Kjøtpuddingen gjekk ut på dato

Marvin Lee Aday sjekka ut 20. januar 2022, 74 år gamal. Namnet seier ikkje mange noko, men artistnamnet – Meat Loaf – seier alt. For min del var Meat Loaf ute i tåka fram til 1993. Eg var for ung til å fange opp Bat Out of Hell i 1977, men eg registrerte han på midten av 80-talet, med albumet Blind Before I stop i 1986. Eg vel å ikkje sei kva eg meiner om den fadesen.

Det som fekk meg til å fatte interesse for Meat Loaf og følge han var det gigantiske comebacket med albumet Bat out of Hell II: Back into Hell. Kun Elvis Presley sitt comeback i 1968 (etter meir og meir håplause filmar) kan måla seg med dette. I ein alder av knappe 25 år høyrde eg I’d Do Anything for Love (But I Won’t Do That) på radioen og var eg fanga.

Etter 1993 har eg kjøpt alle (studio-)CDar med Meat Loaf. Høgast held eg dei som involverer Jim Steinman. Om eg skulle dra fram ein anna låt, må det vere Paradise by the dashboard light frå 1977-albumet Bat out of Hell. Ho symboliserer på same måte historiar og formidlinga som Jim Steinman og Meat Loaf stod for:

Blendane talent

Eg har ein svært variert musikksmak. Han varierer alt frå Elvis Presley til Slayer og tilbake til Paganini, Beethoven og Strauss. Det er ein plass eg dreg ei absolutt line og det er med musikk med «growling«. Sjølve musikken kan vere etter min smak, men med ein gong det som vert kalla vokalist opnar kjeften er det ein «show stopper». Ikkje f**n om eg høyrer på nokon som treng ein halv palle med Fisherman’s Friend for å kunne synge.

La meg ta dykk tilbake til 80-talet. På denne tida hadde eg teke meg vidare frå Elvis Presley. Eg lytta til Iron Maiden og Motörhead. Førstnemnde er meir rafinert musikalsk. Når det gjeld nye musikkinntrykk, minnes eg ein gong på midten av 80-talet der ein nabo som spelte Yngwie Malmsteen’s Rising Force på sine ghettoblaster. Eg høyrde Far beyond the sun når eg passerte. Det var eit blendande talent på gitar og her var det berre å gå til innkjøp av plata.

Den første plata var mest instrumental, men skal du slå gjennom må du ha vokalist. Resterande av platene ut 80-talet auka innslaget av vokal og minimerte gitarvirtuosen. Kompromiss er ikkje alltid bra og eg droppa karen.

Sidan midten av 80-talet har mykje skjedd, men skal eg plukke fram ein ting som har vore like revolusjonerande som Yngwie Malmsteen må eg plukke fram Tina S. Ho er på alder med tvillingane mine, men har spela gitar lenge. Dei siste åra har ho teke ein pause frå gitarspelinga for å studere.

Lytt til Ludwig van Beethoven – Moonlight Sonata (3rd Movement). Eg legg ved Youtube-videoen, som skal vere i eitt tak utan klipping og skøyting av andre opptak. De treng ikkje like klassisk, men i det minste nyt talentet:

Nei, Sennheiser!

Sennheiser har vore min følgesvein sidan eg byrja og gå lengre fjellturar for 16 år sidan. Eg tok med meg MP3-spelaren med favorittmusikken og lytta i timesvis på mine Sennheiser PX 100 gjennom skog, mark og over fjell. Koss har sine Porta Pro, men eg tek Sennheiser PX 100 (første versjon) over dei når som helst. Sennheiser PX 100-II var eit forsøk på levere noko med meir basstrykk for å tilfredstille massane. Eg likte aldri Sennheiser PX 100-II.

Årsaka til mitt val har vore enkelt. Eg har lytta på mange forskjellige typar hovudtelefonar. Ingen, absolutt ingen, kan vise til den same nøytrale, opne lyden som Sennheiser leverer til rimeleg pris. Sony har f.eks. SBH60, men lyden er litt for basstung. Nei, Sennheiser HD 4.50 BTNC er mykje meir nøytrale og betre.

Eg prøvde Bose sin støydempande variant for 6-7 år sidan, men heller ikkje den hadde nokon god lyd. Eg enda opp med å gå for Sennheiser PX 250-II. Sidan dei sit på øyra er ikkje støydempinga like god i høve Bose, som sit over/rundt øyra. I tillegg er batteri- og elektronikkpakken sett på leidninga som du bør klipse til kleda. Men på lydsida leverer Sennheiser PX 250-II langt betre lyd. Han veg fleire gonger opp ulempene.

