle data.

For ein SSD er ikkje dette aktuelt. SSD inneheld store mengder minneceller som kvar kan ta eit visst tal med skrivingar til seg. For å fordele skrivingane sit det ein kontrollar på SSD som vel kor det skal skrivast. Det er ikkje sikkert at å få viske alle minneceller med denne måten.

Men for SSD har ein det som heiter TRIM. I Windows 10 blir dette omtalt som å optimalisere disken. Det som skjer når du ein nyttar TRIM er at kontrollen SSDen nullstiller dei minnecellene som i «innhaldslista» er merka ubrukte. Ligg det gamle data forduftar dei.

For å teste effektiviteten til TRIM rydda eg ein av PCane mine for biletesamlinga, video og dokument samt filer frå systemgjenoppretting og filer som blir mellombels lagra av ulike program. Deretter køyrde eg optimalisering av disk. Etter litt restarta eg pcen med Parted Magic (systemverktøy i linux fra minnepinne) og køyrde PhotoRec.

Gjennomgangen av det som vart funne på ledige plass av SSDen viste at eg ikkje greidde å finne at hverken fotosamlinga eller videoar. Eg gjorde nokre stikkprøvar av ulike filtypar og dei fleste var tomme og/eller gav feilmelding som uleslege. Fann ei gjenoppretta fil som inneholdt tekst frå eit brev av null verdi. Det var to eller tre småbilete (inntil 640 x 480 oppløysing) som stamma frå den gamle heimesida, men i det store og heile var TRIM svært effektiv. For meg kan det sjå ut til at det kan vere tilstrekkeleg å formatere SSDen og så optimalisere. I teori og praksis skal alle gamle data bli nulla bort. Ver obs på at TRIM berre virkar på intern SSDen.

Overrasking ved oppgradering av D-link DIR-880L

Med ujamne mellomrom undersøker eg om utstyret mitt har fått ny firmware, bios eller liknande. I dag sjekka eg D-link DIR-880L og fann ut at det var komen ny firmware eller programvare.

Oppgraderinga vart gjennomførte eg via kabla nettverk og i web-grensesnittet. Alt gjekk om på skinner, tilsynelatande utan problem og D-link DIR-880L var restarta. Internett var på plass og såg ut til å fungere som det skulle.

Ved månadsskifte er det tid for backup eller sikkerheitskopiering av data. Eg hadde ei større mengde som skulle til Jotta. Forrige månad var hastigheita opp 3 MB i sek sidan eg har ei 30/30 Mbit-line. Stor var overraskinga at no var farten avgrensa til i overkant av 0,2 MB i sekundet opp.

Eg testa alle deler av oppsettet frå fiberinntaket via straumnettet til routeren. Konklusjonen var at feilen måtte ligge i D-link DIR-880L . Ikkje kunne eg forstå kva som var årsaken og frykta i verste fall at den nye programvaren hadde ein vesentleg feil.

Før eg byrja å søke etter den gamle programvareversjonen, tenkte eg at eg skulle sjå innom QoS (Quality of Service) der ein kan setje avgrensingar på trafikk. Jammen fekk eg rett, under QoS var det sett inn tal som var langt under mi nettline. Eg endra tala slik at det er 30 Mbit ned og 100 Mbit opp. D-link DIR-880L vart restarta og no var alt tilbake til «gode gamle dagar».

Tips:

Sjekk alltid QoS på ein D-link DIR-880L etter oppgradering av programvare.

Film i 3D

mv5botazodezndazml5bml5banbnxkftztgwmdu1mtgznze-_v1__sx1537_sy1063_Har sidan barndomen vore fan av Star Wars og måtte naturlegvis ta meg ein tur før jul 2015 på Star Wars – The Force Awakens. Eg går sjeldan på kino no og dette var den aller første gongen eg såg film i 3D. Eg fekk stadfesta mine mistankar om at 3D er meir gimmikk enn noko som tilfører filmopplevinga noko vesentleg.

Objekt oppleves å  vere framfor eller bak kvarandre. Problemet ser ein lettast når det vert panorert anten forbi eller skrått langs/forbi objekta. Dei ulike objekta får ei kunstig framtoning. Det er som om det er flate figurara i bilete, nett som pappfigurar, sjølv om dei rører på seg. Ein får ikkje djupn på det einskilde objektet. For meg blei det unaturleg i forhold til korleis ein opplever verda rundt seg. Det blir som då eg såg på bilete i stereoskop på 70-talet. Eg har lest om folk som dukkar og bøyger seg vekk under filmar i 3D, men eg opplevde aldri trongen for å gjere det.

Eg kjem ikkje til å prioritere filmversjonar i 3D når eg skal på kino neste gong.