Monthly Archives: oktober 2019

Frå VHS til AppleTV

Vi skrive snart 2020. Eg har passert 50 med god margin. Av og til, når eg hentar opp det eg har gått glipp av på TV, NRK eller Netflix , tenkjer eg på «gamle dagar». Eg skal prøve å ikkje bli for nostalgisk.

Sidan eg er fødd på slutten av 60-talet, i hippeitida, har eg opplevd mangt. Video og VHS var ein del av mi ungdomstid. VHS var min Netflix, HBO osv. Før 1985 hadde vi ikkje videospelar (VHS). Eg måtte ned på Essoen, eller andre stadar, leige film(ar) og MovieBox (avspelar) saman med filmane.

I dag ligg eg på sofaen og jobbar fram ein velutvikla tommelfingeren på fjernkontrollen til min AppleTV. Her veljer eg enkelt frå eit stort utval. NRK, TV2, Netflix og Youtube er mine favorittar. Eg kan sjå det eg ønskjer når som helst. Ikkje lenger er eg bunden av faste sendeplanar på NRK (som einaste kanal) og Essoen sine åpningstider.

Ungdomen no til dags skulle opplevd tida før digtial distribusjon.

Eit fyrtårn slokna

Eg har dei siste åra følgt med på det som skjer i USA. Det er ikkje til å legge skjul på at eg aldri har skjønt Trump og har vorte meir og meir forskrekka over løgner og hofteskot som kjem frå den sida. Like sjokkert er eg over det konservative partiet omtrent ikkje har protestar til det lenger. Det som ein gong i tida var eit parti for lov og orden har i det store og heile gått i forsvar for Trump. Frykten for å miste plassane sine i senatet og huset gjer dei handlingslamma. Kor vart det av prinsippa?

Eg har prøvd å halde auge med begge sidene der borte, mellom anna det eg vil kalle «propagandakanalen Fox News«. Her har du Jugde Jeanine, Sean Hannity, Tucker Carlson, Laura Ingram, Lou Dobbs, morgonvertane på Fox & Friends. Tross i nokre sprekker i det siste er desse underhaldarane hardnakka tilhengarar av Trump og fungerer som ekkokammeret til Trump. Nei, desse personane har ingen ting med nyhende å gjere. Dei er synsarar, pratmakarar, underhaldarar som sprer eller fyrer opp under konspirasjonsteoriar. Fakta er det tynt med. Med slike aktørar tilgjengeleg 80-90 år tilbake, ville ein viss propagandaminister vore strålande nøgd.

Ikkje alt har vore mørkt. Shepard Smith, i nyhendedelen av Fox News, har vore ein hardnakka tilhengar av fakta og har gang på gang påpeika det ville frå dagens administrasjon. Underhaldarane i Fox News, med sine støttespelarar, har til tider og i det siste angrepe Shepard Smith si faktabaserte formidling av nyhende. Likevel var det til mange si store overrasking at Shepard Smith i går valde å gi seg etter 23 år:

Eg har registrert at riksadvokaten William Barr har vore i møter med Murdoch, eigaren av Fox News, dei siste dagane. Det er framleis att nokre få lys i nyhende hos Fox News, men det vil ikkje overraska om Fox News blir fullt ut propagandakanalen Trump News eller skal vi sei Trumps Alternative Facts. Det er ei farleg tilnærming vi er vitne til.

Unøyaktige grenser for eldre eigedomar i digitale kart

prospekt_utdragI sommar vart barndomsheimen min selt. I løpet av prosessen lærte alle at overføring av gamle kartoppmålingar (1964) til dagens digitale kart hos Kartverket kan vere svært lite presise. Ikkje bli overraska om grensene i det digitale kartet for eldre eigedomar har feilmarginar på over 5 meter!

Til høgre har eg lagt ved eit utsnitt frå det som var lagt inn som vestre grensa på eigedomen i det digitale kartet hos Kartverket. Mor mi reagerte på at det nordre hjørnet var plassert feil. Sidan tomta vart utskilt til far min, har vi alle vore kjent med at grensa var meir inn mot midten av huset over. Mi eiga oppfatning var at grensa starta ein plass i nærleiken av den venstre, raude streken, som symboliserer arken på huset. Nabo var òg av oppfatning at grensa starta meir mot midten av huset, litt innom mi oppfatning.