I forbrukarmarkedet har Sennheiser sakka akterut. Sennheiser ser no på å selje forbrukardelen. Vi får håpe at det er nokon som vil ta vidare den gode lyden.

5 år sidan ein bauta sjekka ut

Lemmy, Kiss of Death-turne 2006

I dag er det 5 år sidan ein bauta i rockeverda la instrumentet på hylla for godt. Ian Fraser Kilmister fødd 24.12.1945 takka for seg 28.12.2015, like etter han runda 70. To dagar før hadde han blitt diagnostisert for prostatakreft med kort tid igjen å leve.

Namnet Ian Frasier seier dykk nok ikkje mykje. Han gjekk under kallenamnet Lemmy og var grunnsteinen i Motörhead.

Meldinga om at enden var nær var nok ikkje uventa. Han tok meldinga med stoisk ro og sa I had a good run. Over dei siste åra hadde han blitt redusert til eit skjelett med hud (24.11.2015). Til trass for skral helse gjennomførte han haustdelen av turneen og avslutta som planlagt i Berlin 11.12.2015. Han kom i mål ved at dei senka tempoet 15% saman med at han fekk litt rom til å kvile i løpet av settet. Sjukemelding ville vere å skuffe fansen.

Sidan tidleg på 1980-tal har eg følgt Motörhead. Det har vore periodar eg har lete dei sigle sin eigen sjø, men eg har alltid halde eit auga med dei. I løpet av tida har eg skjønt kva som førte oss saman. Sjølv om Lemmy var over 20 år eldre, hadde vi dei same musikalske røtene, rocken sin start på 50-talet.

Om vi spolar tilbake til 1975, same året som Motörhead vart grunnlagt, dukka mi interesse for musikk opp via Long Tall Sally med New Jordal Swingers og Per «Elvis» Granberg. Den leda meg vidare til Elvis Presley og artistane Little Richard, Buddy Holly, Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Eddie Cochran, Chuck Berry m.m som var med å starte rockerevolusjonen. Sjølv i dag er musikken frå 50-talet tiltalande. Det er noko rått, svingande og ukontrollert ved ein del av han eg likar.

Rundt ti-årskiftet 70/80 fekk eg opp augene for nyare musikk. Engelske Status Quo, med sin velkjente boogierock, er vanskeleg å ikkje like. Når dei set i gang med klassikarane, svingar det såpass at du må vere daud om ikkje det rykker i godfoten. Dei har gjort fleire versjonar av gamle 50-talslåtar, som Carol og Bye Bye Johnny av Chuck Berry. 50-talsrøtene er sterke i boggierocken.

Med 80-talet godt i gong, fekk eg øyrene opp for Motörhead. I november 1980 gav dei ut sitt fjerde album Ace of Spades. Etter litt fekk eg høyre tittelsporet, om kortspeling på lange turnear, og vart fanga av noko rått, svingande og ukontrollert igjen.

Lemmy levde hardt, eit ekte rock and roll-liv. Helsekost var framandord. Flytande føde var Jack Daniels blanda med Coca Cola (Jack & Coke). Anna kjemi var heller ikkje å forakte, men han var hardnakka på at heroin ville han ikkje ha noko med å gjere. Motörhead er slang, som Speed freak, for ein som går på amfetamin. Han forventa ikkje å leve så lenge som han gjorde. Rundt tusenårsskiftet skifta han ut lina and don’t forget the joker! i tittelsporet Ace of Spades:

You know I’m born to lose, and gambling’s for fools
But that’s the way I like it baby
I don’t wanna live for ever,
but apperently I am

Lemmy

Tida på turne og ledige stunder brukte han godt. Han var ivrig lesar og fordjupa seg i historie, spesielt første og andre verdskrig. I tillegg var han ein ivrig samlar frå denne perioden. Har du anledning, bør du lese biografien White Line Fever. Vil du ikkje lese, kan du setje av i underkant av 2 timar og få med deg filmen Lemmy.

Tilbake til våre felles musikkrøter. Dei første indisia finn du på plata Ace of Spades. Låta Dance er som henta utifrå 50-talet. Live to Win er også noko som kunne vore 25 år eldre. Set av nokre minutt og lytt til dette partiet frå filmen Lemmy og restane av tvil forsvinn. Søker du på Lemmy på Spotify, finn du meir enn Motörhead. HeadCat, eit samarbeid mellom Lemmy og bandet Stray Cats, gir eit tydeleg bilete av Lemmy sine musikkrøter. Her er ein konsert på Youtube med HeadCat som spelar låtar av Buddy Holly, Elvis Presley, Johnny Cash, Eddie Cochran, Chuck Berry osv.

