Monthly Archives: august 2017

Er passorda dine velbrukte?

I byrjinga av august 2017 var tenesta haveibeenpwned.comnyheitene att. Mannen bak, Troy Hunt, har samla 320 million kjente passord frå ulike lekkasjar du kan kontrollere dine mot. Problemet er at det aldri er lurt å teste passord i aktiv bruk på slike sider. Du blir åtvara mot det og i bloggen. Det er lite interessant å teste gamle, utgåtte passord som er endra. Det som er spanande er om passord ein har i bruk er velkjente.

Det fins ei løysing: Du må konvertere passordet til ein SHA-1-hash, ei matematisk einvegs-kalkyle som representerer passordet som ein verdi på 160 bits. Passordet kan ikkje gjenskapast basert på denne verdien. Passord som ikkje er i databasen kan difor ikkje bli avslørt ved testing. Til konvertering kan du bruke Quickhash GUI, som er fritt tilgjengeleg og kan køyrast utan installasjon. Start Quickhash GUI og gjer som følgjer:

  1. Klikk på fana Text
  2. Klikk på SHA-1 i (Hash) Algorithm
  3. Skriv inn passordet utan linjeskift i feltet Text Hashing
  4. SHA-1-hashen finn du nede i den mørkegrå boksen.
  5. Merk og kopier SHA-1-hashen til tekstboksen på sida https://haveibeenpwned.com/Passwords
  6. Klikk på pwned?
  7. Skift passord som er kjente på tenestene dine!

haveibeenpawned256

Julenissen er eit passord du ikkje skal satse (eller tru) på. Sjølv er eg tilhengar av kaos, men orden i kaoset.

PS! Du kan i tillegg sjekka SHA-1-hashen her: https://hashkiller.co.uk/sha1-decrypter.aspx.

Tur: Okslahaugane

Stokksete til Okslahaugane 043Frå skiltet og turposten til Syril på Stokksete held du fram nordover og kjem deg opp til den skarpe svingen under Kallbakk. Her skal du ned i Aoreveitane. Det er ikkje merka sti å gå etter Når du står nede i Aoreveitane, siktar du mellom tredje og fjerde haugen aust for Fagreggi. Du skal skimte eit berg der oppe som du skal opp på. Hald retninga mot den fjerde haugen aust for Fagreggi. Oppgangen startar like under den.

Først bekken er grei å oppdage og krysse. Småskogen tettar seg til, men gå rundt på vest/venstre sida før du held fram mot den fjerde haugen. Neste bekk skal kryssast akkurat der den svingar frå nord til aust. Går du feil og kjem for langt aust, følgjer du berre bekken vestover til han kjem ned frå nord. I svingen vil det vere eit dyrerekkje som du skal følgje opp gjennom skogen. Halvveges oppi må du ut på myr og jobbe deg opp til berga eg nemnde. Etterkvart vil skogen minske og bli borte slik at du nyte utsikta.

Oppe på nedre Okslahaugane ser du Kjeringafjell, Kjeringastein og Sevi samt inn mot Skuledalen. Sikte deg inn mot Kjeringasteinen, som står oppi fjellet bak Fagreggi, og gå mot den i forholdsvis slake området. Når det byrjar å stige godt igjen, kan du finne eit berg å raste på og nyte niste, utsikt og friskt smeltevatn.

Turen er delt i to:

  1. Stokksete etter skiløype
  2. Stokksete til Okslahaugane

Bileta er teke med eit action-kamera.

Tur: Stokksete etter skiløypa

Stokksete etter skiloype 032Turen til Stokksete på 605 moh kan du nå frå fleire stadar:

Du startar på Kleppa og følgjer sti opp slalombakken til Øvstestølen. Frå Øvststølen følgjer du skiløypa fram til Damefall og oppover. Har du gått på ski er terrenget kjent, om ikkje så jamnt og hardt som om vinteren.Frå Øvstestølen og opp til Stokksete er det mykje myr og har du ikkje vasstett fottøy blir du våt.

Du treng ikkje gå tilbake same vegen. Stokksete har flerie alternativ ruter tilbake til parkeringsplassen på Kleppa. Følg sommarstien over vassveitene til Henja eller gå ned til Raumålsgrinda og tilbake til Jakt og Fiskelaget si hytte.

Bileta er teke med eit action-kamera.