Daily Archives: 12. oktober 2019

Eit fyrtårn slokna

Eg har dei siste åra følgt med på det som skjer i USA. Det er ikkje til å legge skjul på at eg aldri har skjønt Trump og har vorte meir og meir forskrekka over løgner og hofteskot som kjem frå den sida. Like sjokkert er eg over det konservative partiet omtrent ikkje har protestar til det lenger. Det som ein gong i tida var eit parti for lov og orden har i det store og heile gått i forsvar for Trump. Frykten for å miste plassane sine i senatet og huset gjer dei handlingslamma. Kor vart det av prinsippa?

Eg har prøvd å halde auge med begge sidene der borte, mellom anna det eg vil kalle «propagandakanalen Fox News«. Her har du Jugde Jeanine, Sean Hannity, Tucker Carlson, Laura Ingram, Lou Dobbs, morgonvertane på Fox & Friends. Tross i nokre sprekker i det siste er desse underhaldarane hardnakka tilhengarar av Trump og fungerer som ekkokammeret til Trump. Nei, desse personane har ingen ting med nyhende å gjere. Dei er synsarar, pratmakarar, underhaldarar som sprer eller fyrer opp under konspirasjonsteoriar. Fakta er det tynt med. Med slike aktørar tilgjengeleg 80-90 år tilbake, ville ein viss propagandaminister vore strålande nøgd.

Ikkje alt har vore mørkt. Shepard Smith, i nyhendedelen av Fox News, har vore ein hardnakka tilhengar av fakta og har gang på gang påpeika det ville frå dagens administrasjon. Underhaldarane i Fox News, med sine støttespelarar, har til tider og i det siste angrepe Shepard Smith si faktabaserte formidling av nyhende. Likevel var det til mange si store overrasking at Shepard Smith i går valde å gi seg etter 23 år:

Eg har registrert at riksadvokaten William Barr har vore i møter med Murdoch, eigaren av Fox News, dei siste dagane. Det er framleis att nokre få lys i nyhende hos Fox News, men det vil ikkje overraska om Fox News blir fullt ut propagandakanalen Trump News eller skal vi sei Trumps Alternative Facts. Det er ei farleg tilnærming vi er vitne til.