I kveld må det bli ein Jack & Coke eller tre når eg høyrer gjennom 30 års-jubileet til Motörhead. Lemmy opnar som vanleg konserten med We are Motörhead, and we play rock and roll:

PS! Er plenen min brunsvidd og daud i 2021, betyr det at eg skrudde opp volumet litt for høgt.

Papir-watt

JBL PartyBox 1000JBL PartyBox 1000 er eit godt eksempel på papir-watt. Her vert det lova 1100 watt makseffekt med lyd. Djevelen gøymer seg i detaljane, men dei er ikkje publisert hjå seljar og gøymt godt hos produsent.

Ta ein tur til JBL sine sider om produktet. Du finn ikkje det på nettsidene eller i spec sheet. Gå til Specs & Support, nederst på sida, og opne Manuals & Downloads. Opne Quick Start Guide (Multilingual) og bla nedover til du finn «strømforbruk» (side 46). Straumforbruket er oppgitt inntil 150 watt.
JBL Partybox manual
Effekt kan ikkje oppstå frå lause lufta. Høgtalaren kan ikkje levere vedvarande lydeffekt på 1100 watt. Om ein trekkjer vekk straumforbruk til elektronikk og lys, vil eg tru at vedvarande effekt maksimalt kan ligge på mellom 100 til 120 watt. Det blir likevel godt trykk av slikt.

Utrekninga av 1100 watt har eg ikkje funne, men det kan vere snakk om kondensatorar som lagrar straum og som kan sleppe den laus innafor ein brøkdel av eit sekund. Av erfaring er det mykje taltriks, ofte basert på målepunkt – f. eks. 1000 hz sinus-bølje eller lyden på det gamle prøvebilete på TV – med mykje forvrenging (10%+) over hundredels sekund, for å få fram eit stort tal som tek seg ut bra på papir (eller på nettet).

Skal du sjå etter effekt frå ein forsterkar, sjå etter kor mykje han kan levere over heile frekvensområdet (20 – 20.000 hz) med så godt som ingen forvrenging (0,0x THD) Sjekk f. eks. tekniske spesifikasjonar på NAD C368 som leverer 2 x 80 watt med lav eller normal motstand over heile frekvensområdet utan forvrening. Dynamisk effekt, takka vere gode kondensatorar, kan sparkast ut over tiendeler med inntil 2 x 250 watt med veldig låg mostand utan forvrenging.

PS! Eg hadde lenge klassikaren NAD 3020B frå 80-talet. Eg veit korleis denne var dimensjonert i forhold til f. eks. ein Philips-forsterkar med det som kunne sjå ut som same spesifikasjonar. Der Philipsen sleit med å levere trøkk, slo NADen deg overende. Eg kan love dykk at papir-watt og levert watt ofte er vidt forskjellig.

Toll frå første krone, er det miljøvenleg?

Eg lyttar mykje til musikk når eg går på tur. Eg har prøvd fleire hovudtelefonmerker, men kjem alltid tilbake til Sennheiser. Den nøytrale lydkvaliteten liker eg godt. Koss Porta Pro er i nærleiken, men i mine øyre ikkje like bra.

Mine Sennheiser PX-100 (favoritten) og PX-100-II er velbrukte. Lyden er framleis god, men øyreputene i skumgummi morknar opp etter mange års bruk. Det er på tide å få skifta dei. Eg gjorde nokre søk på internett, men greidde ikkje å finne desse putene til sals i nokon norsk nettbutikk. På eBay fann eg nye puter til begge hovudtelefonane. Kvart sett kosta rundt kr 15. Samla kom kjøpet på kr 60 med porto. Sidan kjøpet er godt innafor toll og meirverdiavgiftsfrie grensa på kr 350, vil det ikkje koste meg noko meir.

Om vi skrur tida fram vel eitt år, blir det mva og toll frå første krone. No meinar eg toll ikkje blir problem på desse produkta, men staten vil krevje inn 25% mva av kr 60 som utgjer kr 15. Dette virkar vel ikkje avskrekkande?

Jokeren i reknestykket er gebyret som transportør må ta for å behandle toll og meirverdiavgift. I dag tek Posten minimum kr 185. Rekninga for øyreputene vil då brått bli over 4 gonger så stor: Kr 185 + kr 75 = kr 260. Eg trur mange vil tenke seg om før ein gjer kjøpet. Konsekvensen vil nok bli at gamal, men velfungerande, elektronikk blir kasta og erstatta av ny elektronikk. Kor miljøvenleg er det?

