Helsinki – Östersund

La meg inn på eit flyplasshotell i går. Har sine fordeler med at dei har parkeringsplassar for bilar. Ulempa merka eg grytidleg. Helsinki er ein globalt knutepunkt og her var det fullt liv tidleg. Dører vart opna, folk prata og drog koffertane etter seg i gangen. Eg søv lett og etter ei lita stund måtte eg berre konkludere med at her får eg ikkje sove meir.

Ein god dusj og tidleg frukost vart det. Mørke var der medan eg sette av gårde i 4-tida. Sidan eg starta tidleg samt at på den tida var Mummi-jubileum fann eg ut at eg droppa Åbo. Passerte eit Mummi-følgje i går i Helsinki. Åbo måtte vere fullt av slike. Roleg køyring nordvestover mot Bottenvika. Første ladestopp i Mikkola før eg heldt fram vidare nordover forbi Vasa til Kokkola for neste stopp.

Turen oppover er noko heilt anna enn når eg køyrde i indre deler av Finland. Heilt tydeleg at mesteparten av innbyggarane er samla i nærleiken av kystområde frå Finskebukta og opp i Bottenvika.

Under turen funderte eg på kor eg skulle stoppe for kvelden. Formen var kjempebra og køyringa var lite utfordrande. Bilen styrte seg sjølv, eg hadde omtrent berre å plotte inn neste stopp. Nå skal det vere sagt, planlegg eg ikkje fast neste stopp. På veg kan eg finne nærmaste ladar når eg føler for det. Etter Kokkola køyrde stoppa eg ein siste gong i Finland i Keminaa, litt før grensa til Sverige. Handla litt og reflekterte over reisa medan bilen lada.

Lurte på å følgje motorvegen ned til Umeå, som i 2023, og overnatte. Men kom eg til at eg ville sjå områda mellom Bottenvika og E45. Med høgre fart på motorvegen og endra reiseplanar vart det lading og ei is i Norrfjärden. Greit å ha litt buffer i sprettbygd strøk mellom hovudferdelsårene i Sverige.

Neste stopp vart Lycksele. Plugga inn bilen på Tesla og vurderte om eg skulle legge meg inn på hotell i byen. Utfrå det eg såg der var dette ein stad/senter som historisk hadde drive med tømmerhogging og/eller flåting nedover elva. Formen var bra trass tidleg start på dagen. Etter eit kort stopp, sidan Tesla-ladarane er trege på min bil, sette eg avgårde med mål Östersund.

På vegene gjennom skogane er det meir aktiv køyring og det er moro. Stoppa på Hoting for ei kjapp lading på Ionity før eg heldt fram mot Östersund der eg, eit stykke utom byen, rulla inn på hotellet seint på kvelden. Distansen eg dekka denne dagen var på noko over 1500 km. Eg var frisk og vaken når eg ankom hotellet. Tankane om å køyre heim gjennom natta hadde svirra rundt i hovudet på veg frå Hoting til hotellet. Komforten vann kampen og ei god seng frista meir.

Som eg tidlegare har sagt, ein elbil tvingar meg til å stoppe for ei tid slik at eg kan kvile eller vandre rundt for å bli utvkvilt til neste køyreøkt. Hadde eg køyrt ein fosibil kunne det fort blitt for lange etappar. Ja, eg hadde nok kome fortare fram med 1000+ km med diesel på tanken, men eg hadde vore utsliten og ei fare for andre i trafikken mot slutten.

Kuusamo – Helsinki

Det vart ein tidleg start på dagen. Når ein er i nærleiken av Polarsirkelen, er det ikkje veldig mørkt om natta. Fann ut at det var ikkje vits i å kjempa med å somna til att. Var lys vaken og klar for transport lenge før hanen gol. Med tidleg start fekk ein også sett tåka og disen over området samt morgonen som gryr. Det var stilt og fredeleg på vegane. Berre eg og reinen samt nokre pendlarar. Hadde ingen planar på kor langt eg skulle kome ved starten av dagen. Eit av måla med turen var å kome meg tett opp mot russsargrensa, tilsvarande i Nord-Noreg i 2023.

