Film i 3D

mv5botazodezndazml5bml5banbnxkftztgwmdu1mtgznze-_v1__sx1537_sy1063_Har sidan barndomen vore fan av Star Wars og måtte naturlegvis ta meg ein tur før jul 2015 på Star Wars – The Force Awakens. Eg går sjeldan på kino no og dette var den aller første gongen eg såg film i 3D. Eg fekk stadfesta mine mistankar om at 3D er meir gimmikk enn noko som tilfører filmopplevinga noko vesentleg.

Objekt oppleves å  vere framfor eller bak kvarandre. Problemet ser ein lettast når det vert panorert anten forbi eller skrått langs/forbi objekta. Dei ulike objekta får ei kunstig framtoning. Det er som om det er flate figurara i bilete, nett som pappfigurar, sjølv om dei rører på seg. Ein får ikkje djupn på det einskilde objektet. For meg blei det unaturleg i forhold til korleis ein opplever verda rundt seg. Det blir som då eg såg på bilete i stereoskop på 70-talet. Eg har lest om folk som dukkar og bøyger seg vekk under filmar i 3D, men eg opplevde aldri trongen for å gjere det.

Eg kjem ikkje til å prioritere filmversjonar i 3D når eg skal på kino neste gong.

Netflix vs Viaplay

I løpet av vinter og vår har eg testa Netflix og no i juni/juli har eg testa ViaPlay. Når det gjeld katalogane går det nok i ViaPlay sin favør. Utvalet virkar litt nyare og friskare. Uansett er det ein klar fordel med desse straumetenester: Du kan sjå programmet når det passar deg og ikkje etter eit fastlagt sendeskjema. Den største bonusen for meg er at eg slepp reklamepausane.

Når det gjeld det tekniske på PC har begge kanalane same ulempene, sidan dei nyttar Microsoft Silverlight. Har du ein AMD APU-prosessor i E elle C-klassen vil du ikkje funne sjå filmar i HD på grunn av manglande maskinvareakselerasjon. I tillegg er Linux operativsystem ikkje støtta.

Netflix har ein fordel ved at applikasjon følgjer BluRay-spelarar med nettverkskort frå Sony. Med mi sparsomme line på 3 Mb har eg ikkje problem med å sjå filmar frå Netflix i medium HD-kvalitet via BlyRay-spelaren. Det ser verkeleg bra ut.

viaplay-logoDiverre er det ikkje nokon applikasjon på BluRay-spelaren for ViaPlay. Sidan eg ikkje har Sony Playstation 3 har eg ikkje fått testa om ViaPlay er like bra. Med avspeling på PC kjem eg ikkje i nærleiken av Netflix sin kvalitet. Det virkar som om løysinga Silverlight ikkje greier å utnytte lina mi godt nok. Filmar i standardkvalitet legg seg på 2 Mb. Prøver eg å setje det til 3 Mb blir det små stopp her og der. Det er mogleg at Silverlight ikkje har nok mellomlager til å sikre bra flyt på ei marginal line.

Netflix og ViaPlay er tilgengeleg via applikasjonar til Xbox360, men det fordrar gullabonnement på Xbox Live som kostar deg ca 42 pr mnd i tillegg til abonnementet på straumetenestene. For Sony Playstation 3 krev applikasjonane ikkje noko abonnement hjå Sony, nok ei stjerne i margen for Sony.

Høgkulturelt blodbad

Eg har sidan den første Batman-filmen syntes at Tim Burton sine filmar har vore interessante. Dei formidlar ei spesiell stemning som er litt meir dyster og jordnær, om ein kan kalla det det.  Historia som han prøver å fortelje blir litt meir interessante enn ein standard Hollywood-produksjon, pakka inn i bomull og politisk korrekt uttrykk. Kombinasjonen Tim Burton og Johnny Depp i t.d. Edvard Saksehånd er uslåeleg. Det var lite tvil om at eg skulle sjå deira siste samarbeid: Sweeny Todd. No har eg ikkje så mykje kjennskap til musikalar, men eg hadde historia i svært grove trekk. Det byrjar bra med at Benjamin Barker aka Sweeny Todd returnerer til London etter 15 år i fangenskap. Uskuldig dømt av dommar Turpin som var interessert i kona hans. Han er oppsett på å få si hemn over dommer Turpin.

Sweeny Todd opnar barbersalong i sine gamle lokalar. Han skjer halsen av ein som gjenkjenner han og vil drive utpressing av han. Ho Sweeney leiger lokala av driv eit heller miserabelt kjøttpaibakeri. Omsetninga er stilleståande. Det endrar seg når ho finn på at ho kan bruke kjøttet til drapsoffera til Sweeny Todd. Forretninga blomstrar. Sweeny Todd riggar stolen sin og ordnar til ein fallem slik at han kan velte dei han har kutta strupen på ned ei gamal pipe slik at dei hamnar i kjellaren for partering og maling til kjøttdeig. På dette punktet startar blodbadet. Uskuldig etter uskuldig får kutta strupen. Det har ingen ting med hemna å gjere. Personane har ingen nærståande som vil etterlyse dei. Musikalmusikk og song samtidig som blodet sprutar frå offer etter offer i stolen til Sweeny Todd gjer det heile grotesk og makabert. Det er som natt og dag eller eld og vatn og passar ikkje i det heile. Historia endar med at Sweeny Todd får si hemn og tek livet av alle kjente personar som har kome han nær. Dommar Turpin, assistenten, den tidlegare kona hans som er tiggarkjerring, husverten sin som han kastar i omnen før han sjølv får strupen kutta av fattigbarnet, som husverten har teke inn.

