Monthly Archives: april 2019

Tur: Korahola

Turen til Korahola startar på Sanden. I staden for å gå opp traktorvegen du følgjer eit stykke mot Bjørgahaug, går du over bøen du kjem inn på. Hald deg i øvre del av bøen og du vil kome inn på ein kjerreveg. Etter eit stykke skiftar det til sti gjennom skog før du endar ut i ei steinur. Den siste halvdelen av turen fram til fjellet, der Fatlaelva renn, er å gå gjennom steinur.

sanden-korahola-001Om du ser på bilete som viser Fatlaelva og Fatlaberget, ser du dei to øvre fossane. Under den nederste av dei følgjer du elva nedover og ser at det er støypt opp kantar rundt elveløpet. Om ikkje eg hugsar feil kom dette på plass som ledd i sikringa for Fatlatunnelen. Korahola ligg like under enden på støypekanten. Når du går gjennom hola, kjem du ut på kanten, og starten, på nederste og siste vassfallet til Fatlaelva. Du skimtar det over trekrunene.

I steinurene er stien merka med små steinvardar. Det er viktig å sjå kvar du set foten. Alltid stopp når du skal sjå på utsikta. Det er fort gjort å trakke feil med risiko for beinbrot om du ikkje er fokusert. Høge sko med ankelstøtte kan vere lurt.

I staden for ein bileteserie av turen, kan du sjå ein video som tek deg med på heile turen gjennom hola og ut ved fossevallet. Under videoen vil du finne bilete frå Korahola og Fatlaelva.

Friluft på Youtube?

Desember 2007 var første gongen eg la ut ei turskildring frå Leikanger kommune. Turen vart gjort i oktober 2017 eller 11,5 år sidan. Det var fleire ting som sparka arbeidet i gong:

  • stillesitjane jobb,
  • gjere noko meir spanande enn å gå rundt på vegane i bygda,
  • musikk i MP3 er lett å ta med seg,
  • ingen hadde skildra turmoglegheitene i området.

Utsiktsbilde er det masse av, men eg viser òg turen fram til stadane du kan nyte naturen er omgivnadane i fulle andedrag. Eg ønskjer å gi eit realistisk inntrykk av turane slik at dei som les og ser bileta kan ta stilling om dette er noko dei vil/kan gjere.

I desember 2018 runda eg 50 år. Mine kollega på Direktoratet for forvaltning og IKT på Leikanger samla saman eit solid gåvekort hjå Erling Røysum AS, den lokale sportbutikken. Gjennom vinteren har eg tenkt på kva eg skulle gåvekortet til. Eg enda opp med å kjøpe eit GoPro Hero 7 Black,  ekstra batteri og utstyr hjå Erling Røysum AS.

Tanken bak kjøpet er å starte filming av turane i Leikanger for å gi deg eit enda betre inntrykk av turen og omgivnadane. Ut på tur med videokamera er min motivasjon i år. Eg har så smått starta og gjere meg kjent med kamera, finne (gratis) videoredigeringsprogram og teste ut ulike formidlingsmåtar. Du finn meg på Youtube:

https://www.youtube.com/channel/UCtXpA4RsnRiADjEPWwX7URA