Monthly Archives: juli 2019

Best yting – Windows eller Linux runde 2

I forrige test nytta eg gamal maskinvare. Eg tenkte det denne gong var greit å få testa nyare og kraftigare maskinvare. Min stasjonere arbeidsstasjon kjøpt for 2 år sidan har som prosessoren Intel Core 7-7700 og 16 GB minne. Eg valde å nytte ein nyare variant for Linux denne gong, Xubuntu 19.04 kontra 18.04 forrige test. Linux vart køyrt i minne frå USB minnepinne. Windows 10 er installert på PC. Testprogrammet Geekbench vart oppdatert til versjon 4.4.0.

Dei første testane viste at Windows 10 scora ein del lågare enn eg forventa. Eg starta om maskina, pausa både OneDrive og antivirus og såg eit byks på mellom 1000 og 2000 poeng eller 5-10% i multi core (fleirkjerne). Ved den endelege testinga i Windows 10 pausa eg OneDrive og antivirus. Deretter gjekk eg gjennom alle tenestene som køyrer i bakgrunn i Windows og slo av fleire, mellom anna Windows Search Indexer som går i bakgrunn og indekserer filer. Kort sagt Windows 10 er spesialtilpassa testen. Xubuntu 19.04 vart laste ned frå xubuntu.org og køyrt i minne utan noko spesialtilpassingar.

Resultatet baserer seg på snittet av 4 køyringar under Windows 10 og 3 i Xubuntu 19.04. Tabellen viser kor mykje betre eller dårlegare Linux er i forhold til Windows 10:

Windows Linux
Single Core Crypto Integer Float. P. Memory Multi Core Crypto Integer Float. P. Memory
Poeng 370,25 -138,5 590,833 527,667 -229,333 1441 -39,417 1878,92 2061,33 -104,583
Prosent 7,05 % -2,86 % 11,09 % 10,36 % -4,23 % 8,04 % -0,25 % 8,66 % 9,99 % -1,78 %

Som de ser kjem eg til mykje det same resultatet som i forrige test. Stussar i det minste på kvifor crypto og memory scorar dårlegare i Linux enn i Windows, når Linux leiar med rundt 10% i heil- og flyttalsoperasjonar.

Som nevnt over vart Windows 10 spesialtilpassa for testen. Tenester vart pausa og stoppa. Skilnaden ville vorte større.

Best yting – Windows eller Linux?

Eg har dei siste dagane sett på ytinga som Apple Macbook Pro 13 tommar (2019) i f. eks. Geekbench 4. Nivået er ikkje langt unna min Intel Core i7-7700 i ein Lenovo Y720 Cube. Mange hevdar at OS X er meir optimalisert enn Windows sidan Apple har full kontroll på maskin- og programvaren. OS X er ein Unix-variant, Linux same utspring. Er det noko vesentleg å tene på å skifte over til Linux for meg?

Til testen min nytta eg to identiske maskiner av typen Lenovo X230 med Intel Core i5-3210m, 8 GB internminne og 256 GB SSD-lagring. Den eine køyrer oppdatert Windows 10 og den andre oppdatert Xubuntu 18.04 (Linux). Før siste testrunde oppdaterte eg BIOS/firmware på begge maskinene til siste versjon. Testar før og etter synte at omkoding av video under Windows 10 tener 2 til 3 prosentpoeng. Med eldre BIOSar var Windows-maskina nesten 9% tregare mot 6% med siste BIOS-versjon.

Omkoding av video

Eg nytta ei 4k, H264-koda videofil av Shotcut til Youtube-standard. I Handbrake 1.2.2 var denne omkoda til full HD med innstillinga Super HQ 1080p30 Surround. Testen var køyrt 3 gonger på kvar maskin og snittet vart:

Windows: 45 minutt 10 sekund
Linux  : 42 minutt 34 sekund

Linux var 2 minutt og 36 sekund raskare enn Windows 10. Omrekna i prosent utgjer det 6% favør til Linux.

Geekbench 4

Single Core Crypto Integer Float. P. Memory Multi Core Crypto Integer Float. P. Memory
Poeng 278,2 99,4 450,8 199 54,2 415,6 377,8 608,2 392 26,2
Prosent 9,00 % 3,68 % 14,68 % 7,10 % 1,48 % 7,03 % 7,42 % 8,97 % 6,64 % 0,63 %

Tabellen viser kor mykje Linux var betre enn Windows 10. Hovedkategoriane er ein enkelt kjerne (Single Core) eller fleire kjerner (Multi Core). Tala etter dei utheva er delkategoriane. Geekbench 4 er ikkje langt frå resultatet i Handbrake med 7% kontra 6%.

Resultatet viser at det er ei viss forbetring med å velje Linux, men er det nok?

Ansiktsgjenkjenning i passkontroll

I desember 2018 omtalte eg mine testar av ansiktsgjenkjenning med Apple iPhone og Windows Hello. Eg har to tvillingjenter som rundar 20 år snart. Dei er forholdsvis like, men eg ser klare skilnadar i ansikta deira.

Etter eit hardt studieår tok dei seg ein velfortent ferie i varmare strøk i juni. I passkontrollen gjekk først den eine gjennom og vart identifisert som korrekt person. Deretter gjekk den andre gjennom og vart identifisert som den første. Tilbakemelding frå passkontrolløren var at dette var eit velkjent problem. Eg noterer meg det som nok ein spikar i kista for ansiktsgjenkjenning:

  1. Apple Face ID feiler
  2. Windows Hello feiler
  3. Passkontroll feiler