Monthly Archives: desember 2018

Acer Aspire One 10 år etter

I jula fekk eg inn ei gamal netbook av typen Acer Aspire One for rensing. Desse maskinene var populære for 10 år sida. Den eg mottok hadde ein straumgjerrig og svak Intel Atom N270 på 1,6 ghz, 1 GB RAM, 160 GB platelager og Windows XP. XP gjekk ut på dato i august 2014 har ikkje fått oppdateringar sidan.

Eg sytte for at platelageret vart nulla ut slik at det ikkje er mogleg å gjenoppretta noko. Under jobben byrja eg å lure på om det gjekk an å bruke maskina i dag. Windows 10 gadd eg ikkje å prøve på, det er ikkje nok ressursar. Eg sikta meg inn på Chromium OS (fri versjon av Chrome OS) som eg veit i dag køyrer på veldig sparsom maskinvare. Kunne Chromium OS blese liv att i den gamle maskina?

Installasjonsprogramvare vart lasta ned frå Neverware og minnepinne klargjort. Alt på maskina vart gjenkjent og Chromium OS starta. Oppstarten var rask nok teke omsyn til det gamle platelageret. Bruken var so som so. Tolmod er nok ein dyd. Det var heilt tydeleg at maskina sleit med nettlesaren som er senteret for Chromium OS. Nettsider vart fort tunge, spesielt dei som er fullasta med reklame og animasjoner. Om det var noko ein kunne bruke maskina til måtte det vere Google Docs eller Microsoft Office Online. Eg må innrømme at eg ikkje gjorde grundige undersøkingar sidan eg er for godt van med kraftigare verktøy. Maskina vart avskriven. Platelageret plukka eg ut sidan eg hadde eit ledig kabinett. Restane leverer eg på miljøstasjonen for resirkulering.

Overgå maskinvare

På 80-talet var eg så heldig at eg fekk vere med på starten på heimedatamaskiner. Ei av maskinene eg hadde var ZX Spectrum. Grafikkbilete til denne maskina hadde ei oppløysing på 256 * 192 punkt. Fargematrisa var grovare med 32 * 24 blokker. Innafor kvar fargeblokk kunne eit punkt ha to fargar; bak- eller forgrunn. ZX Spectrum var ei enkel maskin og hadde ikkje støtte i maskinvare for spesialiserte grafikkobjekt som spriter. Det førte til at når eit grafisk objekt i rørsle kom i nærleiken av eit anna grafisk objekt, ville fargane på eit av objekta smitte over på det andre objektet om objekta var av ulike fargar.

Det var alternative måtar å løyse dette på inkludert at spelet berre var i to fargar.

Sjølv om ZX Spectrum stammar frå 1982 er det framleis utviklarar som lagar spel til maskina. Nokre av dei er ikkje villege til å la maskinvare sine spesifikasjonar diktere fargerikdomen til grafikken. Ein av dei er Einar Saukas. Han har levert fleire grafikkmotorar som omgår begrensingane. Slik eg forstår det er det ei tilsvarande triks som eldre tv-spel brukte. Ein tek omsyn til korleis bilete blir teikna strek for strek og skifter fargar pr. strek eller kvar andre strek slik at den gamle ZX Spectrum kan vise to fargar pr 8 * 1 eller 8 * 2 blokk i stadenfor 8 * 8. Her er nokre eksempel:

Hadde dei no berre tenkt på dette på 80-talet…

Apple Face ID og Windows Hello, sikkert nok?

Eg har to tvillingjenter på 19 år. Dei er forholdsvis like, men eg ser klare skilnadar i ansikta deira. Tvilling 1 kjøpte ny iPhone Xr, som brukar ansiktsgjenkjenning (Face ID) for å logge brukaren på. Tvilling 1 sette opp Apple Face ID. Litt seinare ville tvilling 2 ta ein titt på telefonen, som var låst. Til stor overrasking låste telefon seg opp for tvilling 2.

Tvillingane er heime på juleferie. Med eigne auge kan eg sjå at Apple Face ID ikkje greier å skilje tvillingjentene frå kvarandre. Begge kan låse opp same telefonen. 

Eg har i år testa Windows Hello og prøvd å lure systemet på ulike måtar, utan å lukkast. Etter å ha sett at Apple Face ID tok feil av tvillingane, måtte eg testa Windows Hello.

Med tvilling 1 sette eg opp Windows Hello på min HP Pavillion 14 med Windows 10 Home. Det vart også køyrt ei ekstra forbetring av ansiktsgjenkjenning i Windows Hello. Etter å ha testa at gjenkjenninga fungerte på tvilling 1, vart tvilling 2 sett framfor den låste maskina. Maskina trudde tvilling 2 var tvilling 1 og låste opp kontoen. Windows Hello greier ikkje å skilje tvillingjentene frå kvarandre og dei kan låse opp same konto.

To av dagens system for ansiktsgjenkjenning feilar i si oppgåve med å sikre brukarens konto. Det må vere lov til å spørje om ansiktsgjenkjenning er godt nok.