Min spede start som «gamer» på datamaskin

No må vi skru tida tilbake til tidleg 80-tal. Eg er ikkje sikker på om vi snakkar om 1982 eller tidleg 1983, men det var på den tida eg fekk ZX Spectrum 48k. I dag kom det ein video frå Spectrum User på Youtube som vekte mangt eit minne:

Spela 3D Tanx (video), Arcadia (video) og Horace goes skiing (video) var dei aller første eg spela på maskina.

3D Tanx var enkelt. Det var snakk om å lære seg kor høgt ein skulle heva løpet og finne det perfekte tidspunktet for å skyte. Når du hadde knekt den nøtta, var spelet enkelt og kunne nok fort opplevast som kjedeleg.

Arcadia var eit tradisjonelt skytespel av typen Galaxian, som eg hadde sett på kafeteriaer og tivoli åra før. Det vart aldri nokon favoritt for min del, men noko underhaldning fekk eg no ut av det.

Horace goes skiing derimot synes eg var meir underhaldande. Krysse vegen, hente seg ski, tilbake over vegen og deretter ta seg ned skibakken og passere gjennom portane utan å treffe tre med meir.

Men i samlinga frå 1982 er det eit spel som overskuggar alt anna: Chequered Flag (video), Formel 1 i 3D. Her kunne eg køyre på ulike baner rundt om i verda, prøve å setje rekordar medan eg unngjekk ting i bana, ta pitstop og fylle bensin med meir. Det var ikke andre bilar på bana. Du skulle køyre mest mogleg perfekt for best mogleg tid. Som i dagens spel kunne du velje mellom manuell eller automatisk girkasse. Med manuell girkasse måtte ein vere forsiktig, Køyrde ein for lenge på for høgt turtall, sprengde ein motoren. Fordelen var at ein manuelt gira bil var litt raskare.