Familien min hadde dei gamle kart- og oppmålings- samt skyldelingsforretningane for tomta og nabotoma i vest frå henholdsvis 1964 og 1965:

På den tida var tomta gnr/bnr 22/26 mindre enn i dag. 153 kvm, eller litt større enn huset på den tida. Austveggen på huset, utan seinare tilbygg, stod i eller tett mot austgrensa. Legg merke til at det på oppmålinga frå 1964 for tomta til barndomsheimen min er det 6,32 m frå grensa i aust for gnr/bnr 22/26. På nabotomta si oppmåling er det målt 7,60 m frå vestre grense for gnr/bnr 22/26. Noko stemte ikkje og ein måtte be kommunen om ny oppmåling.

Eit anna moment som vart oppdaga i løpet av prosessen var at det i oppmålinga frå 1964 var notert arealet på barndomseigedomen.

flatemalet

Basert på grensene som var oppført i det digitale kartet skulle eigedomen vere på 1549 kvm, 170 kvm større enn oppgitt i 1964.

Kommunen utførte ny oppmåling basert på grensemerker/-steinar og ein avdekka avvik. Ei oppmåling kostar i underkant av kr 10 000. Dårleg overføring frå gamle kartoppmålingar synes eg ikkje burde lastast eigar. Eg meinte rekninga burde kommunen eller kartverket ta, men kom ikkje langt med den. Her er svaret frå kommunen ved teknisk sjef. Eg har utheva nokre liner som kan vere nyttig lærdom for andre som kjøper eldre eigedomar:

Hei

Dette er nok ei heilt vanleg sak om grenser i matrikkelen som avvik i høve til dei faktiske grensene i marka. I matrikkelen er grenser kodet med nøyaktighet. Nøyaktighet på grenselinjene er satt ut ifrå korleis dei er registrert i matrikkelkartet. Nøyaktigheten vil variere frå hjelpelinje fiktiv (ukjent) til betre enn 10 cm (oppmålt). Unøyaktige grenser i matrikkelen fører og til unøyaktig areal for eigedomane. For denne eigedomen var nøyaktigheten på grensa mot gbnr. 24/128  satt til +/- 5 meter. Grensa mot gbnr. 24/129 hadde ein nøyaktighet på dårlegare enn 5 meter. Grensa mot den kommunale vegen var ei fiktiv hjelpelinje.  Unøyaktige grenser er heilt vanleg i matrikkelen og det er ikkje noko krav om at kommunane skal ha eit matrikkelkart kor alle grenselinjer er oppmålt med stor nøyaktighet. I utgangspunktet er det kun grenselinjer som er oppmålt etter 1980 som har stor nøyaktighet.

Det som er veldig viktig er at dei som brukar informasjon frå matrikkelen er klar over dette. Dei fleste (kanskje alle) innsynsprogram i matrikkelen nyttar fargekodar på grenser slik at det skal vere enkelt og sjå kva kvalitet dei ulike grenselinjene har. I denne saka har ein nytta areal direkte frå matrikkelen utan og ta høgde for kvaliteten på dei ulike grenselinjene. Når fleire av grenselinjene for eigedomen er registrert med dårleg kvalitet så kan det diverre få store avvik på arealet som vert berekna. Eigar av gbnr. 24/125 rekvirerte klarlegging av grensene med bakgrunn i at ho meinte at matrikkelført grense mot vest var feil. Ved oppmålingsforretninga påviste partane ei grense som er om lag 2 meter lengre aust enn kva matrikkelkartet viste. Matrikkelført grense hadde ein kvalitet på +/- 5 meter, slik at kodinga i matrikkelen var innanfor det som partane påviste som rett grense.

Som sagt ovanfor må brukarane av matrikkeldata vere klar over at data har ulike kvalitet og at informasjon vert handsama deretter.  Kommunen dekkar i utgangspunktet ikkje utgifter til oppmåling av gamle grenser som er kodet med dårlig nøyaktighet i matrikkelen. Kommunane har ingen plikt/krav til å ha eit matrikkelkart kor alle grensene er innmålt med stor nøyaktighet.

Med helsing…

No stemmer det digitale kartet og arelet med kartoppmålinga innafor akseptabel feilmargin.

Råd til seljar og kjøpar

fargekodarFor alle som skal selje eller kjøpe eigedomar, ta ein titt på fargekodinga av grensene i det digitale kartet til Kartverket. Ei lysegrøn line rundt tomta tyder på at grensa er nøyaktig. Dersom grensene har andre fargar enn grønt, vil eg råde om å be om ei ny oppmåling basert på gamal kart- og oppmålings- samt skyldelingsforretning.

Det er surt å basere seg på unøyaktige grenser og seinare oppdage at gjerdet eller garasjen du sette opp, tett mot grensa, må rivast fordi gjerdet eller garasjen står delvis på naboen si tomt.