Tur: Hest via Kvinnedalen og Vassvarden til Hella

Hest til Hella 0

Om du er lei av å gå frå Hest, nordover til Midteggi og sørspissen av Stav, for å gå ned Troeggi til Vassvarden, kan turen ned i Kvinnedalen og opp på Vassvarden vere eit alternativ. Turen passar best på seinsommaren, seint i august, september eller i oktober. Snøen er smelta og vassføringa er mindre. Det vert enklare å ta seg tørrskodd over elva Kvinna.

Bilete til høgre viser Hest litt til høgre av midten på bilete. I midten av bilete ser ein ned i Kvinnedalen. Frå toppen og varden går du i sørleg retning og svingar vestover, ned i Kvinnedalen. Turen ned er oversiktleg og grei. Med godt ver har du heile tida oversikt over kor Vassvarden er. Du skal sikte deg inn mot ei lite stykke nordom varden. På vegen ned frå foten til toppen av Hest passerer du i nærleiken av Soleihaugen på veg ned mot Gamlestølen. Ver merksam på at det er eit sæl på vestsida av Kvinnedalen. Det er Nyanstøl. Dit skal du ikkje, med mindre du har lyst til å tape og vinne att 100 ekstra høgdemeter.

I dag er Gamlestølen berre ein plass, eit litt større og flatare område, nede i Kvinnedalen. Tittar du på bilete over vil du sjå ei naturleg «line» i terrenget som peikar inn i dalen. Føl du lina, tek ho deg ned til området ved Gamlestølen (midt i bilete), der du skal krysse elva Kvinna. Ved lite vassføring er det enkelt å finne steinar å stige på, for å kome over. Ved høgare vassføring, må du leite litt etter den beste plassen å krysse.

Etter kryssinga av elva er det berre å jobbe seg opp lia til Vassvarden. Du må hente inn vel 200 høgdemeter før du er oppe. Turen er totalt sett ein grei tur å ta ein gong. Du får i det minste litt merksemd frå sauene i området. Men om du verdset ei naturoppleving, får du mykje meir att for å ta turen frå Hest, nordover til Midteggi og sørspissen av Stav, for å gå ned Troeggi til Vassvarden.

Eg har ikkje gått turen med kamera og teke bilete. GPS-spora i bileta frå Google Earth saman med bilete eg tok frå Vassvarden mot Hest, gir eit godt innblikk i terrenget for kryssinga til Vassvarden.

Tur: Grinde til Myklebru

Skogsveg GrindsdalenGrindsdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger, på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Den beste måten å koma seg inn dalen er på Hukesida, sidan ein kan kome seg inn forholdsvis langt med bil. Skal du fram på Grindesida har du to alternativ: sykkel eller «apostlane sine hestar».

Turen startar i krysset mellom vegen opp til Engjasete og Grindsdalen. Følgjer du vegen inn Grindsdalen endar han ut i ein skogsveg etter 400-500 meter ved eit gardsbruk. Skogsvegen er omlag 4,5 km og endar ut i skogsvegen frå Hukesida. Vegen på Grindesida er prega av å vere lite brukt. Du skal ikkje langt fram før du merkar at gamle traktorspor er på veg til å gi tapt for vegatasjon. På den siste delen har jamvel lauvskogen byrja å gjere sitt inntog. Det er sett opp namneskilt på ulike stadar langs vegen.

Dalen ligg ikkje langt frå Leikanger og sidan det er moglegheit å ta seg fram både på Grindesida og Hukesida, kan det vere ein ide å ta turen på sykkel. Sidan dette er skogsvegar må ha ein god hybrid- eller terrengsykkel. Girutveksling er ein absolutt fordel, om ikkje nødvendig. Vegen på Grindesida er dårlegast så eg tilrår at ein syklar fram den. Å køyre nedover i høgt og sleipt gras synes ikkje som nokon god ide. Du må rekne med å leie sykkelen på nokre parti. Det er ikkje lett å balansere og trø i høgt gras. Framme ved Myklebru, kan du trille heim Huksdalen før du returnerer inn Sognefjordvegen til Leikanger eller Hermansverk.

