Monthly Archives: mai 2019

Tur: Vålamyri frå Eggja

VålamyriVålamyri er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Den kortaste turen hit går frå Eggja. Du følgjer traktorvegen til Hamrestølen, ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Du går forbi det første selet og samanrasa løa. Etter ca 40 meter kjem du til  stien som går inn i granskogen, bak Høgehaug til Kleppa. Det heng eit skilt med Vålamyri 1 km på ei stor gran ved starten. Du følgjer den blåmerka stien gjennom skogen til du kjem til skiltet som peikar ned i Vålamyri.

Dei siste åra ser det ut som Vålamyri har vorte lite brukt. Frå stien er det berre å gå nedover til det flatar ut. Det er ikkje mange titals meterane, men i skog er det ikkje alltid like enkelt å gå i rett line. Du kjem antagelig ned til vatnet først. Dersom du går litt sørvestover kjem du til restane av ein leirplass.

 

Tur: Tuftahaug inn Njøsadalen etter vegen

Tuftahaug via Fadnastølen 043Eg har tidlegare skrive om turen til Tuftahaug etter gamal sti . Eg gjekk i mai 2019 ned frå 400 meter oppe i Botnabakken til brua i vegen til Skagasete. Konklusjonen min er at stien er på veg til å bli teken tilbake av naturen. Etter at grusvegen vart forlenga til Geitadalen og gir enklare tilkomst til både Hottadalen, Kløvjavegen og Tuftahaug, blir ikkje stien opp Botnabakken brukt lenger.

Skal du fram dalen er det enklast å følgje grusvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, til du kjem til snu- og parkeringsplassen i Geitadalen. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flya i Henjadalen i lengde, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Flya ligg på ca 370 moh, Tuftahaug ligg 300 høgdemeter høgare. På snuplassen går du ut på svaberget og følgjer sti opp til stien mellom Tuftahaug og Hottadalen. Ta til høgre og følg han stien par hundre meter til Tuftahaug.

Når eg går til Tuftahaug, pleier eg å gå fram via Fadnastølen og Numeskar for å gå/jogge heim Njøsadalen. Eg synes det er ein fin og variert tur. Om du ønskjer utsikt på turen tilbake er det å gå fram dalen etter grusvegen. På turen fram har ein alltid ryggen til utsikta og nede i dalen, etter vegen, er lite å sjå på heimvegen. Går du heimover over Numeskar til Fadnastølen, kan du sjå meir til Sognefjorden og omliggande natur.

Tur: Hamre til Eggja

Hamre-EggjaEin liten tur på 1,3 km frå siste garden i Hamrevegen. Om du tek bilen for å kome deg til starte, parker på fruktlageret. Det er ikkje plass til å parkere i Hamrevegen.

Du følgjer traktorvegen på Hamre opp gjennom frukttrefelta og over Ytre Hamre til du kjem inn på stien, som vil ta deg gjennom skogen og opp til innmarka, under Haugane på Eggja. Her vil du kome inn på ein traktorveg som tek deg opp til Haugane, benken og utsikt over fjorden. Det kan gå dyr i området så det er viktig å late att alle grindene du må gjennom.

Du kan alltids går rett ned att der du kom opp, men eit anna alternativ er å følgje Eggjavegen nedover, forbi Fosse, til krysset på Valbrekka. Her går du austover i retning Hamre, ned Valbrekkevegen og over Fosshagen til du kjem ned til Sognefjordvegen. Følg den nokre hundre meter og du er tilbake på Hamre. Hald godt sida di innover. Om sommaren kan det vere ein del trafikk etter Sognefjordvegen til/frå Hella.

Har du lyst på ein lang tur kan du gå ut på Hamre, opp til Eggja, tilbake til Kleppa langs stiane og heim via sti til Frækaland. sti til Leite (Halvteigen) eller Kleppavegen. Neste gong går du kanskje i motsett retning og ein anna sti frå Kleppa til Eggja.

Alternativ 1 – opp til / ned frå Haugane:

Alternativ 2 – opp til / ned frå litt vest for Haugane i Eggjavegen:

Mykje arbeid, men vel verd det…

videoklippEg visste ikkje heilt kva eg gav meg ut på når eg bestemte meg for å redigere råvideo frå videobanda mine til filmklipp. Eg fekk overført VHS-C (analog) til DV (digitalt format). Med videobanda digitalisert var det enkelt å få dei over PC for redigering til sjølvsendige videoklipp.

