Daily Archives: 21. september 2016

Tur: Ryggen mellom Vogga og Røsebotn

rygg-vogga-rosebotn-035Med turen til Røsebotn har du investert vel 3 timar på tur utan at du har kome deg i posisjon til å nyte utsikt over vestlandsnaturen. Mitt råd er at du investerer 1 time til på å koma deg opp på ryggen som går mellom Røsebotn og Vogga (inst i Friksdalen). Frå 1420 moh har du god utsikt rundt deg.  Om du vil nærare Vogge- og Myrdalsbreen er dei 15-20 minutt unna.

For å kome opp på ryggen føresler eg at du går inst i Røsebotn og finn skråninginga som skråar i sørleg retning opp til heimste del av ryggen. Når du kjem opp, kan du ta ein titt ned i Vogga før du følgjer dyrerekkje framover til du endar opp i lav og stein etter kvart som du nærmar deg målet. I sør til sørvest ser du mot Blankavatni under Kjeringafjell (1314 moh) og Kaldekletten (1320 moh). I vest ser du ned i Vogga, Voggevatnet og bort på Friksdalseggi (1455 moh). Bak dei ser du Hest (1360 moh) og Stav (1458 moh). I nord ser du Skarholten (1543 moh) samt Vogge- og Myrdalsbreen med det høgaste punktet på 1570 moh. I aust har du Røsebotn med Svolsetfjellet. I tillegg kan du på ein godversdag sjå inn i Hurrungane, mot Kaupanger, øvre Sogndal, Øvstedalen, Fjærlandsete og Lusaskard.

Turen opp på ryggen er delt i fem deler:

  1. Fram Henjadalen til Fivelhola (Flotande) og Flyane
  2. Flyane til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal
  4. Friksdal til Røsebotn
  5. Røsebotn og opp på ryggen