Monthly Archives: juni 2016

Need for Speed Hot Pursuit (2010) og nyare maskinvare

NFSHP2010Det er ytterst sjeldan eg spelar, men sidan eg har abonnement på Origin sidan ungane spelar Sims 3 har eg takka ja til spel Electronic Arts gir vekk gratis. I helga ville eg prøve Need for Speed Hot Pursuit frå 2010. Eg har gode minner frå Need for Speed Hot Pursuit 2 (2002) og tenkte det kunne vere artig å sjå om eg hugsa gamle kunster.

Eg drog fram den kraftigaste berbare med Intel Core i7 med 4 kjerner og hyper threading (virtuelle kjerner -> 4 * 2 = 8 virtuelle kjerner) samt eit ok grafikkort av typen Nvidia Geforce GT540M. Det var nokre GB å installere, men med fiber går det greit. Eg starta spelet og tok nokre prøveturar. Det irriterte meg at det ofta rykka i bildefrekvens og generelt var det dårleg flyt, uansett kor lågt eg sette innstillingane. Det sedvanlege vart sjekka som at maskina stod på straum, oppdatering av drivarar, restart og stenging av program som køyrde i bakgrunn. Uansett kva eg gjorde var rykkete å køyre løpa. Eg kunne ikkje fatte kvifor ei kraftig maskin ikkje takla dette spelet betre.

Eg installerte spelet på ei maksin med Intel Core i3 (2 kjerner med hyper threading) med Intel HD 4400-kort. Sette innstillingane på fullt med ei oppløysing på 1920 x 1080. Alt flaut silkemjukt i forhold til den kraftigaste maskina. Etter litt søking på nettet kom eg over ei side som forklarte utfordringane med dette spelet på maskinvare med fleire kjerner og hyper threading. Eg gjennomførte fleire testar og såg det var forbetring når eg kutta vekk nokre kjerner, men ikkje bra nok. Ved hjelp av Process Lasso fekk eg kutta vekk Hyper Threading slik at spelet berre køyrde ved hjelp av dei 4 ekte kjernene på Core i7-prosessoren. Det løyste alt. No var det berre å skru opp innstillingane!

Eg kunne brukt Process Lasso til jobben, men sidan det er veldig enkelt å justere snarvegen til programmet, gjorde eg det. Eg høgreklikka på snarvegen og la inn feltet mål:

C:\Windows\System32\cmd.exe /c start "" /affinity 55 "C:\Program Files (x86)\Origin Games\Need For Speed(TM) Hot Pursuit\NFS11.exe"

55 = Hexdecimal tal for det binære talet 01010101 som indikerer at berre dei verkelege kjernane (0, 2, 4 og 6) skal brukast.

Affinity

 

Tur: Njøsadalen rundt

000 Njosadalen rundtNjøsdalen rundt er ein tur på vel 20 km som er fullt mogleg å gjennomføre på ein helgedag eller langkveld om sommaren. Du må rekne med 5 til 7 timar alt etter tempo og pausar. Det viktigaste er at du ikkje set ut i eit forrykande tempo. Ikkje minst er det viktig å ha med seg nok næring i sekken, vatn og ekstra klede. Det er kjøligare på toppane.

Det er fritt val om du vil starte på Njøs eller på Kvålen. Eg gjekk turen heimanfrå via Kvålen, til Haoahaug og Skagasete. Frå Kvålen skal du til du er oppe på Rjupeskar (Plassen har same namnet som den i Kleppa-området.) gjere unna ca 800 høgdemeter. Frå Rjupeskar er det eit slakara parti før toppen Lusaskard. Går du tidleg på året, kan du drikke opp og fylle flaska i dette partiet. Friskt smeltevatn er ikkje godt både og drikke og kjøle seg med. Oppe på Lusaskard passar det med første matpausen.

Etter matpausen går du i retning Øvstedalen og ned til Hottadalen, ei nedstiging på 270 høgdemeter. Dette er første gongen bremsane må skikkeleg på. Frå Hottadalen er det berre å følgje stien over Geitadalen til Tuftahaug. På Tuftahaug passar det med ein drikkepause slik at du kan fylle på flaska i Malinabekken. Bekken, eller oppkoma, finn du heimom det svarte selet/hytta. Ikkje fyll flaska frå bekken som renn forbi det eldste selet. Vatnet kjem frå ei tjørn og er ikkje tilrådeleg å drikke.

Etter at du har fylt flaska i Malinabekken, går du tilbake til det svarte selet/hytta. På baksida finn du starten på stien som tek deg i retning av Havrane. Etter kvart som du nærmar deg Havrane blir stien vanskelegare å følgje, men så lenge du held retningen mot Mjellhaugane og kryssar under lina kjem du til fremsta Havravatnet. I nordaust-enden, der vatnet renn ut i Øvstedalen, er det eit stort raudt merke på ein stein. Merket markerer starten på Moldbakken.

Opp Moldbakken har du meir enn nok med å studere vegetasjonen. Det er bratt. Eit stykke oppi skråar stien bortetter, over Havravatnet. I starten rasa yste del av stien ut vinteren 15/16, men det går greit å forsere. Stien går på kanten, over vatnet, så her er tipset å halde fokus rett fram. Pass på å ikkje stylke i småbusker som heng over kanten, men som har rota på andre sida av stien. Når det verste partiet er unnagjort, går du opp og ut av skogen. Det er like greit å halde retningen mot sør, like under Mjellhaugane. Bak horisonten finn du restane av Bergsete, ein støl som vart gitt opp. Ta ein god rast og matpause før du går sørover.

Det er sett opp skilt og merka med raudt på tre heilt til Hangsete. Første halvdelen av turen dit er i slakt terreng før du byrjar nedstiging i skogsgrensa. Det er her den lange bremseetappen byrjar og det er ikkje slutt før du står på Njøs. Om sommaren kan du helse både på sau og kyr på Hangsete. Rastar du der kan hestane etter ei tid verte litt nysjerrige på om du har noko godt med deg.

Frå Hangsete følgjer du stien ned på Bjørgahaug og tek Kidlestigen ned på Njøs. Bjørgahaug er vel verd ein stogg for å ta flotte utsiktsbilete og «sjølvies». Det kan vere lurt å tøyge ut litt før Kidlestigen og 300 høgdemeter ned på litt over 1 km distanse. Etter nesten 20 km på tur i varierande terreng, vil du merke den nedstiginga.