Daily Archives: 1. januar 2020

Hyggeleg gjensyn med året 1983

I julehelga har den unge Youtube-kanalen Spectrum User vore aktiv. Først juledag kom det ein video over det dei meinte var dei beste spela frå 1982 til ZX Spectrum. Mangt eit minne var å finne i den videoenFor eit par dagar sidan kom det ein ny video med dei beste spela frå 1983:

Her var det endå fleire minner. Eg får ta dykk med inn i barndomsminna minna mine.

Atic Atac (video) er eit av spela som blir nemnt når ein snakkar om ZX Spectrum. I spelet skal du samle saman bitane til ein nøkkel som slepp deg ut av borga. Her er det mange rom å utforske og ditto fiendar som vil ta ein bit av deg. Du kan spele som tre ulike karakterar med ulike styrker. Dette spelet investerte eg ein del tid i, det skulle overvinnast. Eg har notert meg at dette er det første større spelet eg spelte til endes eller runda, som ein seier i dag.

De som er yngre har nok stifta kjennskap til spel frå dei som stifta selskapet Ultimate Play the Game, to brør Tim og Chris Stamper. I 1985 stifta dei selskapet Rare som har lansert mangt eit kjent spel for ulike plattformar. Siste kan nemnast Sea of Thieves til Microsoft Xbox, men mange vil nok hugse klassikarar på Nintendo-plattformane som f. eks. GoldenEye 007Banjo-KazooiePerfect Dark eller Donkey Kong Country.

Chucki Egg (video) har eg nett spelt, men det fanga ikkje interessa noko vidare. Kanskje har det noko med at eg synes «stige og plattformspel» er kjedelege. Tolmod har aldri vore mi sterke side.

Derimot er Death Chase (video) høgt oppe på mi favorittliste. Det er viktig å setje spelet i tida sin kontekst. I 1983 kom den tredje Star Wars-filmen – Star Wars: Jediridderen vender tilbake. Death Chase liknar på jakta gjennom skogane på Endor (skogplaneten til Ewokane). I Death Chase køyrer du motorsykkel og skal ta ut ulike mål som andre motorsyklar, tanks og helikopter samstundes som du navigerer deg gjennom skog. Første prioritet er å halde seg i livet ved å unngå i trea som kjem mot deg i rasande fart. Som med Atic Atac er dette eit av spela som eg runda. Det mest interessant, om eg ikkje hugsar feil, var at dette var eit spel på under 16 kB (16 384 bytes). Ha det på minne når vi snakkar om spel som i dag på rundt 100 GigaBytes (100 000 000 000 bytes).

Jet Pac (video) var også ein klassikar levert av Ultimate Play the Game. Samle saman deler til ein rakett, fyll han opp med drivstoff før du reiser vidare. Enkelt og kanskje litt for repetivt for meg. Det blir ikkje det same som å rase gjennom skogen på motorsykken som i Death Chase eller leite rundt i ei stor borg i Atic Atac.

Manic Miner (video) er også ein av klassikarane til ZX Spectrum i genren «stige og plattformspel» som eg aldri blei fanga av. Eg gjorde mine foresøk på kome gjennom 20 ulike skjermar, men milimeterjustis kravde sitt. Eg gav opp etter å ha kome nærare 10 skjermar ut i spelet.

Penetrator (video) minnes eg også. Dette er ein «Scramble«-klone, men eg trudde at spelet var eldre enn 1983.  Eg ser på worldofspectrum at dei første annonsene dukka opp i slutten 1982 og vurderingane kom på nyåret i 1983. Eg har spelt det, men det fenga ikkje meg noko stort. Heilt OK som tidsfordriv, men ikkje noko meir.

Derimot mines eg Wheelie (video) godt. Det å handtere motorsykkelen for å kome rundt dei ulike skjermane/løypane var svært tilfredsstillande. I nyare tid har vi spel som Trials som liknande spel, men Wheelie er meir primitivt når det skal passe innafor 48 kB. Underhaldningsverdien var likevel minst like stor som for Trials.

Ant Attack (video) har eg eit spesielt forhold til. Eg sende inn svar til ein konkurranse i eit engelsk tidsskrift, som eg trur var Computer and Video Games. Like fort som svaret var lagt i ein sirleg utfylt konvolutt med rett porto og sendt, var det gløymt. Ei tid etterpå dukka det opp ein konvolutt, frå England, med ein kassett med Ant Attack som premie. Historien bak Ant Attack og instruksjonar vart lest nøye. Det spesielle med spelet er at det foregår i ei isometrisk verd i 3D. Du kan gøyme deg bak vegger eller hopp opp på ulike platå og vegger. Du må inn i ein by for å hente ut folk som er fanga der. Rundt om spring store maur som du og dei du skal redde må unngå. Du kan ekspedere maurar med eit begrensa mengd med granatar, men desse må ikkje kastast for nær menneska du skal redde. Ant Attack er også eit av spela eg spelte til endes.