På turen levde landet opp til kallenamnet «dei tusen sjøars land». Naut køyreturen og stoppa når eg hadde trong for det. Fantastisk å vere på tur med elektrisk bil. Lange etappar kan det bli, men ein får naturlege stopp på vegen.

Når eg nærma meg der hovudvegen ligg nærast russargrensa, tok eg av og køyrde grusveger langs elva og grensa med Russland. Her var det sprett landbruksområde. På siste stopp i Pajarila sikta eg meg inn på Helsinki. Motorvegar tok meg kjapt inn til litt utfor sentrum. Ei siste lading på Ionity før eg køyrde til eit flyplasshotell. Orka ikkje bale med parkeringsplass i sentrum av Helsinki. Slappa av utover kvelden på hotellet og tok det med ro. Somna tidleg og det var godt, eit flyplasshotell sover aldri. Meir om det i neste posting.

Sirkka – Kuusamo

Etter ein god frukost var første mål å krysse nordaustover mot den store sjøen Enare. Avkøyringa var ikkje langt frå hotellet og den første mila eller deromkring var det asfaltert veg. Deretter følgde mange mil på grusveg gjennom skog og myrer fram til ein nærmar seg Enare. Heile turen i flott morgonsol og krystallklart ver som gav god utsikt i alle retningar.

Det første som sler deg når du køyrer her i nordlege deler av Finland er kor øde det er. I 2023 kom eg over frå Neiden og var nesten nede til Enare før turen gjekk nordvestover mot Karasjok. På turen mellom grensa ved Neiden til grensa i nærleiken av Karasjok, var det ingen – eg understrekar – ingen butikkar eller handel. Kun ved grensa i nærleiken av Karasjok var det handel.

Eg tok det med ro ved Enare og lot bilen lade medan eg planla neste rute. Det som slo meg var at eg burde ta turen til skistaden Rovaniemi og julenissen. Det blei ein lang tur sørover i flott ver gjennom dei djupe skogane i Finland. Vegane er gode og lite trafikkerte. Framleis sprettbygd og det er eit generelt inntrykket av det nordlege 1/3 av Finland. Ofte er det berre deg og nokre rein i området.

Framme i Rovaniemi blei det stopp i sentrum med lading på Ionity. Tok deretter ein tur bort til skistadion med både hoppbakkar og stadion og målgang. Ofte, når ein ser på TV, virkar stadion og området rundt stort og vidt, men eg må sei at eg vart overraska over kor kompakt området var. Turistar var det lite om på stadion. Neste stopp var julenissen. Eg trudde at her var det ein park med opplevingar. La merke til at ein bygde ut fasilitetar når eg nærma meg, men eg vart overraska at eg kunne køyre heilt fram til julenissen sitt hus og parkere. Her var det ikkje snakk om noko ala Bø Sommarland eller dyreparken i Kristiansand der ein parkerer på ein stor parkeringsplass og går rundt i parken og prøver/leikar med ulike tilbod.

Hugsa problemet skiløparane hadde med å koma seg frå Kuusamo og Rovaniemi ein vinteren for litt sidan. Islagde vegar gjorde at det tok timevis. Eg plotta inn skistaden Ruka og Kuusamo og sette avgårde. Kryssa austover gjennom skog og langs vatn. Rein vandra i og ved vegen til tider. Kamera fekk heteslag ein kort periode. Ruka var som Sirkka ein stad rundt eit fjell eller ein høg ås. Her var det ulike former for skiaktiviteter, eit slags kompakt Geilo. Deretter var det å ta turen litt lenger søraustover til Kuusamo. I motseting til Ruka var ein her tilbake på «flatbygda». Fann meg ein rimeleg overnattingsstad i utkanten Kuusamo.

Storuman – Sirkka

Vakna til ein fin køyredag nordover. Med ein lynladestasjon frå Ionity rett utfor dørene, var det enkelt å fylle opp bilen før eg sette avgårde. Nordover endrar terrenget seg. Det blir meir kuppert, men ikkje tilsvarande vestlandet i Noreg. Ein kan skimte fjell og haugar i horisonten mot nordvest. Nokre stadar passerer ein demningar og kraftverk. Skog er det nok av, men den blir kortare og tynna ut.