Tur: Engjasete-Dalsbotnen-Hest-Stav-Trodalseggi-Vassvarden-Hella

Ein flott haustdag, søndag den 13.09.2009, gjekk eg saman med eit par andre turen  Engjasete-Dalsbotn-Hest-Midteggi-Stav-Trodalseggi-Vassvarden-Hella. Det var ein god 7,5 timars marsj med fleire pausar for eting og fotografering. Turen er omtala i boka “Opptur 267 fotturar i Sogn og Fjordane” på side 200-201.

Turen startar ved garden på Engjasete. På veg mot fremste stølen Dalsbotnen passerer du utsiktspunktet Hedlesetnipa. Etter ca 1 time gange er du på Dalsbotnen. Her er det lurt å fylle opp vassflaskene før du begir deg opp mot Hest. Du følgjer sti frå Dalsbotnen opp til Fagervatnet. Her går du på austsida av vatnet og følgjer ein sti merka med små vardar opp til ryggen som går frå Fagraeggi og strekkjer seg mot Hest. Ryggen gir god utsikt ned i Gildal. Laurdag 12.09.09 vart det observert jerveherjingar her. Når du har kome deg opp på Hest, er det berre å sjå i retning nord/nord-aust. Varden som står på sørspissen av Stav er lett å få auga på. Vegen dit er enkel og det vil ta deg vel ein time å kome dit. Du må gå litt austover, frå varden på Hest, slik at du kan gå mot varden på Stav. Først må du ned i eit lite søkk som skil Hest frå Midteggi. Her står du i slutten av Gildal og ser rett ned dalen.

Når du har kome deg opp ved foten av Midteggi, skal du mellom denne og ein topp nord for ho. Du skal ikkje gå opp på toppen av Midteggi. Når du har kryssa snøfonna, vil du kome ut på austsida av toppane og sjå ned i Grindsdalen. Du må opp litt, i nordleg retning, før du skimtar nordspissen og sørspissen av Stav. Det er berre å sikte seg inn midt mellom dei. Du vil passere vasskilje mellom Grindsdalen og Kvinnadalen og gå over snøfonnene som forar Kvinna og Grindselva. Framme mellom dei to toppane på Stav, kan du velje å ta turen ned og over på nordspissen eller svinge vestover, opp til varden på sørspissen. Begge toppane litt på over 1455 moh. Sørspissen av Stav gir ei finare og meir omfattane utsikt på 360 grader frå Jotunheimen og Hurrungane i aust, til Jostedalsbreen i nord og fjella i Balestrand til Vest og Vik og Vangsnes i sør.

Frå Stav går du ut på Trodalseggi som skråar ned mot Syringaholten, noko nord for Vassvarden. Du har Fjærlandsfjorden på nordvest og Kvinnadalen på søraust og du kan sjå tilbake på mesteparten av turen du tok frå Hest til Stav. Breidden på Trodalseggi varierer, men det er berre å ta turen til ulike ytterpunkt for å nyte utsikta om det skal vere til Fjærland eller nedover Kvinnadalen. Trodalseggi endar ved Syringaholten. Her må du eit stykke ned før du kan byrje å gå opp att mot Vassvarden. Turen opp til Vassvarden kan følast som om varden flyttar seg for kvar gong du ser han. Det er litt lengre enn du trur. Frå Vassvarden startar ei bratt nedstigning på vel 1.000 høgdemeter til du står på ferjekaien Hella. Det var ikkje fritt for at vi var knemøyre når vi kom ned. Ei kald flaske Coca Cola, eller to, har aldri smakt betre enn etter ein slik tur.