Det har vorte mang ein time med Pinnacle Studio. Reint vilkårleg gjorde eg ei oppteljing av ferdigredigert video. Litt overraska kan eg konstantere at i løpet av perioden 1993 – 2017 har eg  laga 743 filmar/klipp. Det meste  har vorte delt med bestforeldre på DVD.

I dag, 20 – 25 år sidan starten, vil eg sei at det var vel verd innsatsen. Hadde råmaterialet blitt liggande på videoband, i uredigert format, ville mangt eit minne forsvunne hen i gløymeboka. No kan eg når som helt plukke fram ei videofil og bli påminna når tvillingjentene mine byrja å gå, ungane si deltaking i Norway Cup eller Sør Cup.

Har du liggande videoband eller lause filer her og der, vil eg sterkt tilråde å investere tid i å få dei redigert til sjølvstendige filmar/videoklipp. Når du blir godt vaksen, er det alltid kjekt å ta ein titt tilbake. Og ja, som meg, vil du nok ikkje hugse alt før du ser det igjen!

Vil du vera med, ikkje sov …!

Eg registrerer at (lokal)pressa klagar på reduksjon av distribusjon sidan ein reduserer postomberinga. Eit lett gjenkjenneleg parti heng seg på denne klagesangen. Men det er ikkje slik at alt skal vere slik det var. Postombering var ein gong i tida viktig. Alt vi fekk av informasjon kom på papir: Postkort, brev, reklame, rekningar, aviser, ukeblad, magasin, teikneseriar osv. Av det eg har lista opp er det berre litt reklame som kjem i postkassen min. Postkort og brev sender eg ikkje. E-post, chat, SMS og ein telefon i ny og ne har teke over dei siste 20 åra. Er det noko viktig frå det offentlege får eg post i den Digitale Postkasse. Skattemeldinga ligg i Altinn. Rekningar kjem på e-post eller i nettbanken. Ein kan ikkje oppretthalde tenester berre for at det er kjekt. Like lite som ein kan satse på at bensin og diesel vil være alternativet i framtida. Alt er i endring heile tida.

For min del består post i å bere reklamen frå postkassen og kanskje nett sjå over han før eg legg han i den blå/papir papirbosset når eg kjem heim, etter ein 200 meters gåtur. Ja, eg kunne ha sett opp ein klisterlappe på postkassen, men det virkar som dette løyser seg sjølv.

I eit miljø- og for den del økonomiperspektiv er det ikkje forsvarleg at vi på død og liv skal behalde ein ombering kvar dag. Bilane blir meir miljøvenlege, men kvifor skal vi fylle vegane med bilar som berre flyttar luft. Papir er ikkje lenger det primære «transportmiddel» for informasjon. Eg ser det som tullete å trykke informasjon på papir berre for å kaste det i søppelet. Den digitale alderen er over oss og nokre mediehus har teke omsyn til dette, jf. Nettavisen og lokalt Porten i Årdal.

Dei som sit att på gjerdet er dei gamle tradisjonelle, konservative bakstrevarane. Greit nok at dei har fått appar til å lese avisene på, men på eit nettbrett er det ikkje bra. Det er heller ikkje bra på e-pages.dk på PC. Intet er designa med digital presentasjon i tankane. Dei tvingar deg til avis-formatet som det skal zoomast på. Når du skal over i artikkelmodus, blir presentasjonen elendig. Det verste eg veit er animerte billedseriar som blafrar forbi i artikkelen. Eg saknar ein spaltelayout som gjer at det er lett å lese fordi auga ikkje treng å bevege seg over heile nettbrettet. Små artiklar og meldingar blir merkeleg presenterte. Appane ber preg av det vi kallar «venstrehåndsarbeid» og brukaropplevinga blir deretter. Eg vil vere så frekk å hevde at det virkar som dei brukar dårlege løysingar som verkemiddel til å få med seg abonnentane i klagesongen sin.

Den tradisjonelle pressa må ta seg i nakken og tilpassa seg istadenfor å gråte over ei tapt tid. Slik dei turer fram no grev dei si eiga grav. Istadenfor å tilpasse seg tida, grev dei skyttargraver og stablar sandsekker i ein krig som er fånyttes.

Musikk og filmindustrien var trege på avtrekkaren rundt tusenårskiftet, men med Spotify, Tidal, Netflix, iTunes, Google Play og utallige kanalar som gir deg tilgang til store bibliotek når det passar deg har det vorte svært bra. Ingen saknar videosjappa og movieboxen frå 80-talet, eller?