Monthly Archives: november 2018

Toll frå første krone, er det miljøvenleg?

Eg lyttar mykje til musikk når eg går på tur. Eg har prøvd fleire hovudtelefonmerker, men kjem alltid tilbake til Sennheiser. Den nøytrale lydkvaliteten liker eg godt. Koss Porta Pro er i nærleiken, men i mine øyre ikkje like bra.

Mine Sennheiser PX-100 (favoritten) og PX-100-II er velbrukte. Lyden er framleis god, men øyreputene i skumgummi morknar opp etter mange års bruk. Det er på tide å få skifta dei. Eg gjorde nokre søk på internett, men greidde ikkje å finne desse putene til sals i nokon norsk nettbutikk. På eBay fann eg nye puter til begge hovudtelefonane. Kvart sett kosta rundt kr 15. Samla kom kjøpet på kr 60 med porto. Sidan kjøpet er godt innafor toll og meirverdiavgiftsfrie grensa på kr 350, vil det ikkje koste meg noko meir.

Om vi skrur tida fram vel eitt år, blir det mva og toll frå første krone. No meinar eg toll ikkje blir problem på desse produkta, men staten vil krevje inn 25% mva av kr 60 som utgjer kr 15. Dette virkar vel ikkje avskrekkande?

Jokeren i reknestykket er gebyret som transportør må ta for å behandle toll og meirverdiavgift. I dag tek Posten minimum kr 185. Rekninga for øyreputene vil då brått bli over 4 gonger så stor: Kr 185 + kr 75 = kr 260. Eg trur mange vil tenke seg om før ein gjer kjøpet. Konsekvensen vil nok bli at gamal, men velfungerande, elektronikk blir kasta og erstatta av ny elektronikk. Kor miljøvenleg er det?

Tur: Orrabu (Dagsturhytte)

Orrabu-020Dagsturhytte er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunen. Hausten 2018 kom dagsturhytta Orrabu på plass Leikanger. Hytta ligg på Eggjahaugane.

For å kome til Orrabu startar du på Kleppa og går opp slalombakken. Turen er på 1 km med ein høgdeforskjell på ca 100 høgdemeter. Mesteparten av stigninga gjer du unna opp slalombakken, til kanten over henget, som du ser mot himmelen når du står nederst i bakken. Slalombakken er bratt, men du kan når som helst stoppe opp og snu deg mot utsikten til du vinn pusten att. Oppe på henget, vender du deg i austleg retning og skråar opp mot enden av skitrekket. Om sommaren kan du krysse under øvre del av trekket. Dei siste 200 meterane frå trekket har ingen stigning. Det er lagt ut klopper som hjelper det over nokre myrparti.

 

Filer ved behov og sikkerheitskopiering (Fillogg)

FilerVedBehovEg har i lengre tid nytta sikkerheitskopiering, eller fillogg, i Windows 10 frå maskinene mine til ein filserver. Det har fungert greit, men når eg aktiverte «Filer ved behov» i OneDrive møtte eg på utfordringar.

«Filer ved behov» er til god hjelp med å:

  • spare plass ved å berre gjere filer tilgjengelege på nettet,
  • angi filer og mapper som alltid skal vere tilgjengelege lokalt på eininga,

Nokre filer ville eg ha tilgjengelege på maskina, medan det meste kunne ligge i skya. Eg trengde berre peikaren som henta ned fila når eg hadde trong for ho.

Innimellom sjekkar eg sikkerheitskopieringa på filserveren min. Eg la merke til at filene som eg hadde valt å ha tilgjengelege i OneDrive ikkje vart tekne kopiar av. Eg klikka på knappen for sikkerheitskopiering i Windows, men filene vart ikkje sikkerheitskopierte. Eg let det gå litt tid for å sjå om automatikken tok tak i filene, men det skjedde ikkje. Eg sjekka kopiane frå dei andre maskinene mine og ståda var den same.

No har eg slått av «Filer ved behov«. Borte er mogleheita for å sjå alle filer eller peikar til dei i OneDrive. Fillogg virkar no som før. Mapper og filer som er synkronisert til PCane blir det teke kopi av. Eg synes det er merkeleg at fillogg droppar filer som ligg på maskina når «Filer ved behov» er aktivert.

Treng ein eigen sikkerhetskopi når fila også ligg i skya?

Ja, meiner eg.

OneDrive tek vare på x tal versjonar av ei fil. Har du filer som du hyppig redigerer, er det lurt å ta vare på fleire versjonar over lang tid. Det er kjedeleg dersom du oppdagar at du treng informasjon som ligg i ein gamal versjon du lagra for 6 månadar sidan, men oppdagar at OneDrive sin eldste versjon er frå 6 veker sidan.