Valet fall på Lenovo-berbar

Som følgje av arbeidet mitt med 4K-video av fotturane mine, oppgraderte eg for nokre år til stasjoner maskin. Stasjonere datamaskiner er langt kraftigare enn berbare maskiner. Og skulle du greie noko berbart i same klasse, ha på minne at kraftige saker i liten innpakning treng kraftig kjøling. Opp gjennom tidene har eg fått nok av berbare maskiner som høyres ut som hårfønarar når det røyner på.

Dei siste åra har kjøpt nokre berbare maskiner for å gjere nokre forsøk før eg har selt dei vidare. Ulempa med rimelege maskiner er at dei, med få unntak, har veldig dårleg skjermar. Oppløysinga kan vere full HD, men fargedekinga, lys og/eller kontrakst er elendig. Du kan risikere så sitje med ein skjerm fargestikk, f.eks. eit blåeleg skjer. Arbeid med video og bilete blir aldri bli bra på slike skjermar.

Det siste halve året har eg vurdert å kjøpe meg ei ny berbar maskin som er rimeleg kraftig med god skjerm. Det var ei lita stund eg lurte på om eg skulle gå for Apple Macbook Air eller Pro. Med den nye M1-prosessoren samt dei ekstremt gode skjermane virka det forlokkande, men det er også nokre ulemper. Eg må gå over frå Windows til MacOS og venje meg til eit nytt økosystem med operativsystem og applikasjonar. Prisen for maskine er høg. Skulle eg spesifisere Air med 16 GB og 512 GB SSD, henda prisen på rundt kr 17 000. Proen ville kome på over kr 20 000. Ei anna ulempe er at støtta. Vil du ha topp støtte og hjelp dersom problem oppstår, må du legge ut ytterlegare kr 2 800. Totalprisen for maskinene kjem då på rundt kr 20 000 eller godt over.

Dei siste 9 åra har eg nytta Lenovo Thinkpad på arbeid. Erfaringa med ulike modellar har etterlete eit solid og positivt inntrykk. Dei har berre fungert og byggkvaliteten har vore svært god. Oppfølginga frå Lenovo har vore eksemplarisk. Via Lenovo Vantage har ein programvarestøtte over mange år. Her kjem programvare, firmware og bios-oppdateringar til maskinene i mange år for å sikre du har ei velfungerande og sikker maskin.

Eg har lagt merke til at Lenovo har arbeidd seg opp i forbrukarmarknaden over åra. Ideapad Pro og Yoga-seriane har mang ei overbevisande maskin. Dei siste månadane har eg lagt merke til at dei har byrja å levere svært gode skjermar med maskinene. Dei er lyssterke, har høg oppløysing og god fargedekning. Det er 14″ med 2880 x 1800 (16:10) og 16″ med 2560 x 1600 oppløysing, begge med 16:10-forhold som gir større plass vertikalt til arbeid med dokumet eller lese nettsider. Eg har også lagt merke til at maskinene kan bli levert med ekstremt gode støtte og hjelp, f.eks. 2 år hjelp på staden. I tillegg vert dei levert med kraftige prosessorar. På min stasjonere har eg ein AMD Ryzen 7 3700X med 8 kjernar som kvar kan køyre 2 samtidige trådar (16 virtuelle prosessorar). AMD Ryzen 7 5000-serien har det same. Ein kan velje mellom U-serien, med lågt straumforbruk (15-25 watt), og lang batteritid eller H-serien (45 watt) med meir kraft.

Valet mitt enda opp på ein 14″ Lenovo IdeaPad 5 Pro til kr 8 749. Ordinær pris er kr 10 490. Eg synes den gav best balanse mellom kraft og berbarheit til ein god pris. Maskina kjem med ein AMD Ryzen 7 5800U, 16 GB minne og 512 GB lagring. Skjermen er på 2880 x 1800 punkt og er fantastisk. Fargane, lys og kontrast er god, langt betre enn det eg har vore van med. Gjenskin frå omverande lyskjelder blir redusert sidan skjermen ikkje er blank. Standard skalering i Windows var sett til 200%, men eg greier å køyre med 175% og får plass til meir informasjon på skjermen. Batteritida er veldig god. Variert arbeid med litt video på si gir 6-7 timar. Lett skrivearbeid med musikk på øyra gir lengre batteritid.

I annonsa står det at ho kjem med Windows 10 Home, men mi kom med Windows 11 Home. Ho har Windows Hello-kamera og eg kan logge på med ansiktsgjenkjenning. Det fungerer langt betre enn fingeravtrykklesing. Anten det er iPad, iPhone eller PC har det alltid fungert dårleg. Fingeravtrykka mine er ikkje «stabile» nok. Når det gjeld støtte frå Lenovo, kjem ho med 2 år støtte på staden. Får eg problem slepp eg sende ho nokon stad. Nokon vil kome til meg for å rette feil (på maskinvara). Feil på programvare fiksar eg sjølv.

Om eg skal dra fram noko negativt, kan det vere val ein har gjort på tastaturet. Home, Page Up, Page Down og End er ikkje separate tastar. Ein må bruke Fn + piltastane for å bruke dei. Mogleg kanten mot deg er litt i skarpaste laget. Eg merka det på ein hudfold som følgje av klokka på armen. Med klokka av armen merka eg det ikkje lenger. Begge deler er smårusk som eg venje eller tilpasse meg til.

One thought on “Valet fall på Lenovo-berbar

  1. Lenovo leverer gode maskiner! Einaste eg ikkje likte med Ideapad tastaturet var at shift knappen var plassert rett under enter-knappen. Når ein satt å koda var det lett å få feil linjeavstand eller linjeskift i koden om ein anna… Solgte maskina etter nokre veker. Etter det har eg blitt veldig observant på korleis tastaturet ser ut, og kor mykje motstand det er når ein skriv på det. Kliprelyd tykjer eg lite om – er som å skrive på ei gammal skrivemaskin.

Legg att svar til Anonym Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.