Slayer

Slayer som ein av dei 4 store thrash metal banda (Anthrax, Megadeth, Metallica og Slayer) på 80-talet fekk eg med meg på slutten av 80-talet i ei kort tid. Det gjekk mest i Iron Maiden og Motörhead for min del. Eg noterte meg oppstyret rundt Slayer, som la opp til eit langt røffare image.

Om eg ikkje hugsar feil fann eg «South of Heaven» på ei LP-sal seint på 80-talet. Intet duger uprøvd og eg blei positivt overraska over musikken. Variert, tett, presis og til tidar gode og relevante tema i tekstane. Krig blir måla med breie, mørke sjateringar som noko lite hyggeleg. Religion blir det stilt store spørsmålsteikn ved. Det som stikk ut mest er «Silent Scream» som tek for seg, avhengig av ståstad, eit betent tema som abort. Eit veldig uvanleg tema for eit band, men dette er Slayer og intet tabu er heilag. Sjølv om plata er god, gjekk musikksmaken min i andre retningar. Det blei ikkje meir. Eg la merke til videoen «Season in the Abyss» i 1990, men den gav ikkje meirsmak.

Neste gjensyn vart Big 4-konserten i 2011. Det måtte eg få med meg, alle dei store frå 80-talet. Når settet til Slayer startar med Disciple:

...
I never said I wanted to be God's disciple
I'll never be the one to blindly follow
...

og held fram med War Ensemble:

...
Sport the war, war support
The sport is war, total war
When the end is a slaughter
The final swing is not a drill
It's how many people I can kill
...

blei eg sitjande. Kort og godt, her blir det ikkje lagt fingrane mellom. Ingen pynting, berre rått og brutalt skildra. Settet var tett og overraskande presist. Dave Lombardo (trommer) virka uanstrengt av kraftutfaldinga og gav inntrykket av dette var leikande lett.

I etterkant byrja eg å lytte på platene dei har gitt ut enda opp med 1986-1990 og 2001 – 2009 og no til slutt 2015. Angel of Death (om Joseph Mengele), Disciple, Americon, Hate Worldwide, Public Display of Dismemberment, Mandatory Suicide, Behind the Crooked Cross. Jepp, både musikken og teksten krev noko meir av lyttaren enn topp 10-lista på radio. Om ein går til første singelen frå plata Repentless frå 2015, «Implode», kan ein nesten påstå at dei var framsynte:

...
Ignorance of all has taken its toll
Seems that blame is your personal hell
Dish it out to anyone but never yourself

Implode, no resurrection of divine
Implode, extermination of the swine

Sick of this shit called policy
Life support for a dead economy
Brain dead leaders of the world conspire
Acting with malice only fuels the fire
...

 

Problemet med strøymetenester

For halvanna år sidan var eg innom det å strøyme kontra å kjøpe musikk. I løpet av tida som har gått har eg abonnert på beat.no, og no Spotify. Eg skifta fordi vi er fleire enn 3 i familien, som var grensa til beat.no når eg skifta. Spotify gir meg dobbelt så mange.

Når eg vil høyre på ein artist, vil eg gjerne høyre frå artisten sin komplette katalog. Artistar utviklar og prøver i ulike retningar og det er interessant å høyre variasjonar. Når ikkje samlinga på strøymetenesta er komplett, misser eg totalbilete av artisten. Spesielt leit er det om epoken eg meiner artisten gav ut den beste musikken ikkje er der.

problemet-med-stroymetenester

I bilete over ser de eit eksempel for gruppa Dio som var leia av Ronnie James Dio. Til venstre ser du albuma tilgjengeleg hjå Spotify, til høgre tilgjengelege hjå beat.no. Det er ein del live og samleplater der, men la oss konsentrere oss om studioalbum. Dei fire siste studioalbuma til gruppa Dio er ikkje der:

  1. Angry Machines (1996)
  2. Magica (2000)
  3. Killing the Dragon (2002)
  4. Master of the Moon (2004)

I tillegg vil du ikkje finna studioalbumet Heaven & Hell med tittelen The Devil You Know (2009). For oss som abonnerer på beat.no, Spotify eller Wimp/Tidal må desse fem albuma kjøpast for at vi skal få høyrt dei. Det er synd vi går glipp av mykje god musikk. Dio er ikkje den einaste artisten/gruppa vi berre får servert utdrag frå på støymetenestene.

