Monthly Archives: desember 2016

Filmar på iTunes og Windows

itunesvideo

Eg leiger av og til filmar ulike stadar og har irritert meg over at spesielt filmar spelt av på PC i iTunes har hakka. Du legg merke til det lett og det er spesielt merkbart ved panorering. Det flyt ikkje jamnt, men hakkar. Eg kan heller ikkje sjå vesentleg forskjell om eg køyrer versjonar i 720p eller 1080p.

Eg har lenge trudd at det var maskina som kom litt til  kort med ein Intel Pentium B940. iTunes har vore absolutt verst. NRK, Youtube best og Google Play nest best. Ei tid før jul kjøpte eg med ei ny mediamaskin som var noko kraftigare. I tillegg har grafikkdelen av prosessoren støtte for dekoding av (nokre) videoformat.

Eg har kjøpt nokre filmar på iTunes. Desse er lasta ned på maskina slik at problema ikkje kan tilstrivast dårleg nettline. Sette meg til for å sjå filmane, men eg la merke til at hakkinga ikkje hadde vorte nokre betre, trass i betre maskin. Eg søkte litt rundt og såg at fleire hadde problem utan at tips til ulike løysingar såg ut til å løyse det for meg.

Begge har betre prosessorar enn dei nemnt over samt den siste har sett inn eit splitter nytt grafikkort som i teorien skulle vere til god hjelp.

Både balansert plan for straumstyring og full ytelse har eg prøvd. Flatskjermen er innstilt på 60 hz som skal ta betre omsyn til video på 30 bilete pr sekund eller ekte 24 bilete pr sekund (ikkje 25 som i Europa). Har testa både 50 og 60 hz på TVen, men hakkinga i bilete er der uansett.

Til slutt drog eg fram den «største kanona», Intel Core i7-2630QM, men ikkje pokker om ein prosessor med 4 kjernar samt hyper threading, som gir programvaren totalt 8 kjernar å leike seg med, løyste noko. Felles for det nye mediasenteret og «kanona» er at prosessorbruken ligg lågt og ingen av dei «bryt sveitten» ved avspeling av fillmane. I teorien skulle det flyta fint, men det gjer det ikkje. Får sjå om eg greier å finne løysinga, men har vel lite håp om det.

Råd: Inntil vidare styr klar av iTunes-filmar om du sit på ein PC med Windows.

Tullete botntekstar i e-postar

unodvendig

Eg har lagt merke til, og det irriterer meg, at ein store etat som Skatteetaten vel å hekte på ein slik botntekst på e-postane. Sender vedkomande deg ei lita line, kjem desse linene med standardfrasar i tillegg.

Eg kan sjå for meg at slike botntekstar fort kan tolkast som generiske tullefrasar og vurderast som søppelpost. I beste fall vil e-posten bli sortert til mappa for søppelpost. Det verste som kan skje er at e-posten blir luka bort utan at du nokon gong ser han. Teksten er prega av å vere noko som kjem frå USA der ein har hang til å hekte på ulike former for «disclaimers» eller ansvarsfraskrivelsar på godt norsk. Slikt er framandt i Noreg. Sidan Skatteetaten har klaska meg i ansiktet med hansken, tek eg oppfordringa og vil teste (tulle)påstandane:

«…  vennligst slett den og kontakt Skatteetaten…»

Eg skunda meg til www.skatteetaten.no. No skulle eg finne ut korleis eg kan melde frå om feilsendt e-post. Eg leita vel og lenge under Kontakt oss og forsøkte å finne ut av det med søk. Som de ser av bileta fann eg ingen klar måte å melde det. Alt skal skje via Altinn eller eit spesielt kontaktskjema. Sidan eg er litt nyfiken av meg, logga eg meg på Altinn for å sjå om Skatteetaten hadde lagt til rette for å melde frå om feilsendt e-post. Som du ser av bilete greier eg ikkje å finne noko kategori utanom «Anna». Heller ikkje på Facebook står det noko om å melde frå om feilsendt e-post. Samla sett er det ingen klare måtar eller rettleiing for å få meldt frå om feilsendt e-post. I tillegg er det tungvint å måtte gå via Altinn med innlogging.

Til slutt eit lite hjartesukk om Facebook-sida:

Redaksjonen er berre til stades 8:00 – 15:30 på kvardagar. Det som fanga merksemda mi, på ein laurdag kveld, var at ein person hadde lagt inn eit spørsmål der vedkomande avslørte helsetilstanden sin – uføretrygda. Diagnosen er ikkje nemnt, men vedkomande er ikkje frisk. Informasjon om helseforhold er sensitive personopplysningar etter Personopplysningslova.

I staden for å fylle e-postar med unødig tekst hadde Skatteetaten gjort lurt i å slå av høve til å poste utanom tida redaksjonen er open. Informasjon som ikkje bør ligge offentleg kan bli liggande veldig lenge i periodar med fridagar.

Problemet med strøymetenester

For halvanna år sidan var eg innom det å strøyme kontra å kjøpe musikk. I løpet av tida som har gått har eg abonnert på beat.no, og no Spotify. Eg skifta fordi vi er fleire enn 3 i familien, som var grensa til beat.no når eg skifta. Spotify gir meg dobbelt så mange.

Når eg vil høyre på ein artist, vil eg gjerne høyre frå artisten sin komplette katalog. Artistar utviklar og prøver i ulike retningar og det er interessant å høyre variasjonar. Når ikkje samlinga på strøymetenesta er komplett, misser eg totalbilete av artisten. Spesielt leit er det om epoken eg meiner artisten gav ut den beste musikken ikkje er der.

problemet-med-stroymetenester

I bilete over ser de eit eksempel for gruppa Dio som var leia av Ronnie James Dio. Til venstre ser du albuma tilgjengeleg hjå Spotify, til høgre tilgjengelege hjå beat.no. Det er ein del live og samleplater der, men la oss konsentrere oss om studioalbum. Dei fire siste studioalbuma til gruppa Dio er ikkje der:

  1. Angry Machines (1996)
  2. Magica (2000)
  3. Killing the Dragon (2002)
  4. Master of the Moon (2004)

I tillegg vil du ikkje finna studioalbumet Heaven & Hell med tittelen The Devil You Know (2009). For oss som abonnerer på beat.no, Spotify eller Wimp/Tidal må desse fem albuma kjøpast for at vi skal få høyrt dei. Det er synd vi går glipp av mykje god musikk. Dio er ikkje den einaste artisten/gruppa vi berre får servert utdrag frå på støymetenestene.

Eg avsluttar med den beste låta frå albumet:

The consequence of the conscience
Is that you’ll be left somewhere
Swinging in the air