Første stopp vart i Jokkmokk. Satsa på ein Tesla-ladestasjon slik at eg kunne gå litt rundt i byen. Greitt å bruke ein 400 volt-stasjon når ein treng litt lenger tid til få få gjort unna handling av snacks og lunsj. Jokkmok er ei lita bygd ute i ødemarka i Nord-Sverige. Knappe 3000 sjeler har tilhøyr her. Sjølve kommunen er den nest største etter Kiruna.

Etter Jokkmokk var neste planlagde stopp Kiruna. Ein lang transportetappe som tek meg forbi Gällivare over på E10 i retning mot Kiruna og Narvik. Veret mørkna og regnet tok til. Køyrde rundt i det nye sentrumet før eg køyrde mot gruva. Etter kvart som eg nærma meg skjønte eg kvifor dei flytta byen. Grunnen hadde sokke saman og der det før var veger og områder, låg dei no nede i søkk. Du kan sjå det på videoen min heilt tydeleg når eg svingar av mot gruva. Etter å ha vore rundt i Kiruna, var det tid for ny ladeøkt og planlegging av kor dagen skulle enda ut.

Målet vart å kome seg til Finland. Sikta meg inn på Tesla i Kaaresuvanto for neste planlegging. Returen går etter E10 til Svappavaara før eg svingar til venstre, nordaustover mot den finske grensa mellom Karesuando (Sverige) og Kaaresuvanto (Finland). Sette meg ned på kafiterian med ein kopp kaffi og såg på alternativ til hotell. Muonio var eg innom i 2023 og visste det var ein overnattingsstad der. Køyrde dit og fann ut at hotellet var oppbooka denne natta. På meg virka det som om det var eit motorsykkelfølgje som vitja Muonio.

Sidan eg skulle til Inari dagen etter, fann eg ut at eg skulle prøve meg i Sirkka. Stor var overraskinga når eg nærma meg Sirkka og ut av skogen voks det ein stor ås/haug med snø under presenning. Heilt tydeleg at dette var ein vintersportstad som kunne tilby slalombakkar. Ein samfunn samla rundt ein stor «haug». Tippar det er bra liv her på vinteren her. I august var det sparsomt med folk i Sirkka.

Hermansverk – Storuman

I august 2025 hadde eg sett av tid for ein tur opp gjennom Sverige etter E45 med ein avstikkar innom Kiruna før Finland. Planen var ein rundtur frå Inari, ned langs austlege Finland, til tider nær russargrensa, til Finskebukta og opp att Bottenvika med retur gjennom Nord-Sverige. Ja, det er langt å køyre, men eg likar roa, lytte på bøker, radio og musikk samt ta inn naturen og omgivnadane. Har lite til overs for storbyar, held meg i utkantane og stoppar der eg finn det interessant.

Første dagen var ein grei køyredag. Veret var ikkje det beste, men heller ikkje det verste. Noko nedbør på turen, men også periodar med opphald. Hadde sikta meg inn på å køyre til Trondheim og Stjørdal, for å ta rett austover mot Östersund og nordover langs E45 midt i Nord-Sverige. Austover frå Stjørdal har eg ikkje køyrt tidlegare og fekk med meg skiplassane som Åre.

Som vanleg starta det med tur over Sognefjellet, Dombås og nordover. Sidan eg har posta det meste tidlegare, har eg denne gongen valt å starte turen frå Berkåk. Mot Stjørdal går det greitt, men trafikken var stor. Han vart nokon mindre når eg svinga austover i Stjørdal, men det var først når eg var over i Sverige at ting avtok. Vegane vart også betre med tanke på forbikøyring av dei som valde å køyre sitt eige løp. På den andre side var det mindre å sjå og meir skog.

Første stopp i Sverige vart i Krokom. Sidan eg har ein bil 800 volt-arkitektur hadde eg sikta meg inn på ein Ionity-stasjon litt før. Dessverre var ikkje stasjonen opna enno, så det vart eit kortare stopp på ein Tesla-stasjon, der bilen ladar tregare før eg haldt fram nordover mot Hoting, langs E45. På dette tidspunktet byrja eg å sjå etter hotell. Dessverre var eg ikkje imponert av tilbodet der og satsa på Vilhelmina. Vart ei stund til bak rattet før eg kom dit.