Eg avsluttar med den beste låta frå albumet:

The consequence of the conscience
Is that you’ll be left somewhere
Swinging in the air

Ikkje alt like bra i nettbutikkane for musikk

Google MusicNår Google Music vart opna for opplasting av musikk, la eg inn musikken min. Alt eg hadde vart lasta opp opp og konvertert. Eg var klar over at kvar opplasting ville bli erstatta med Google sin butikkversjon av fila i 320 kbit MP3. Det var greitt for meg, men då hadde eg tilgang til musikken min frå ein stad.

Det er mogleg eg kan definerast som ein musikkkjennar. Våren 2015 hadde Tidal/Wimp ein test om ein kunne høyre skilnaden på ukomprimert (CD-kvalitet) og ordinær straumekvalitet. Berre med hovudtelefonutgongen på ein Lenovo  Thinkpad X230 med Sennheiser PX250 hovudetelefonar greidde eg å få fullt hus, sjølv om eg stussa på eit par sangar. I dag blir det lagt til så mykje effektar at ein må lytte godt for å finne skilnaden, men det gjekk vegen.

Ein av mine favorittartistar er Elvis Presley og RCA gav ut på midten av 1990-talet «The Essential 70s Masters». Eg har høyrt dei gjentekne gonger på CDane og overført til mine MP3-spelarar. Dei siste månadane, avspelt via Google Music, har eg reagert på at songar som «Patch It Up» har høyrt annleis ut enn det eg har vore van med. Songen har vore mistenkjeleg spinkel og eg meiner at han overstyrer i dei kraftigaste partia. Ein liten sjekk syner at Google Music manglar halvparten av spora på den første CDen av «The Essential 70s Masters». Eg trur at det kan forklare at den «Patch It Up» eg får servert frå Google Music er henta frå ei anna samling av langt dårlegare kvalitet.

Strøyme eller kjøpe

Eg har testa strøymetenester som Spotify og Beat i løpet av dei siste åra. Wimp/Tidal har eg berre sett innom av og til for å sjå kva som er tilgjengeleg. Google Music har eg ikkje prøvd, men butikken er bra så eg har starta å kjøpe ting her samtidig som eg har lagt opp heile samlinga mi der. Hovudproblemet med strøymetenestene er at katalogen ikkje er komplett eller er flyktig.

Når eg vil høyre på ein artist, vil eg gjerne høyre frå artisten sin komplette katalog. Artistar utviklar og prøver i ulike retningar og det er interessant å høyre variasjonar. Når ikkje samlinga på strøymetenesta er komplett, misser eg totalbilete av artisten. Spesielt leit er det om epoken eg meiner artisten gav ut den beste musikken ikkje er der.

Det er artistar som ikkje er tilgjengeleg på straumetenester. AC/DC er ei gruppe som glimrar med sitt fråver. Korkje Wimp/Tidal, Spotify eller Beat har dei tilgjengeleg. Sjølv om det på Tidal kan sjå ut som om dei er der, vil du ved å klikke på albuma sjå at albumet ikkje er tilgjengeleg for avspeling. Eg synes ikkje noko om at Tidal gjer det på den måten. For ein som vurderer tenesta og skummar gjennom kan ein lett oversjå lina som seier at albumet ikkje er tilgjengeleg. Heldigvis har ein gratis prøveperiode, slik at det er høve å avslutte abonnementet utan at det kostar deg ei krone.

Det som irriterar mest er at artistar eller platar kan vere tilgjengeleg i avgrensa periodar. Eit eksempel er Leaves Eyes som beat.no hadde tilgjengeleg tidlegare. På noverande tidspunkt er ingen plater eller spor tilgjengeleg. Ergo vil spelelister du har laga for å høyre på favorittmusikken din brått få hol i seg.

Eg ser at ungane mine har eit anna forhold til musikk. Dei er ikkje så opptekne av artistar og lyttar meir etter det som er in i tiden. Å bla gjennom plate eller cd-cover er framandt for dei. Der ein før hadde fokus på artisten har ein no eit meir radioforhold til musikken. Dei spelar det som kjem opp på musikklistene, mykje som radio utan den lause praten innimellom. Det hender eg høyrer på spelelister hjå Beat. Av og til dukkar det opp artistar/grupper som eg vil lytte nøyare på og då burde alle platene vore tilgjengeleg hjå strøymetenesta.

Oppsummering: Inntil vidare får eg halde fram med å kjøpe musikken min og ungane får høyre på Beat.