Skitur: Stavsete

Jula 2021 har hatt ein del gode dagar, med bra ver. I dag tok eg turen mot Stavsete. Meg høg firehjulstrekkar kjem ein seg heilt fram til under Nyastølen. Førebels vert ikkje vegen brøytt, men etter det eg har plukka opp ser det ut til at det kan bli ei ordning på det seinare.

Turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg, fram til du kryssar elva over til Stavsete. Vi gjekk frå bilen kl 11, når sola byrja å skine inn dalen. Ei låg sol meir eller mindre frå ein blå himmel gav lange skyggar og varierande fargar. Sjølve turen fram etter den snølagde vegen er enkel og forholdsvis slak. Det er ikkje mange høgdemeterane som skal forserast.

Ved starten, under Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell. Nordom Kaldekletten ligg Svinadalen og deretter Svinadalseggi. Frå Kaldkletten, bak Svinadalen, Svindalseggi og framover mot Skarholten strekker Firksdalseggi si, skilje mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga.

Framme ved Stavsete kan ein velja om ein vil opp etter sidene, f. eks. til Stavafjellet der Sognefjordrennet har starta dei siste åra. For oss på vanlege fjellski er nok turen inn dalen mot Stavatjørni og kanten mot Romedal eit mindre utfordrande alternativ. Turen dit får vente litt, til det har kome noko meir snø.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.