6 månadar seinare

No er det eit halvt år sidan eg tok steget bort frå Microsoft Windows. Ingen av mine private maskiner køyrer Windows. Det som fekk meg til å til å forlate Windows var Copilot på PC, men det var berre dråpen som fekk begeret til å renne over. Microsoft har lenge jobba med å flytte sin plattform frå ordinære kjøp til abonnement. Det er omtrent umogleg å installere Windows 11 i dag utan å bruke ein Microsoft-konto. I tillegg har vi all telemetrien/bruksdata som Windows sender til Microsoft, spesielt for private brukarar. Verksemder kan (tilsynelatande) avgrense denne.

Den politiske utviklinga i USA går raskt i ei skremande, men ikkje overraskande, retning. Vi veit kva slags moglegheiter USA har med tanke på overvaking. Snowden slapp den katten ut av sekken. Personvernet i amerikanske tenester har fleire gonger vorte vurdert under pari i Schrems-domane. Bakgrunnen for at personvernet i amerikanske tenester i dag vert sett som tilstrekkeleg heng på ei presidentordre frå Biden. Vi veit alle kva som skjer med presidentordrane som Biden gav, dei blir nulla ut. Eg ventar på dagen presidentordren blir riven sund, hittil må nokon ha gøymt ho godt.

Men det kan vere at han ikkje treng rive presidentordren sund, han har lagt ned tilsynsorganet «Privacy and Civil Liberties Oversight Board» (PCLOB). Alle medlemmer er sparka. Tilsynet sitt arbeid var/er å sikre at amerikanske etteretning ikkje har innsyn i persondata som vert overført mellom kontinenta når EU- og EØS-virksomheter nyttar amerikanske IT-leverandørar.

Med så godt som alle mennesker, verksemder og offentlege etatar på ein eller anna måte knytt til store amerikanske tenesteleverandørar, som Microsoft, Google, Amazon og/eller Apple, har USA store moglegheiter til å overvake heile – i det minste den vestlege – verda. Eg har ikkje den minste tvil om at dagens president og det lojale følgjet vil gjere dette til eit våpen eller pressmiddel alt etter korleis ein ser det. Vi får ikkje vite når dette skjer sidan ei slik ordre blir gitt med teieklausul. Det vil vere ulovleg og straffbart for tenesteleverandøren å opplyse kundane sine.

Det er viktigare enn nokon gong at dei som kan finn andre måtare å handsame sine personlege eller verksemddata og ikkje minst data i tenester dei leverer til innbyggarar og kundar. På same måte som vi/Europa må satse på å stå på eigne bein militært, må vi bruke det neste tiåret på sørge for at vi også blir digitalt uavhengig. Ut er Microsoft Azure, Amazon Web Services med meir. Tenestemarkedet er stort og kvifor skal ikkje norske/europeiske verksemder tene på det? For lenge har vi vore nonchalante og no må vi vere budd på å betale prisen for haldninga.

Kva gjer eg vidare?

Etter å ha fririve meg på PC er det neste store prosjektet å fririve meg på telefon. Det virkar som eit vanskelegare steg. Problemet er at Apple og Google sine løysingar er de facto standard. Android og iOS alltid vore knytt mot ein sentral aktør. I dag er mobilane ofte den einaste eininga ein har eller brukar aktivt. PCen ligg og samlar støv i skapet.

Eg ser etter alternativ for å fri meg frå Android og innlåsinga mot Google. Det første eg har gjort er å sørge for å slå av all type logging i tenestene til Google. Det neste er å få oversikt over alternativa med tanke på å kjøpe eller setje opp ein telefon som er DeGoogled. Utfordringa er at det kan skape problem for nokre type appar. Bank-appar har ofte ei restriktiv halding til OS dei kan køyre på, men eg tenkjer at eg får kryssa den bekken når eg kjem til han.

  • Er du framleis godtruande og nonchalant?
  • Kva gjer du eller vil du gjere?

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.