Alltid lurt å lesa grunnlova, Donald

Denne veka har vore interessant. Twitter fekk brått noko som liknar på ei ryggrad og merka 2 villeiande meldingar til Donald Trump med lenke til fakta:

Ikkje uventa tok han av og meinar det er sensur, sjølv om meldingane i sin heilheit framleis blir formidla. Han utstedte ein presidentordre som knapt er verd papiret han er skriven på. Eg kjem tilbake til det seinare.

Dagen etter fekk han ei melding merka med at ho var i strid med reglane om å forherlige vold:

Meldinga er ikkje sensurert, men du må klikke på Vis for å få ho fram.

Paradokset i saka er at han dreg fram at desse handlingane er brot på og innskrenkar talefridomen. Han vil regulere desse plattformane. La oss sjå litt på første tillegget (first amendment) til grunnlova:

Congress shall make no law respecting an establishment of religion, or prohibiting the free exercise thereof; or abridging the freedom of speech, or of the press; or the right of the people peaceably to assemble, and to petition the Government for a redress of grievances.

Twitter, eit privat aksjeselskap, er ikkje bunden av første tillegget til grunnlova. Det er kongressen, lovgivarane, som ikkje skal lage lover som skrenkar inn talefridomen.

Bryt du (Donald) Twitter sine reglar for god takt og tone, som eg meiner du køyrer over og ryggar tilbake over titt og ofte, må du leve med det. Vil du at ein med lova i hand skal stille Twitter og andre plattformar til ansvar for medlemmene sine ytringar, vil du vere den første som blir kasta ut av Twitter….

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.