Fiffen vil hevde at stykket gjer seg betre på teaterscena, men eg må sei at då har dei fått servert ei forestilling som til dei grader er pakka inn i bomull. Eg kan ikkje skjøne kva som er så stort med eit slikt stykke. Kombinasjonen historia saman med mjuk musikal-musikk er grelt, ja nærast motbydeleg. Sweeny Todd får John Rambo til å bli ein søndagstur i skogen. Eg vil ikkje høyre eit pip om voldsfilmar frå fiffen. Sweeny Todd er den blodigaste filmen og grellaste musikalen sidan eg såg From Dusk til Dawn og ein splatter-(blodsprut)film, som eg ikkje hugsar namnet på, tilbake på tidleg 1990-tal.

Eg er sikker på at ein eller anna plass sit han/dei som står bak musikalen og peikar nase til fiffen.

Indiana Jones og Krystall-hodeskallenes rike er ein dårleg reklamefilm

Indiana Jones-filmene var ein del av mi ungdomstid og eg har samlingen av dei 3 første på DVD. For meg er desse 3 dei einaste Indiana Jones-filmane. Den fjerde er skikkeleg dårleg handverk. Filmen framstår som ein reklamefilm for George Lucas sitt spesialeffektselskap Industrial Light and Magic Ltd. Historien er for heseblesande og totalt utan sjarm. Hendingar som Indy må gjennom er så lite truverdige at det berre ville gått i ein teiknefilm og det er logiske bristar i forteljinga.

Mi første bange aning til at dette kunne blir ein skikkeleg dårleg film kom allereie i starten. Filmen byrjar med ein hot rod som tek att ei militærkolonne. Dei utfordrar ledarbilen til å kappkøyre. For meg ser det ut til at det skjer ei kappkøyring. Når ho vert avslutta ved at bilen svingar inn til avkøyringa til Area 51, så held lastebilane følgje med leiarbilen i kolonna som har kappkøyrt.

Filmen er sett på slutten av 50-talet. Litt fram i filmen når Indy saman med ei russisk kjempe dett ned til ei rakkettdriven testkøyretøy på skinner. Nedteljinga blir sett i gong og eg reagerte på at ho vart vist på ei tavle med lysdiodar eller led. Etter det eg har funne ut vart led først oppfunne av 4 uavhengige forskargrupper i 1962.

Det neste er atombombetesten. Indy gøymer seg i eit blyskjerma kjøleskåp. Eksplosjonen og trykkbølgja smeltar alt og bles husa til pinneved. Kjøleskåpet blir kasta langt av stad, men er ikkje merkbart påvirka av varmen som elles svir av det meste. Bly har lågt smeltepunkt og isolasjonen i kjøleskåp er vel KFK-basert skum på dette tidspunktet. Ingen ting skulle tilsei at kjøleskåpet kan tåle noko slik. Det går kast i kast og skåpet er like intakt. Ikkje er det rammeskeivt og det opnar seg ikkje før Indy kastar opp døra innafrå. Han er like heil og ikkje fortumla etter rundkasta. På dette tidspunktet byrja filmen å irritere i stadenfor å underhalde.

Eg vel å spole fram mot slutten. Indy med fleire er tekne til fange av russarane og vert transportert gjennom jungelen i Amazonas med ei ryddemaskin som kappar og kvernar tre først for så å frese og valse vegen som bilane køyrer. Farten er høg og lite truverdig, men kan takast med ei solid klype salt. Det blir slåsskamp. Indy med hjelp av dei andre får kontroll over den eine lastebilen. Han hentar fram ein bazooka og skyt sund ryddemaskina. Etter dette blir det forrykande slåss og fektescener i ein jungel der ein held fram å køyre på vegar. Korleis kan det vere veg i jungelen når rydde- og vegleggingsmaskina er borte? Og ikkje nok med det. Korleis er det plutseleg plass til fleire køyretøy i breidda?

Mot slutten må dei ned tre fossefall i ein amfibiebil. Det er høge fall og dei krabbar opp att i bilen kvar gong ikkje nemneverdig påverka av forholda. Det er så lite truverdig at det ikkje er underhaldande men direkte irriterande. Eg vil ha pengane igjen.

Mitt terningskast til filmen er 1 som spelefilm. Som reklamefilm for Industrial Light and Magic Ltd kan eg nødig strekke meg til 2. Vi har sett effektane før og dei er ikkje godt utførte i denne filmen. Det verste er at det blir berre eit laaanngt gjesp. Til alle som tenkjer seg å gå på filmen:

  • Spar pengane, fornekt at filmen er ein Indiana Jones-historie. Kjøp DVD-samlinga med dei 3 filmane frå 80-talet og kos Dykk med dei.

Til Steven Spielberg og George Lucas:

  • Var denne filmen nødvendig?

Det var ikkje så mykje eg fekk med meg. MovieMistakes har funne langt fleire feil i filmen.