Monthly Archives: november 2017

Gjensyn med kontrollert mappetilgang

WDef00No har eg prøvd å ha kontrollert mappetilgang aktivert ei stund. Erfaringane mine får meg til å tvile sterkt på kor god oversikt Microsoft har over «snill» programvare.

Mitt inntrykk er at kontrollert mappetilgang reagerer oftare enn forventa. Kontrollert mappetilgang reagerer ofte på det du allereie har installert. Installerer du ny programvare kjenner ikkje kontrollert mappetilgang installasjonsprogramvaren og nektar å legge ikon på skrivebordet eller gjere endringar i dei kontrollerte områdene.

Eg trur ikkje dette er ei god oppleving for brukaren. Opplever ein noko som masande og plagsomt, vil det ikkje bli brukt, og Microsoft vil ikkje nå målet med å betre beskytte brukaren. Vel du å aktivere kontrollert mappetilgang er mine råd:

  • Når du har aktivert kontrollert mappetilgang, start og bruk programvare og spel du nyttar for å sjå kva som sler ut. Det som sler ut legg du inn på lista over godkjent programvare/app.
  • Når du skal installere ny programvare eller spel, slå av kontrollert mappetilgang ved installasjon. Etter installasjonen, slå på kontrollert mappetilgang og test om det reagerere på bruk av det du installerte. Om reaksjon, må den/dei aktuelle programvarefilene inn på lista over godkjent programvare/app.

Kontrollert mappetilgang

WDef00I siste oppdateringa av Windows 10, har Microsoft fått på plass «kontrollert mappetilgang» i Windows Defender. Formålet er å beskytte dine data (dokument, bilder, musikk osv.) mot skadevare som krypterer dine filer om du er uheldig og klikkar på vedlegg i e-post som inneheld slikt. Det er fleire ting ein må vere obs på.

For det første er ikkje kontrollert mappetilgang aktivert som standard i Windows 10. Du må aktivere det via Windows Defender Sikkerhetssenter -> Virus og trusselbeskyttelse -> Innstillinger for virus- og trusselbeskyttelse -> Kontrollert mappetilgang -> På

For det andre skal Microsoft ha oversikt over «snill» programvare, men har ikkje full oversikt. Kanskje det er for tidleg. På min PC kjente ikkje kontrollert mappetilgang til:

WDef04

Windows Defender protesterte ikkje på IrfanView på laurdag. Dagen etter (søndag), når eg skriv innlegget og skulle gjere klar nokre ekstra bilete, var IrfanView ikkje OK lenger. Vonar det er ein «barnesjukdom». Det er synd om kontrollert mappetilgang ikkje blir til å lite på.

Du bør aktivere kontrollert mappetilgang, men for dei som spelar er det lurt å sjekke om alle spela som lagrar til dei beskytta områda blir godkjent. Det er synd å tape god framgang i eit spel fordi det ikkje blir godkjent. Windows Defender endrar ikkje statusen til spelet om du legger spelet til som godkjent app, medan det køyrer.