Daily Archives: 30. mai 2019

Tur: Vålamyri frå Eggja

VålamyriVålamyri er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Den kortaste turen hit går frå Eggja. Du følgjer traktorvegen til Hamrestølen, ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Du går forbi det første selet og samanrasa løa. Etter ca 40 meter kjem du til  stien som går inn i granskogen, bak Høgehaug til Kleppa. Det heng eit skilt med Vålamyri 1 km på ei stor gran ved starten. Du følgjer den blåmerka stien gjennom skogen til du kjem til skiltet som peikar ned i Vålamyri.

Dei siste åra ser det ut som Vålamyri har vorte lite brukt. Frå stien er det berre å gå nedover til det flatar ut. Det er ikkje mange titals meterane, men i skog er det ikkje alltid like enkelt å gå i rett line. Du kjem antagelig ned til vatnet først. Dersom du går litt sørvestover kjem du til restane av ein leirplass.

 

Tur: Tuftahaug inn Njøsadalen etter vegen

Tuftahaug via Fadnastølen 043Eg har tidlegare skrive om turen til Tuftahaug etter gamal sti . Eg gjekk i mai 2019 ned frå 400 meter oppe i Botnabakken til brua i vegen til Skagasete. Konklusjonen min er at stien er på veg til å bli teken tilbake av naturen. Etter at grusvegen vart forlenga til Geitadalen og gir enklare tilkomst til både Hottadalen, Kløvjavegen og Tuftahaug, blir ikkje stien opp Botnabakken brukt lenger.

Skal du fram dalen er det enklast å følgje grusvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, til du kjem til snu- og parkeringsplassen i Geitadalen. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flya i Henjadalen i lengde, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Flya ligg på ca 370 moh, Tuftahaug ligg 300 høgdemeter høgare. På snuplassen går du ut på svaberget og følgjer sti opp til stien mellom Tuftahaug og Hottadalen. Ta til høgre og følg han stien par hundre meter til Tuftahaug.

Når eg går til Tuftahaug, pleier eg å gå fram via Fadnastølen og Numeskar for å gå/jogge heim Njøsadalen. Eg synes det er ein fin og variert tur. Om du ønskjer utsikt på turen tilbake er det å gå fram dalen etter grusvegen. På turen fram har ein alltid ryggen til utsikta og nede i dalen, etter vegen, er lite å sjå på heimvegen. Går du heimover over Numeskar til Fadnastølen, kan du sjå meir til Sognefjorden og omliggande natur.