Rulla inn i Vilhelmina, men utifrå parkeringsplassen til hotellet, var eg rimeleg sikker på at her var det ikkje rom. Rusla inn og spurte, men var ikkje overraska at det ikkje var ledig rom. Neste plan vart Storuman, litt lenger nordover. Det var to hotell der, men etter ein runde i sentrum valde eg det største på austsida av E45.

Nordøyene

Når ein tek turen nordover til Møre og Romsdal, er turen ut til Finnøy vel verd tida. Her køyrer du på eit nytt fantastisk veganlegg som knyter saman 5 øyer nord for Ålesund og Brattvåg. Øyen er såpass små at du kan køyre rundt dei eller vitje alle avkrokar på besøket. Set gjerne av ein heil dag i fint ver der ute. Heilt nord på Finnøy, ved ferjekaien finn du eit hotell som plasserer deg langt ute i den norske skjærgård.

Tafjord

I april 2024 vart det ein tur til Sunnmøre. Tafjord har til tider figurert som varmaste staden i Noreg. Det ligg inne i ein fjord og er enden. Du må snu tilbake om du vil vekk frå Tafjord. Kort og godt ein blind veg som ikkje er vanleg å vitje på veg til noko anna.

Å kjenne Noreg har vore noko som eg har fokusert på dei siste 8 åra. Ein kik på Tafjord var på planen i det flotte vårveret. Starta heimefrå, men skal ikkje kjede dykk med turen opp til Nordfjord og Loen. Neste mål var ferjekaien på Stranda, men ein stopp innom Helsetkopen var noko eg ville få med meg. Helsetkopen er fjellet Tom Cruise hoppa utfor på motorsykkel for nokre år sidan i filmserien Mission Impossible. Fjellet er imponerande. Effektane i filmen er så dårlege at det ikkje går an å maskere ut ramper og korleis hoppet var gjort. Har problem med effektar der ein skal gjere noko stort, men ikkje tek inn over seg avgrensingar i teknologien som skal få deg til å «lure» tittaren til å tru dette er ekte.

Etter ein liten avstikkar vart det retur til Hellesylt for å halde fram turen til Strandaa ferjekai. Pizza Grandiosa er synonymnt med Stranda. Ein liten ferjetur og du kan halde fram turen inn til Tafjord. Tunellar er det nok av, takka vere kraftutbygging. På vegen passerer du Valldal, starten for vegen over Trollstigen til Åndalsnes. Noterer meg at den vegen er det lenge sidan eg har køyrt og må på planen min. Dessverre har det vore ras og stenging som har forhindra meg for å ta turen tidlegare.

Når du er i Tafjord, ein kraftkommune, må du ta turen opp i dalane og sjekke ut Zakariasdammen med meir. Flotte områder som du kan ta ein fot- eller skitur i.

18. juni 2024: Malvik og heim

Siste dag på hjul. Turen tek oss gjennom Trondheim før vi set retning mot Dovre. Fine, breie motorvegar i nærleiken av Trondheim, berre synd at det varer ikkje lenge før vi er over på landeveg av ymse kvalitet, men som oftast mykje betre enn her på Vestlandet.

Turen er ein transportetappe vi har gjort fleire gonger før. Kome oss opp og over Dovre, ned til Sel for å krysse over til Vågåmo og vidare til Lom. Siste etappen over Sognefjellet, ein nasjonal turistveg, kan vere folksam til tider. Ikkje er vegen av dei breiaste som kan by på utfordringar når store køyretøy møter kvarandre. Ikkje har den dei slakaste stigningane heller så fullasta bilar med liten motor blir sinker og lagar kø.

Men vi har køyrt vegen så mange gonger, begge veger, at vi har oversikt over når ein kan kome forbi og plassar ein kan køyre ut om ein møter nokon som er redd for grøftekanten over fjellet eller langs Lustrafjorden.

17. juni 2024: Narvik til Malvik

Returen starta tidleg frå Narvik i flott ver. Ifjor gjekk returen frå Finnmarksvidda nedover Finland til Bottenvika, nedover Sverige før vestover mot Noreg. Å køyre sørover på E6 har vi ikkje gjort tidlegare.

