Monthly Archives: september 2018

Flytting mellom to OneDrive

Eg har i nokre år abonnert på Microsoft Office 365 Personal. Pakken gir meg ein installasjon av Office 365 saman med 1 Terrabyte (TB) eller 1000 GB med lagring på OneDrive. 1 TB er ikkje nok lenger og eg har registrert at både iCloud og Google Drive hevar lista til 2 TB på det som før var 1 TB. Eg har vore i kontakt med brukerstøtte hos Microsoft tidlegare år, men eg fekk ikkje svar på om dei kom til å heve grensa for Office 365 Personal frå 1 TB til 2 eller meir.

For ca 14 dagar sidan kom det beskjed om endringar lisensieringa av Office 365 Personal og Home. Framleis vil OneDrive vere på kun 1 TB for kvar brukar, men Microsoft er romslegare på tal installeringar. Office 365 Home (familiepakken) går frå å dekka 5 brukarar som kan ha kvar sin 1 TB OneDrive til 6 brukarar.

For å få større kapasitet i skya handla eg Office 365 Home på tilbod og oppgraderte. Eg delte ein lisens med min andre konto på Outlook.com. Frå kontoen delte eg ei mappe og kopla ho til min primære konto sin OneDrive. No har eg lett tilgjengeleg 2 TB med lagring i skya. Om eg treng meir, er det berre å ta i bruk konto tre, fire osv..

Flytte mellom 2 OneDriveI samband med omorganisering av OneDrive på min primære Office-konto, ønskte eg å flytte ei større mengde med data over til sekundær konto sin OneDrive. Eg har ikkje stor disk på maskina. Alt ligg i skya og filer blir berre henta ved behov. Første gong var det nærare 300 GB som skulle flyttast. Eg trudde at dette skulle vere raskt, på maksimalt nokre få minuttar når det vart gjort i skya, men der tok eg feil. Det tok evigheiter og fekk feilmeldingar. Det var filer som eg ikkje fekk flytta uansett kva eg prøvde på. Det enda med at eg sletta dei og lasta orginalfilene opp i skya frå lokal nettverksdisk.

I dag starta eg mitt andre forsøk på ei mindre mengde filer, ca 77 GB med musikk. Desse har eg ikkje lokal kopi av. Så langt er det flytta nesten 18 GB med filer, men det har gått timar. Eg er overraska over kor tregt det er. Ikkje nok med det, ut på kvelden feila flyttinga halvveges. Først måtte eg finne kva for artist-/albummapper som var tomme. Deretter starta eg flyttinga av resten i mindre bolkar for lettare å finne kva som ikkje har vorte flytta når det feilar.

Eg kan konkludere med at administrering, via nettlesergrensesnittet, av store mengder med filer ikkje fungerer bra på OneDrive. I etterkant trur eg at det hadde vore lurare å synkronisere filene ned til PCen over 50 Mbit fiberline, flytte dei til ny plass og la OneDrive-klienten synkronisere dei opp att til skya.

Installasjon LMDE med diskkryptering

Linux Mint Debian Edition (LMDE) har fått ein del omtale den siste tida. Eg er van med Ubuntu og kjent med den andre versjonen av Linux Mint, som er basert på Ubuntu. Eg lurer på om den kjem til å skifte namn til Linux Mint Ubuntu Edition. Ubuntu er igjen basert på Debian.

Debian er lite polert i høve LMDE og Ubuntu. Norsk språkstøtta er dårlegare. Fleire gonger har eg reagert på danske ord i noske menyar. I tillegg har Debian strenge reglar for inkludering av programvare og drivarar i programbiblioteket. Dei inkluderer som standard berre drivarar som er fritt tilgjengeleg (open source). Det kan medføre at f. eks. nettverkskort på maskina di ikkje fungerer ut av boksen. Du kan aktivere den «ikkje-frie»-delen eller skaffe drivarar frå heimesidene til levarandøren.

Eg byrja å teste LMDE i VirtualBox og har installert det på ei eldre berbar maskin. Som nemnt er LMDE velpolert og brukaropplevinga er betre enn Debian og støtte for maskinvare er fin. Installasjonen av LMDE har sine manglar. Gjennom den ordinære installasjonen kan du ikkje setje opp kryptert disk. For berbare maskiner må/bør ein kryptere disken. Dersom uhellet er ute og du mister maskina, kan ingen uvedkomande lese innhaldet ditt. Du mister berre verdien av maskina, ikkje verdien av informasjonen din.

Løysinga er å ikkje bruke installasjonsprogrammet på skrivebordet, men opne startmenyen, navigere til Administration og velje Install Linux Mint (Calamares), sjå bilete 2 under. Du får ei ny utfordring. Calamares inkluderer ikkje norsk som installasjonsalternativ, sjå bilete 3. Du får halde fram på engelsk, men som du ser i bilete 4 får du alternativet til å kryptere disken og setje eit godt passord.

Når LMDE er installert, loggar du deg på og går du inn på språkinnstillingar og legg til bokmål og/eller nynorsk. Sett eit av dei som standardspråk, logg ut og inn igjen. Norsk er på plass og LMDE tilbyr å setje norske namn på standardmappene til brukaren din. Ikkje rett fram, men greit nok for meg.

 

Kor langt kan eit land søkke?

Tenkte eg skulle skrive vel og lenge om kva eg meiner om ein verdsleiar, men eg orkar ikkje. Kvar ein oppegåande person skjønar kva eg meinar. For at det ikkje skal dukke opp i søk nemner eg ikkje namn.

Det er ein person som skulle tilsette dei beste av dei beste, handsamar sine medarbeidar og etatar som drit, undergrev den frie pressa. Gamle alierte, som har kjempa side om side med landet i konfliktar, naboar og handelspartnarar er svikarar. Despotar og diktatorar vert klappa på skuldra og sett opp til.

Personen har ein diktator i magen og formidlar løgn og propaganda som går det tredje rikets leiar og propagandaminister ein høg gang. Mogleg eg ser eit snev av raseidelogi også. Partiet vedkomande representerer har kapitulert. Med mindre representanten ikkje tek attval, er dei redusert til ein gjeng med virvellause dyr.

Eg hadde aldri trudd dette om landet, men eg innser at eit kvart land kan skli over i det autoritære når tilhøva er til stades. Det viser kor viktig det er for alle å stemma ved val. Du veit aldri når demokratiet blir utfordra og om det kan gå tapt.