Bilete frå turen er splitta i fleire album:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa
  3. Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Hest
  5. Frå Hest til Vassvarden (Bilete av underteikna og Kay Roger Haugen)
  6. Siste del av turen frå Vassvarden og ned til Hella

Tur: Hest

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Tek du deg ein god pause på Dalsbotnen og igjen doblar turen, vil du kome deg opp på fjellet Hest som ligg på 1360 moh. Samla bør du rekne med at turen frå Engjasete til Hest tek deg mellom 3 og 4 timar opp. Nedatt går det raskare, ca 2 til 2,5 timar.

Hest ser du frå Dalsbotnen. For å kome dit må du opp, det eg vil kalle, tre platå. For å kome til det første platået, følgjer du stien opp til Fagereivatnet. Stien er tydeleg i lia bak sela, eit stykke til høgre for elva som renn frå vatnet. Det blir ei kort stigning. Oppe ved Fagereivatnet, tek du peiling på Hest og siktar deg inn på austre ryggen. Hald til høgre for vatnet. Stigninga til det neste platået er nok ein del lengre enn frå Dalsbotnen til Fagereivatnet, men vel så bratt. Når du er oppe, er det igjen å ta peiling mot austre rygg fjellet Hest. Ved å legge turen litt til høgre på den slake stigninga fram til det siste platået like under ryggen Hest, kan sjå ned Gildalen og over mot Kjeringafjellet, Kaldekletten, Voggebreen m.m. på austsida av Huksdalen.

Ved foten av austre ryggen av Hest, går du opp på gras/mose, som skil seg tydeleg fram frå steinørkenen. Cirka halveges opp ryggen, snur du nasen vestover mot varden på Hest. No skal du kunne få auge på små steinvardar, som guidar deg mot varden. Går du tidleg på året, kan du satse på å gå opp snøen og kome opp nærare varden. Oppe på Hest er det berre å nyte utsikta 360 grader. Her ser du i vest Storholten og Vassvarden. I sør ser du mot Vik og fjella der, Vangsnes, Mælen, Feios, Borlaug. Innover fjorden ser du langt inn til fjella på Frønningen, Storhugen, Bjørgahaug, Mjellhaugane, Skriki. Og austover langs ryggen på Hest ser du Fagreggi, Smørkletten, enden av Eitrebotn, Kjeringafjellet, Kaldekletten og Voggebreen.

I nord ligg andre toppar å lokkar. Ved å følgje steinørkenen nordover over/ved Midteggi, endar du opp på sørspissen på Stav på 1456 moh. Frå der startar ei lang vandring ned Trodalseggi til Vassvarden, Storholten, Daurmålhaug, Skarde, garden Rud til du står på kaien på Hella. Totalt tid på denne turen frå Engjasete må du rekne 8 til 9 timar.

Turen til Hest er delt opp i fire deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa
  3. Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Hest

Tur: Mælen

Mælen

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen.

Har du kome deg til Dalsbotnen, kan det vere like gjerne å ta seg ein halv time til og gå opp på Mælen på nesten 1000 moh. Framme på kanten kan du nyte utsikta ned på Supham og vegen ut til Hella samt over fjorden til Borlaug, Feios, Vangsnes, Vik, Balestrand og Hella. Opp frå Hella ser du Eitorn, Rud, stølane Skarde og Daurmålhaug. Nedanfor Mælen kan du skimte stølen Skopasete og retninga stien ut til Eitorn tek. I nordvestleg retning, over dalen der Kvinna renn og over Daurmålhaug, vil du sjå mot Storholten, Vassvarden og oppstiginga til Trodalseggi. I nordleg retning tronar fjellet Hest majestisk og kallar på deg. Neste gong du startar frå Engjasete er du klar for den turen.

Turen til Mælen er delt opp i fire deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa
  3. Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Mælen

Tur: Dalsbotnen

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. I korte trekk er desse to turane ei dobling i distanse.