Første etappe går til ferjekaien på Skarberget der vi får ein pause over fjorden. Vel i land på Bognes tek ein fatt ein lang etappe til Fauske. Opp og ned og sving i sving, nett som på Vestlandet. Sidan vi satsa på å prøve å ta turen heim på to dagar, satsa vi på å koma så langt som mogleg første dagen. Vi holdt då fram til Mo i Rana for lading og lunsj. For å få ein litt lenger pause, sikta vi oss inn på Tesla-ladarane. Hyundai Ioniq 6 har 800 volt-arkitektur, og på 400 volt-ladarar ladaren den med maksimalt 100 kw. Greitt å få pause i 30 minutt i stadenfor 20 minutt på ein ladar som kan levere 300+ kw.

Etter mat og lading var det å setja seg i bilen køyra mot Mosjøen og over Saltfjellet. Trafikken tok seg til utover dagen og naturlegvis kom vi etter eit «fantafølgje» med campingbilar opp Saltfjellet. Dei holdt sitt eige tempo og anten såg dei ikkje i speglane eller så hadde dei lagt att viljen til å sleppe småbilane forbi. Med tolmod og list fann vi nokre stadar vi kunne forsere den proppen.

Lenger sør køyrde vi inn i eit regnvern som ikkje påvirka oss allverden. Mykje kom midt i eit vegarbeidsområde og påvirka ikkje farten vesentleg. Sikta oss inn på Ionity-ladaren på Namsskogan, men der fekk vi trøbbel. Fann ikkje ut av det på staden så det vart litt att og fram før vi køyrde mot Brekkvasselv og lada på Eviny. I etterkant viste det seg at eg antakeleg i løpet av turen hadde slege på innstillinga autocharge som gjorde at det balla seg med ladarane til Ionity.

La inn eit litt ekstra støt sørover og rulla inn i Malvik med omlag 900 km på teljaren. Vi kjende at det var vel langt, men såg fram til ein forholdsvis kort køyrdag neste dag. Middag på hotellet og ei god natts svevn venta.

16. juni 2024: Melbu til Narvik om Harstad

No var det tid for oppbrot frå Vesterålen. Mange lange dagar på reis merkast på alle. Overvelda av natur og inntrykk for å sei det forsiktig. For meg ein sentral bit av Noreg er opplevd som har gitt meg eit heilt anna perspektiv enn reisa mi i 2023. Eg følgde E6 opp gjennom Noreg til eg kom meg til Nordkapp og vidare til russargrensa.

Dagen i dag var ei forflytting med tanke på kva vi skulle gjere dei neste dagane. For min del stod det om heimreise eller ta ein tur vidare nordover. Men eg kjende også at det ikkje var noko som var absolutt. Eg hadde tross alt opplevd det året før. Vi ville innom Harstad og sette retning mot Flesnes ferjekai i Kvæfjord. Og sidan vi var i Kvæfjord var det obligatorisk å ta eit stykke Kvæfjord-kake (Verdens Beste) på overfarten.

Dagen starta litt trykkande med lågt skydekke, men enda opp i fantastisk solskin. Sidan det var søndag var det rimeleg roleg i Harstad når vi kom fram. Fekk vaska bilen og tok ein tur rundt i sentrum før vi snudde i retning Narvik. Merka at trafikken tiltok når vi nærma oss Evenes og vegen frå Lofoten kom til. I Bjerkvik tok vi lunsj og ein prat om kva vi gjer. Etter ein diskusjon kom vi fram til at i morgon startar vi returen ned E6 og heimover. Vi var alle mette av inntrykk og opplevingar desse dagane og å bruke resten av ferien til å fordøye det virka heilt innafor.

I Narvik tok vi ein tur rundt i sentrum, fekk lada bilen, sjekka inn på same hotellet som i fjor. Med resten av dagen framfor oss valde vi å ta taubana til toppen. I utgangspunktet kjøpte vi tur/retur-billett, men når vi kom opp valde vi at vi å gå nedover til hotellet. Veret var utruleg som igjen gjorde at vi fekk ei fantastisk utsikt frå nord til sør. Vi såg Narvik i eit fugleperspektiv. Slalom/utforbakken går like ved og det må vere fantastisk å køyre nedover ein kald vinterdag med blå himmel og sol. Nesten som eg burde kome tilbake berre for å gjere det.