Monthly Archives: mars 2019

Shotcut – gratis videoredigering

ShotcutEg investerte i GoPro Hero 7 Black og ymse tilleggsutstyr for primært å filme turar i området Leikanger og Hermansverk. Det er 11 år sidan eg oppgradert til Full HD (1920 x 1080) og redigering i videoformatet AVCHD. GoPro tilbyr 4K (3840 * 2160) og kraftigare komprimering (HEVC) som krev kraftig utstyr. Eg har ei maskin med Intel Core i7-7700 , 16 GB minne og Nvidia Geforce GTX 1070-grafikkort. Prosessoren har 4 kjerner som tilbyr 8 tråder. Grafikkortet tilbyr aksellerering av dekoding og koding av videostandardane h.264 og h.265.

Min gamle programvare, Pinnacle Studio 15 Ultimate, støttar ikkje 4K og nyare videoformat. Valet mitt var å oppgradere til Pinnacle Studio 22 Ultimate eller sjå på andre verktøy for videoredigering. Det er fleire gratis kandidatar å velje mellom og eg har vore gjennom nokre:

Det starta med OpenShot fordi eg syntes det hadde eit veldig enkelt grensesnitt som virka lett å lære. Eg fekk laga eit par videoar, men det var ting som eg tykte var tungvint. For å arbeide med titlar vart det behov for å integrere anna programvare (Blender og Inkscape) i OpenShot. Eksporten var også treg sidan prosessoren måtte gjere alt arbeid.

Kdenlive har sin heim i Linux-verden og Windows-versjonen heng etter. Eg innstallerte det, men valde ikkje å bruke det. Kdenlive kunne absolutt vore eit alternativ om operativsystemet eg nytta ikkje var Windows 10.

Davinci Resolve er eit stort profesjonelt verktøy. Gratisversjonen manglar litt, men du kan boltre deg i mykje funksjonalitet. Det er det mest funksjonsrike av alle eg har vore innom. Grensesnittet var litt framand så her var det berre å setje seg ned med opplæringsvideoar. Etter litt praktisk redigering fann eg meg til rette i Davinci Resolve. Det som til slutt irriterte meg mest var eksporten av video i 4K som var treg, på same måte som OpenShot. Å spele av prosjektet i Davinci Resolve var også lite optimalt. Det viste seg at gratisversjonen ikkje kan dra nytte av grafikkortet. Det er kun hjelp frå grafikkort i full/kjøpt versjon. Eg var ikkje heilt villig til å legge ut nesten kr 3 000 når det framleis fins alternativ.

Søkelyset mitt enda på Shotcut. Det er enklare, men likskapen med Davinci Resolve gjorde at eg lett kunne ta det i bruk. Det er på ingen måte Davinci Resolve i funksjonalitet, men eg har det eg treng. Det fine med Shotcut er at det kan dra nytte av grafikkortet ved dekoding og koding av videoformata h.264 og h.265. Eksport av video går raskare og eg kan titte gjennom videoprosjektet i Shotcut utan at det framstår som eit stillbildeshow.

PS! Youtube er ei god kjelde til å lære seg programma.

Adjø Android

android_ambassador_v1_cmyk_200px.max-200x200Det er ein del år sidan første iPaden kom på marknaden. Eg har vore innom på iOS og Android i ulike variantar. Om eg skal vere ærleg er eg ein som likar Android best, men det er for mange kokkar som lagar for mykje søl. La meg forklare.

Mange produsentar slepp ein telefon eller nettbrett og generelt sett gir blanke i å følgje dei opp. Alle som har hatt ein PC veit at det er viktig at operativsystemet og programvare blir oppdatert etterkvart som sårbarheitar blir oppdaga. Det er her det skortar for Android. Dei nettbretta (Samsung og Lenovo) eg har det vore dårleg med oppføljing på. For ca eitt år sidan droppa eg Android på nettbrett og gjekk tilbake til Apple iOS. Det rimelegaste nettbrettet frå Apple er godt nok for meg.

Når det gjeld telefon, har eg vore innom Samsung S2 og S4 og oppfølginga har ikkje vore mykje å skryte av. Oppdateringar var sporadiske. Sidan seint i 2015 har eg hatt Google Nexus 5X med rein Android, utan spesialtilpassingar frå produsent eller for teleleverandør. Oppdateringar har kome systematisk i byrjinga av kvar månad. Sårbarheiter blir lukka så raskt som mogleg. Det er slik det skal vere, begge tomlar opp. Men som ein skigard, varer ikkje alt evig. Støtta og oppdateringar for Google Nexus 5X gjekk ut i november 2018. Siste oppdatering vart rulla ut i starten av desember. Ingen oppdatering i januar eller februar 2019.

I starten av februar vart det publisert ein kritisk feil i Android si handsaming av PNG-filer. Med jobbtelefon og arbeidsfelt IKT-tryggleik tek det seg ikkje ut å ha utdaterte og sårbare verktøy. Her var det berre å be om ny telefon. Eg ønskte å gå for ny Android-telefon som går inn under AndroidOne. Dette er telefonar med rein Android som får oppdateringar systematisk levert, tilsvarande Google Nexus 5X. Dei er også garantert oppgradering til to nyare hovedversjonar av Android. Blir telefonen levert med Android 9 vil du få oppdatere til Android 11.

Diverre var ingen modellane med AndroidOne tilgjengeleg i utvalget til arbeidsgivar, og eg enda opp med ein Apple iPhone Xr. Eg vonar denne blir oppdatert like lenge som Apple iPhone 5S, som vart lansert hausten 2013. Etter 5,5 år får han framleis oppdateringar med iOS 12. Du betaler meir for ein Apple-telefon, men Apple tek vare på telefonane ein god del lengre.