Dersom du doblar distansen frå Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Stølen har seks bygningar og tufter etter to sel eller fjøs. Like før du kjem inn på stølsområdet renn ei elv forbi. Her kan du ta deg ein god slurk av friskt, kaldt vatn frå Fagereivatnet, over Dalsbotnen. Stølen ligg austvendt og har utsikt mot austsida av Grindsdalen; Huksdalen. Du ser mot Dalsete og Huksstølane. Av fjell ser du Smørkletten, som ligg nord for og mellom Kleppa og Eggja. Du ser mot Rjupeskar, Fagreggi, Discohola og Kjeringi og Kjeringafjell.

Dersom du er interessert i å fiske, kan du følgje ein sti gjennom stølsområdet og opp til Fagereivatnet, på ca 950 moh. Satsar du på ein skikkeleg langtur, er det berre å halde fram frå Fagereivatnet i retning nord/nordvest til fjellet Hest på ca 1350 moh. Frå Dalsbotnen må du rekne med ca 1,5 til 2 timars marsj dit. Om du berre vil nyte eit vidt utsyn over Sognefjorden, kan du følgje ryggen til Mælen i sørvestleg retning frå Dalsbotnen i ca 30 minutts tid.

Turen til Dalsbotnen er delt opp i tre deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa
  3. Hedlesetnipa til Dalsbotnen

Tur: Hedlesetnipa

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. For nybyrjarar eller familiar med små ungar, finn ein kanskje dei beste turane her; turen til stølen Orrasete. Han er kort og tek 15-20 minutt.

Når du har gått lei av å gå til Orrasete, kan du strekke turen litt lenger og gå til Hedlesetnipa. På svaberget, litt over stølsplassen, er det berre å snu ryggen til Orrasete og halda fram til øvre del av stølen, Stølshaugane. Der går du inn i skogen og følgjer ein tydeleg sti forbi stadar med namna Knoa, Vandalsreset, Øvste Vandalsreset og Budeielyftet. Det er berre eit kort stykke frå Orrasete til Stølshaugane, som har motbakke å snakke om. Elles går stien i slak stiging, over svaberg, gjennom skogen fram til Hedlesetnipa. Gradvis på turen vil du sjå at ryggen på fjellet Mælen kjem meir til syne over lauvskogen.

Hedlesetnipa skal figurere i eit gamalt sagn om to jenter som kom over ein huldrekar som spela fele. Han spelte så vent at jentene tok til å danse. Men før han var ferdig med den tredje slåtten, slutta jentene å danse og sprang derifrå. Sagnet har eg funne referert av Unndis Oppedal på Grinde.

Alternativ rute ved Vegaskiljet som går utanom Orrasete:

Turen til Hedlesetnipa er delt opp i to deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa

Tur: Orrasete

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. For nybyrjarar eller familiar med små ungar, finn ein kanskje den beste turen her; turen til stølen Orrasete. Han er kort og tek 15-20 minutt. Stien er tydeleg og godt merka. Systrond sogelag har sett opp skilt med gamle stadnamn som du kan bruke som pausepostar. Du får eit variert terreng å gå med slak skogsveg, ei kort stigning og slak sti gjennom skog. Til slutt endar du opp på eit stølsområde med god utsikt mot Feios, Borlaug og inn Sognefjorden frå øvre den delen av stølsområdet. Eg meinar kven som helst, uavhengig av form, kan gå turen. Berre ta turen i ditt tempo.

Orrasete er gamal heimastøl. Han vart brukt vår og haust av gardane på Grinde og Engjasete. Det er ikkje mykje som står att. Du finn eit sel, restar av ei høyløe og nokre steinmurar.

Når du har gått lei av å gå til Orrasete, kan du strekke turen litt lenger og gå til Hedlesetnipa. Her får du ei endå finare utsikt mot Vangsnes, Balestrand og utover Sognefjordvegen mot Hella. Når du er lei den turen, kan strekke deg til Dalsbotnen og deretter Mælen. Når du føler deg i bra nok form, kan turåret avsluttast med å gå opp på Hest. Alle desse turane vil bli teke for seg kvar for seg i bloggen.