No class, Ap

Too late ya can’t catch up now
You face the wrong way anyhow

-Lemmy

Det har vore ei turbulent veke. Trøndelag Ap ville gi Trond Giske ein ny sjanse, men Arbeiderpartiet viser sitt sanne eg. Har du gjort dumme ting, også ting som ikkje er strafferettsleg straffbare, er du merka for evig tid. At Trond Giske tok meldingane inn over seg og orsaka åtferda si for 3 år sidan tel ikkje. Inga orsaking er god nok. I Arbeiderpartiet har ingen krav på ein ny sjanse.

Eg la merke til at AUF forlot salen og hevdar dei protesterte mot ein stortingspolitikar som ikkje har erkjent at han har trakassert unge jenter, men vil ikkje kommentere det meir. Orsakinga han framsette for 3 år sidan meinar eg var god nok. For meg ser det ut til at AUF er ei gruppe med personar som aldri vil eller kan tilgi.

Eg oppfattar AUF si handsaming av Trond Giske som eit signal på at vi om nokre år kan kome til å stå over endringar i det strafferettslege systemet vårt. Kan ein aldri tilgi dumme ting som er gjort, kan samfunn sjå på strafferettsleg dømte nullstilte/tilgitt når straffa er sona ferdig? Vil vi få eit samfunn der ingen kan sei seg ferdig når straffa er sona?

Your perfect smile
Betrays your lack of style

-Lemmy

Trond Giske var, etter mi meining, politisk den beste av dei som sat i leiinga av Arbeiderpartiet dei siste åra. Han var god til å formidle bodskapet og framstod ikkje så polert og glatt som resten av leiartrioen.

Eg synes innlegget frå Laila Bøkestad Nilsen: Nå er det hærefløtte mæ nok! seier det meste. Ja, Arbeiderpartiet har med håndteringa av Trond Giske vist at dei har ein mobbekultur. Støre virkar passiv og Tajic kan ein ikkje vente noko av. Arbeiderpartiet var arbeidarane sitt parti, men leiarane vil ikkje «bli dritne på fingrane» når dei bør ta tak i ei vanskeleg sak.

Snart er det val. Arbeiderpartiet har gitt seg sjølv eit så stort handicap at det skal mykje til før eg ofrar ein slik kultur ein tanke.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.